Samtalen
Enno er det makt i oljefata
Krigen mot Iran minner oss på at fossil energi framleis får verda til å gå rundt, meiner Ole Gunnar Austvik.
Røykskyer frå eit oljeraffineri i Bahrain 9. mars. Raffineriet vart råka av eit iransk rakett- eller droneåtak. Så langt har ikkje produksjons- eller utskipingsanlegg for olje blitt bomba i denne krigen.
Foto: Reuters / NTB
Iran-krigen har sendt prisane på olje og gass i vêret og skakar verdsøkonomien. Ikkje berre har iransk olje falle bort frå marknaden. Iran trugar med å angripe alle tankskip som prøver å gå gjennom Hormuzsundet. Ole Gunnar Austvik er professor i politisk økonomi og petroleumsøkonomi ved Universitetet i Innlandet.
– Iran-krigen har vist oss at oljen i Midtausten framleis er viktig for verda. Det kan minne om oljekrisene etter at Opec-landa skrudde opp prisen i 1973, og etter den iranske revolusjonen i 1979?
– Denne krigen viser oss kor avhengig verda framleis er av olje og gass, og mykje av ressursane er framleis i Persiabukta. Men somme ting er annleis enn på 70-talet. Meir av oljen og gassen går til Asia, ikkje til USA eller Europa. USA er no verdas største oljeprodusent og verdas største eksportør av flytande gass. Men Asia er i dag omtrent like avhengig av oljen frå Persiabukta som USA og Europa var på 70- og 80-talet. Og verknaden på energiprisane er jo global.
– Det iranske regimet seier at dei ikkje vil tillate eksport av ein einaste liter olje gjennom Hormuzsundet før åtaka frå USA og Israel tek slutt. Det er på eit vis noko gammaldags ved denne situasjonen?
– Eg trur mange gløymde kor viktig energiforsyning var i tryggingstenkinga inntil den kalde krigen tok slutt. På 90-talet sa folk at historia var over, og trudde at verda gjekk mot evig balanse. Det var feil.
– Det var tida da liberale verdiar skulle sigre i politikken, og marknaden skulle ordne resten for oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.