Media

Sterk kritikk mot barnespel

Stadig fleire land og foreldre set grenser for sosiale medium. Men kor mykje betre er spelplattforma Roblox, som fire av fem ni- og tiåringar i Noreg bruker?

Roblox er ein av dei største nettportalane med spel retta mot barn.
Publisert Sist oppdatert

Roblox

Roblox er ei spelplattform som rettar seg mot barn.

Brukarane kan både skape spel og spele dei.

Plattforma rommar mange millionar spel.

Eigarselskapet Roblox Corporation er basert i California.

Denne artikkelen kan du lytte til:

Den 19. februar måtte Meta-sjef Mark Zuckerberg forklare seg i ei internasjonalt mykje omtalt rettssak i Los Angeles, etter at ei 20 år gammal kvinne, kjend under initialane K.G.M, har saksøkt Meta-selskapet Instagram. Kvinna tok i bruk det sosiale mediet som niåring og skuldar eigarselskapet for å ha gjort henne teknologiavhengig og psykisk sjuk.

Parallelt går det føre seg ei rettssak i New Mexico der delstaten skuldar teknologigiganten for å ha brote marknadsføringslova, unnlate å verne unge brukarar mot overgriparar, og utforme vanedannande tenester.

Dersom kvinna og/eller delstaten vinn fram, kan det føre til eit skred av liknande saker. Men det er ikkje berre sosiale medium som vert kritiserte og saksøkte for tida. Same dag som Zuckerberg tok plass i vitneboksen, saksøkte Los Angeles County spelselskapet Roblox Corporation.

Skuldingane liknar dei som vert retta mot Meta: «Roblox framstiller plattforma si som ein trygg og eigna stad for barn å spele. I røynda, og som Roblox veit godt, er plattforma utforma slik at barn blir lette mål for pedofile», står det i søksmålet, som Roblox set seg sterkt imot.

Meta-sjef Mark Zuckerberg på veg ut frå domstolen i Los Angeles i februar.

I januar varsla forbrukartilsynet i Nederland at dei har oppretta ei sak mot Roblox av same årsak. Tilsynet skal granske om selskapet gjer nok for å verne barn mot overgriparar på nettet.

Fire av fem norske ni- og tiåringar bruker Roblox, ifølgje Medietilsynet. I ein fersk rapport åtvarar tilsynet mot at norske barn erstattar bruken av sosiale medium med andre digitale tenester, som ikkje treng å vere tryggare.

Som Roblox.

Vekstmål

Roblox er ein spelportal som fører brukarane inn i ei fengjande, fargerik fantasiverd av leik og spel. Dei som registrerer seg, får tildelt kvar sin avatar, ein legoliknande figur, som representerer brukaren i spela dei går inn i. Spela rettar seg mot yngre barn, som illustrert ved eit av dei mest populære, «Adopt me». Oppgåva er å ta vare på kjæledyr ved å gje dei nok mat og søvn.

Nettportalen har ei skapande side. Brukarane kan sjølv utvikle spel og digitale produkt og, om dei er gode nok, tene pengar på det. Roblox-portalen består i dag av over 30 millionar spel, eller «opplevingar», som selskapet kallar dei. Sidan plattforma vart etablert i 2006, har ho vakse til å verte eit av dei største digitale spelforuma for barn i verda. I fjerde kvartal 2025 hadde plattforma 144 millionar daglege brukarar, ifølgje selskapet.

Sjølv om Roblox Corporation aldri har gått med overskot, har selskapet for tida ein marknadsverdi på dryge 40 milliardar dollar. Det er mykje, men langt mindre enn dei aller største teknologiselskapa. Det er ikkje ambisjonane det står på. Målet er at 10 prosent av alle inntekter innan nettspel skal skje innanfor Roblox-universet. Med ein marknadsdel på 3 prosent i 2024, må Roblox halde fram med å tiltrekkje seg unge brukarar.

I årsmeldinga for 2024 skriv Roblox-sjefen David Baszucki korleis han skal lukkast: ved å vere leiande innan trygg gaming.

Roblox-kritikarar meiner selskapet har gjort for lite, for seint. I Noreg har Roblox dukka opp i rapportar frå både Politiet og Medietilsynet.

Populær blant barn

I dei to rapportane «Fanget i feeden» og «Barn og medier 2026» (Medietilsynet) får vi ein del kjennskap til kven som bruker Roblox i Noreg.

I aldersgruppa 9–18 år bruker 63 prosent Roblox, som dermed er blant dei mest brukte digitale tenestene blant barn og ungdom. Størst er bruken blant dei yngste. Undersøkinga viser at færre barn bruker sosiale medium enn tidlegare, medan fleire bruker Roblox. Utviklinga vert illustrert ved å samanlikne bruken av Snapchat og Roblox: Bruken av Snapchat har gått ned frå 20 prosent i 2024 til 12 prosent i 2026 blant ni- og tiåringane. Roblox har hatt motsett utvikling i same tidsrom. I 2024 var 70 prosent av ni- og tiåringane på denne plattforma, medan heile 80 prosent i denne aldersgruppa oppgjev at dei bruker Roblox i 2026.

Kvifor går barn frå sosiale medium til spel? Ifølgje Medietilsynet kan det kome av at fleire har vorte merksame på dei skadelege funksjonane i sosiale medium, medan færre er klar over at tilsvarande funksjonar finst i andre digitale tenester – som Roblox.

– Ugreitt

Forbrukarrådet er blant aktørane som held auge med Roblox.

– Roblox har vore på radaren vår lenge, fordi Roblox har mekanismar som kan vere både ulovlege og skadelege for barn, seier fagsjef Thomas Iversen.

Roblox har viska ut skiljet mellom dataspel, sosialt medium og butikk.

Thomas Iversen, Forbrukarrådet

Han peiker på at spelportalen opererer med ei blanding av ekte og virtuell valuta (robux) og i tillegg har ein slags børs for å omsetje virtuelle ting. Børsen fungerer på den måten at eit barn kan kjøpe ein digital ting med ekte pengar, for å så å selje tingen vidare, i håp om at verdien skal auke. Det gjer han sjeldan, ifølgje Iversen.

Han seier Roblox kan opptre aggressivt og på fleire vis utøver kjøpepress mot barn. Går ein tom for valutaen i spelet, vert ein til dømes straks opplyst om at ein kan kjøpe meir.

– Vi er kritiske til Roblox’ forretningsmodell. Roblox har viska ut skiljet mellom dataspel, sosialt medium og butikk. Det er ugreitt i ei teneste som rettar seg mot barn.

I «Fanget i feeden» listar Medietilsynet opp ei rekkje funksjonar som kan trigge overdriven bruk. Mange av spela har premiar, progresjonssystem og tidsavgrensa hendingar for å halde fast på brukarane. Populariteten på spela er synleg gjennom topplister, tal på aktive spelarar og tommel opp og ned. Venelister, grupper og chatfunksjonar kan gje ei kjensle av å falle utanfor når andre er aktive. Og slik ein feed på sosiale medium aldri stoppar, har også Roblox stadig forslag til nye opplevingar, utan tydelege stoppunkt.

Utøya på Roblox

Stiftinga Barnevakten er ein anna aktør som har innvendingar mot måten Roblox opererer på. Fleire av dei handlar om bruk av lykkehjul, reklame og kjøpepress utforma for å tene mest mogleg pengar. Éi innvending handlar om dei kontroversielle spela som passerer eit mangelfullt kontrollsystem.

Kjellaug Tonheim Tønnesen, Barnevakten.

Berre dei mest populære spela vert kontrollerte av menneske, medan resten vert handsama av kunstig intelligens, ifølgje Barnevakten. Svært upassande spel har hamna i portalen. I februar måtte ein tilsett i Barnevakten kontakte Roblox for å få fjerna eit spel basert på terrorangrepet på Utøya den 22. juli 2011.

I ein e-post til Dag og Tid peiker fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen også på at Roblox heller ikkje legg til rette for god foreldrekontroll. Ein kan blokkere enkeltspel, men ikkje setje opp ei liste over spel barnet får lov til å bruke.

«Med en plattform med så ekstremt mye innhold så hadde det vært fint å kunne hatt mer kontroll på hva barna skulle få tilgang til (spesielt de yngste)», skriv ho.

Heller ikkje venelistene til barna har foreldre kontroll over.

Kjent for politiet

Mest alvorleg er likevel kritikken som ligg til grunn for søksmålet i Los Angeles og granskinga i Nederland: at plattforma er utforma slik at barn blir lette mål for pedofile. At vaksne med vonde føremål er til stades på Roblox, er kjent, også for norsk politi. I den årlege rapporten om cyberkriminalitet står det at spelplattformer som Roblox og andre er arenaer der seksualforbrytarar er til stades for å etablere kontakt med barn.

Iversen seier Roblox inneber risiko for ulovleg kontakt mellom vaksne og barn, fordi det er ei stor og langt på veg anonym kommunikasjonsplattform.

– Risikoen er større dess meir uregulert plattforma er. Roblox ser ut til å vere ganske kaotisk. Med så mange brukarar tviler vi på at selskapet klarer å kontrollere dei.

Skal verifisere alder

«Vi vil at folk skal halde fram med å kjenne seg trygge på plattforma vår», skriv Roblox-sjefen i årsmeldinga for 2024. Selskapet har, ifølgje David Baszucki, innført over 40 tryggingsmekanismar i året som gjekk, som betre foreldrekontroll og strengare grenser for kven barn under 13 år kan chatte med.

Den nyaste tryggingsmekanismen vart innført i Noreg i januar, og vart straks omstridd. Frå no av skal Roblox aldersverifisere barn. Verifiseringa går føre seg ved ein videoselfie, som skal plassere barnet i rett alderskategori, eller ved identifikasjonspapir som pass. Barnet skal berre kunne chatte med barn på same alder.

Medietilsynet har overfor VG frårådd å bruke alderskontrollen av personvernomsyn. Iversen i Forbrukarrådet meiner løysinga er problematisk også av andre grunnar.

– Det er fleire ting som kan slå feil ut. Barn kan verte plasserte i feil aldersgruppe og kan verte stengde ute frå nettvenene og dei fysiske venene dei har der. Det er sikkert også mogleg å lure kontrollen. Vaksne med vonde føremål kan presentere seg som barn. Eg har avgrensa tru på at verifiseringa vil fungere i praksis.

Ei utveg er å droppe heile verifiseringa. Då mistar barnet høvet til å bruke chatten.

Ingen kontakt

Kva kan styresmaktene gjere for å kontrollere ein spelgigant som Roblox? Medietilsynet har teke til orde for at reguleringa av digitale tenester må rette seg mot funksjonar og design som kan skade barn og unge.

Iversen seier EU-kommisjonen og europeiske forbruksorgan og tilsyn har gjort mykje bra, men at det er vanskeleg å handheve regelverk overfor aktørar utan sete i Europa.

– Har de hatt direkte kontakt med representantar for Roblox?

– Nei. Vi har forsøkt, men det har ikkje vore lett å få kontakt. Det kjenneteiknar mange av desse aktørane. Vi har hatt dialog med interesseorganisasjonar og bransjeforeiningar knytte til spelindustrien.

Roblox tilbyr barna som bruker spelportalen, kvar sin avatar. Biletet viser korleis barna kan kjøpe virtuelle klede og utstyr med Roblox-valutaen robux.

Aldersgrense

Indonesia nyleg innførte ei aldersgrense for sosiale medium, inkluderte dei Roblox på lista. Nett no er ei norsk aldersgrense på 15 år under utforming i Barne- og familiedepartementet. Kva med å innlemme spelplattforma også her? Iversen har større sans for å slå ned på dei verste praksisane i Roblox.

– Ein risikerer å kaste barnet ut med badevatnet, seier han.

Medietilsynet har foreslått at aldersgrensene bør setjast med utgangspunkt i om det finst skadelege funksjonalitetar i den digitale tenesta som utset barn for risiko, ikkje ut frå om tenesta blir kalla eit sosialt medium eller ikkje.

I eit skriftleg svar seier barne- og familieminister Lene Vågslid at regjeringa i utgangspunktet har foreslått at aldersgrensa for sosiale medium ikkje skal omfatte dataspel. «I høyringa peika mellom andre Redd Barna, Unicef og Bufdir på at unntaket burde fjernast, fordi dataspel kan ha same risikobilete som sosiale medium. Andre, som Hyperion, støtta unntaket. Vi følgjer no opp innspela vi fekk i høyringa», skriv ho.

Vågslid opplyser at regjeringa arbeider langs fleire spor for å tryggje barn på nett.

«Digital Services Act (DSA), som regjeringa arbeider for å gjennomføre i Noreg, vil stille vesentleg strengare krav til å verne mindreåriges tryggleik og sikkerheit på internettplattformer. Styresmaktene i Nederland har opna sak mot Roblox etter dette regelverket og undersøkjer no på vegner av styresmaktene i Europa om Roblox gjer nok for å verne barn på plattforma. Regjeringa har òg gitt innspel til arbeidet med Digital Fairness Act i EU og mellom anna teke til orde for at barn ikkje skal bli lurte, kontrollerte eller pressa til å bruke pengar eller tid i appar og digitale tenester.»

Rettssaker

Tida vil vise kva utfall dei pågåande rettssakene mot Meta får, kva som skjer med søksmålet mot Roblox i Los Angeles og med granskinga i Nederland.

– Kan Meta-rettssakene få konsekvensar også for Roblox?

Spørsmålet går til Iversen.

– Det spørst kor generelle avgjerdene vert. Dei fleste sosiale medium har vanedannande design, som den endelause skrollen. Det finst ingen botn i feeden. I Roblox vert du premiert, favorisert og oppfordra til å vere meir der inne. Om du ikkje er der så mykje, prøver dei å dra deg tilbake. Så ein dom som seier noko generelt om vanedannande design, vil kunne få stor innverknad, på fleire plattformer.

Roblox: – Avviser på det sterkaste

Dag og Tid har spurt kva som er Roblox Corporations syn på bekymringane frå Medietilsynet. Svaret frå presseavdelinga er tilskrive ein talsperson frå selskapet:

«Roblox deler Medietilsynets engasjement for å bidra til å halde barn trygge på nettet medan dei lærer og spelar. Vi har omfattande innebygde tryggingstiltak for dei yngste brukarane våre under 13 år, som ikkje får pushvarsel, og har standard ‘Ikkje forstyrr’-periodar for å avgrense speling. Foreldre kan òg setje daglege grenser for skjermtid for barnekontoane dei rår over, for å bidra til ein sunn digital balanse.

For dei eldre tenåringsbrukarane våre meiner vi det er viktig3 å gje dei høve til å styre sine eigne digitale vanar. Vi tilbyr verktøy som gjer det mogleg for tenåringar å avgrense kor mange varsel dei får, eller slå dei av til visse tider, samstundes som foreldre kan halde oversikt over skjermtid og spelevanar gjennom foreldrekontrollar.

Vi oppmodar foreldre til å snakke med barna om ansvarleg bruk på nettet og om å halde eit sunt forhold til teknologi, og vi held fram med å tilby foreldrekontrollar som gjev innsyn i vanar for skjermtid.»

Arbeidet for å verne barn vert aldri avslutta

Talsperson i Roblox

Når det gjeld søksmålet frå Los Angeles, reagerer selskapet sterkt på det.

«Vi avviser påstandane i søksmålet på det sterkaste og vil forsvare oss kraftig mot dei. Roblox er bygd med tryggleik som kjerne, og vi held fram med å utvikle og styrkje tryggingstiltaka våre kvar dag. Vi har avanserte vern som overvaker plattforma vår for skadeleg innhald og kommunikasjon, og brukarar kan ikkje sende eller ta imot bilete via chat. Dermed vert ei av dei mest utbreidde moglegheitene for misbruk på nettet fjerna. Tryggleik er eit kontinuerleg og gjennomgåande fokus i arbeidet vårt, og vi rullar no ut fleire tiltak for ytterlegare å avgrense kven brukarane kan chatte med. Vi reagerer raskt mot alle som bryt tryggleiksreglane våre, og samarbeider tett med politiet for å støtte etterforsking og bidra til at dei ansvarlege vert stilte til ansvar.

Arbeidet for å verne barn vert aldri avslutta, og sjølv om ingen system kan vere perfekte, tek engasjementet vårt for tryggleik aldri slutt. Foreldre kan besøkje tryggleikssenteret vårt for å lære meir om tryggleiksarbeidet vårt og om korleis dei kan halde barna sine trygge på nettet.»