Historie

Talen om jarnteppet

Den 5. mars var det 80 år sidan Winston Churchill heldt den vidgjetne Fulton-talen i Missouri, der han åtvara mot sovjetisk dominans i aust og mana til europeisk samling.

Winston Churchill heldt talen på Westminster College i Fulton 5. mars 1946.
Publisert

Orda er blitt klassiske: «From Stettin in the Baltic to Trieste in the Adriatic an iron curtain has descended across the Continent.»

Det tok ikkje meir enn 46 minutt for Winston Churchill, då privatmann og leiar av opposisjonen i Underhuset, å rissa opp situasjonen i verdspolitikken. Han tala berre månader etter Potsdam-konferansen, der den politiske arkitekturen for etterkrigstida vart slegen fast. Churchill kalla talen «Sinews of Peace», som kan omsetjast til «fredens trådar» eller «fredens kraft».

Altså: Churchill ville ikkje stå fram som ein krigshissar. Tvert om, han innsåg at nokre av Stalins mål var legitime, især tryggingsinteressene til Sovjetunionen. Og han omtala med respekt sin «kamerat frå krigstida marskalk Stalin» og «det heltemodige russiske folket». (Churchill tilbaud seg som kjent å drikka Stalin under bordet; han var vel den einaste som kunne det. Som han sa: I have gotten more out of the bottle than the bottle out of me.)

Tydeleg tale

Talen har gått inn i soga som ein av det viktigaste i det tjuande hundreåret. Som ei formulering av hovudlinene i internasjonal politikk til Berlinmuren fall i 1989. Det var av di han var så klår. Churchill ville ikkje tala mot det russiske folket, som hadde betalt ein så høg pris for sigeren over Hitler.

Det Stalin ynskte, var «fruktene etter krigen og den uendelege ekspansjonen av deira makt og doktrinar». Og ikkje minst: å sikra at Tyskland aldri meir kunne gå til åtak mot Russland, altså legitime tryggingsinteresser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement