Historie

Kunne vi alle blitt monster?

Nürnberg-prosessen stilte dei vanskelege spørsmåla om menneskeleg vondskap. Filmen Nürnberg antydar nokre svar.

Hermann Göring, Karl Dönitz og Rudolf Hess på tiltalebenken i Nürnberg.
Publisert Sist oppdatert

I år er det 80 år sidan domane fall i prosessen mot krigsforbrytarar i Nürnberg, ved The International Military Tribunal, som domstolen vart kalla. Prosessen vara frå 20. november 1945 til 1. oktober 1946 og bygde på Londo2n-charteret, etter ein avtale mellom Storbritannia, USA, Frankrike og Sovjetunionen.

22 toppnazistar med Hermann Göring i spissen sat på tiltalebenken, skulda for krigsbrotsverk, brotsverk mot freden og brotsverk mot menneskeslekta. Raphael Lemkins omgrep «folkemord» vart nemnt, men spela ei underordna rolle. Stålbaronen Gustav Krupp skulle ha vore blant dei tiltala, men vart funnen for sjuk.

Winston Churchill ville helst ha klemt nazistane opp mot muren og skote dei summarisk, men sovjetrussarane – av alle – var tilsynelatande dei mest juridiske.

Dei gjekk inn for ei skodebrødrettssak etter mønster frå Moskva-prosessane i 1936. I det ytre uklanderleg juridisk korrekt, men med eitt bestemt utfall: dødsdom. Russarane vann. Ordnung muss sein.

Domen

Tolv vart dømde til døden. Den 16. oktober 1946 vart ti hengde (Göring drap seg sjølv med cyanid dagen før). Franz von Papen var hovudansvarleg for «die Machtübergabe» til Hitler i 1933, men vart frikjend. Ein avnazifiseringsdomstol dømde han seinare til ei mild straff. I memoarane angra han ingenting og meinte at menneska fyrst kunne få fred om dei vende seg til Gud. Han døydde i 1953 og vart sakna av få.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement