Kommentar

Demonen på skuldra

Eg har slite med depresjon i 35 år. Men kan eg verte kvitt den psykiske sjukdomen min?

Edvard Munch har måla melankolien som kan kastast på eit menneske. Melankoli er ikkje lenger ein sjølvstendig diagnose i moderne psykisk helsevern, men omgrepet blir framleis nytta om ein bestemt type depresjon.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Slepp ein liten drope med raud konditorfarge ned i eit glas med vatn. Rør om. Dropen og vatnet har blanda seg, permanent. Slik tenkjer eg om psykisk sjukdom: Han er innvoven i personlegdomen din. Det er vanskeleg å få bukt med ein slik sjukdom, for ein veit ikkje kor i kroppen han sit. Eg veit at det er slik, eg har levd med depresjon i 35 år.

Nyleg kom Folkehelseinstituttet (FHI) med ein stor rapport om psykisk helse blant barn og unge i Noreg. Der kan vi lese at sjølvrapporterte psykiske plager blant unge, særleg angst og depresjon, har auka dei siste åra, spesielt blant tenåringsjenter og unge kvinner. FHI skriv at auken kjem av eit komplekst samspel av fleire faktorar, men at einsemd, skulerelatert stress, mobbing, pandemi og søvn-vanskar er sannsynlege årsaker.

Det er eit politisk mål å redusere psykiske plager. Men er det mogleg å verte fri for psykisk sjukdom etter at han har dukka opp i systemet ditt? Og kva veit vi eigentleg om psykisk sjukdom?

Psykisk vs. somatisk

Det går stendig føre seg ein heftig diskusjon på feltet psykisk helse og rus, mellom forskarar, psykiatrar, psykologar, vernepleiarar, pasientar og pårørande, om korleis psykisk sjukdom skal forståast og behandlast. Samanhengen mellom forståing og behandling handlar om at behandlinga vil variere ut frå korleis du svarar på spørsmålet «Kva er ei psykisk liding?».

Ein kan ikkje medisinere vekk årsaka til angst, psykose eller depresjon. Men du kan få medisinar, så du kan oppleve symptomlette. Dette skil psykisk sjukdom frå fysiske (somatiske) sjukdomar, der du kan lokalisere han etter kor han finst i kroppen.

Samtaleterapi og medikament kan hjelpe deg til å leve med utfordringane. Men lidinga vil kanskje alltid vere der, som ein demon på skuldra. Du kan få bistand så du ikkje høyrer ropinga døgeret rundt, men kviskringa tek aldri slutt.

Så om du er psykisk sjuk, kan det vere umogleg å vite kor personlegdomen din sluttar og sjukdomen startar.

Veit vi nok om hjernen?

Dei kompliserte trekka ved dei mest alvorlege psykiske sjukdomane – psykose, bipolar liding eller personlegdomsforstyrringar – gjer behandlinga komplisert. Og sjølv om depresjon og angst er enklare å handtere, er også desse lidingane ein del av det komplekse biletet. Ingen, korkje pasientar, behandlarar eller forskarar, veit 100 prosent kvifor ei psykisk liding oppstår. Og vi har forska nok på hjernen til at vi veit at vi ikkje har funne opphavet der. Det gjer at vi må vere varsame med behandlinga, at vi må lytte til behova til den som søkjer hjelp.

Og ikkje alle vil ha hjelp. Somme ville ikkje ha vore forutan opplevinga dei hadde då dei var psykotiske. Dei fekk kanskje ei innsikt som dei – etter å ha teke tunge medisinar som skal fjerne hallusinasjonane – kan sakne.

Eg er usikker på kven eg hadde vore om det hadde vore mogleg å fjerne depresjonen i meg. Hadde eg mista evna til å uttrykkje meg skjønnlitterært? Ville eg ha vakna kvar morgon med takksemd over framleis å vere i live?

Om eg skal vere ærleg, likar eg nokre av trekka ved det mørke og hyperrealistiske synet mitt på verda: Eg vonar ikkje på mykje, så eg vert sjeldan skuffa. Eg veit at alt ikkje går bra til slutt. Slik får eg fjerna falsk von på at eg ein dag vil få eit godt liv.

Ei anna røyst

Men idylliserer eg depresjonen ved å fortelje meg at han har gjeve meg ei viktig innsikt? Lurer eg meg sjølv, fordi eg umedvite veit at eg aldri kan verte kvitt mørksynet mitt? Som ein forsvarsstrategi har eg kanskje byrja å sjå dei gode sidene ved det, som eit slags stockholmsyndrom?

Moglegvis. Prisen for depresjonen skal eg ikkje lyge om: Det er slitsamt å vere trist heile tida. Kverninga frå ei anna røyst, som alltid fortel meg kva for eit dårleg menneske eg er, tek motet frå meg og etterlèt meg i ei vonlaus sorg. Dette er den langvarige depresjonens verste eigenskap: Du er trist, men veit ikkje kvifor.

Om du har ein kortvarig, mild depresjon, er det stort sett alltid ein rasjonell grunn. Du har lide eit tap. Nokon har døydd, du har mista jobben eller nattesøvnen, av stress. Ved ein tyngre depresjon heng det triste over deg heile døgeret. Den einaste fristunda er søvnen.

Men eg søv dårleg, ein sideeffekt av depresjonen. Dette er ein vond spiral, utan enkle løysingar. Eg har funne ei slags oppskrift: Trening dagleg, jamleg isbading, riktig kosthald, medisinar og søvn er no nøye koordinert til mitt eige beste.

Dei andre

Dette var dei trekka ved depresjonen som går på min eigen relasjon til meg sjølv. Så var det dei andre menneska. Det kan vere vanskeleg å leve med ein person med langvarig depresjon. Eg har fire born, ingen kjærast. Eg har nytta mykje tid på å forklare borna sjukdomen min, tilpassa alderen deira, sjølvsagt, for det er fullt mogleg å fortelje for mykje til borna. Dei skal ikkje vite alt, det kan gjere dei bekymra.

Eg meiner eg har forklart utfordringane mine til dei godt nok. Eg har ikkje talt så mykje om sjølve diagnosen, og venta lenge med å nytte namnet «depresjon». Eg fortalde om kvifor dei av og til merka at eg ikkje vart så glad eller trist som dei hadde venta. Eg heldt det til konsekvensane av sjukdomen, og freista å tale med dei når det passa seg, som for eksempel når dei sjølv kommenterte trekk ved meg som eg visste var knytte til depresjonen.

Skyr hygge

Når det gjeld andre menneske, og ikkje den nærmaste familien, likar eg ikkje sosiale samankomstar der gleda står i sentrum. Eg skyr hygge som pesten. Avstanden til mitt eige kjensleliv gjer at eg held på distansen til menneske og kan øydelegge forsøka deira på å skape lukkelege opplevingar. Eg trur ofte dei som er glade, lyg. Eg vert mistenksam til alt som smakar av glede, omfamnar dei som er mismodige. Avskyr seriar, filmar og romanar med lukkeleg slutt. Eg trivst langt betre med dei som sørgjer, ligg unna utepils og lovprising av våren som endeleg kjem her nord.

Ein mogleg aspergerdiagnose dei seinare åra har gjort avstanden, isolasjonen og misforståingane overfor andre menneske større. Denne diagnosen har vore verre å forstå for ungane enn depresjonen min. Det er nok av moglege misforståingar mellom tenåringar og ein forelder som ikkje har psykisk uhelse.

Det er slitsamt å vere opphengd i språk som den einaste kommunikasjonsforma mellom menneske, og å ta alle utsegner bokstavleg. Resultatet er ofte at eg trekker meg inn i meg sjølv, der eg i alle fall veit kva eg sjølv meiner og veit.

To forståingsmodellar

Sidan psykisk sjukdom ikkje kan lokaliserast, anna enn at vi veit at det kan vere eit samspel mellom hjerne, gen, miljø og opplevingar, varierer forståinga av sjukdomen. Det er grovt rekna to ulike forklaringsmodellar, eller skular, i spørsmålet om kva psykisk liding er: den biomedisinske og den biopsykososiale. Og fordi det er ulike modellar, vil behandlinga vere ulik.

Den biomedisinske modellen hevdar at det handlar om gen, om hjernen og nevrotransmitterar, forstyrringar av dopamin og mangel på serotonin. Tabloid forstått: Det er hjernen som vender seg mot deg, om du er psykisk sjuk. Løysinga er medikament, for dei kan hjelpe hjernen på rett kjøl att.

Veikskapen ved modellen er at oppvekst, traume og andre sosiale faktorar ikkje vert rekna inn i analyseskjemaet. Du kan med andre ord friskmelde oppvekstvilkår, foreldrerelasjonar og så bortetter. Den medisinske modellen er den som oftast vert klistra på psykiaterstanden, dei vert urettvist klaga på for at dei meiner medisinar er løysinga på psykiske problem.

Den andre modellen er den biopsykososiale: Psykisk sjukdom kjem av samspelet mellom biologiske, psykologiske og sosiale faktorar. Dette er den vanlegaste forklaringsmodellen i norsk psykisk helsevern. Ein kan utvikle depresjon fordi ein er genetisk sårbar, men faktum er at tankane dine òg er ein faktor, for du tenkjer stadig negativt om deg sjølv. Det at du har mista jobben, vert mobba eller kjenner på utanforskap, kan òg vere avgjerande for at du får diagnosen.

Miljøet kan ikkje friskmeldast, politisk arbeid for fellesskap og meining for alle er viktig. Løysinga: medisinar, for symptomlette, men òg anna behandling, som samtaleterapi. Arbeid med sosial stønad for dei som lir, så dei kan oppleve meiningsfulle aktivitetar, fellesskap, stå i arbeid, ha tilgang på bustad og så bortetter, er avgjerande. Utfordringa: Om medisinar er løysinga åleine, er vona om at samtaleterapi og betring av sosiale forhold kan hjelpe, feilslått.

Betre medisinar?

Om eg skal sjå mi eiga historie med den mørke demonen som herjar med stort sett alt i livet – gleder og suter, meiningsløyse og von, å stå opp om morgonen eller verte liggjande – med biomedisinske briller, er løysinga fleire og betre medisinar. Eg har eksperimentert med dei fleste cocktailar gjennom dei 35 siste åra. Alle skrivne ut frå Helse-Noreg AS. Eg meiner at medisinane gjorde at eg fungerte i viktige forhold, som far, ektemann og arbeidstakar.

Den første, kjend som «lukkepillen», ho kom på byrjinga av 1990-talet, slo breitt. Pillene tok bort mest alle sterke kjensler, positive som negative, og eg skreik på søvnen. Eg gjekk som i ein døs heile dagen. På 2000-talet vart antidepressiva stadig betre, og eg vart mindre trøytt. Eg var framleis kjenslemessig flat, men kunne kjenne på gleda no og då.

Kvifor verkar dei pillene eg går på no, betre enn dei aller fyrste eg fekk? Eg er usikker på om eg kan skjøne kvifor. Der dei fyrste gjorde meg sløv – så sløv at eg kjende at eg ikkje brydde meg om at eg var konstant trist i fyrstninga, etter kvart vart det heilt vekke, og eg vart likegyldig til det meste – er dei eg går på no, annleis: Eg er ikkje så kjenslemessig flat som det eg vart av dei antidepressiva eg fekk på 1990-talet.

Korleis verkar dei? Eg kan kanskje best forklare det som om det er ei glasklokke rundt meg, eit filter mellom meg og verda? Eg reagerer aldri spontant på noko, som overraskingar, glede eller plutseleg vonløyse eller sorg. Det er som om medisinane gjer at kjenslene kjem med ei forseinking. Under alt: konstant nedstemd, eit øyde som ein ørken.

Når eg får dårlege nyhende, av ulikt slag, veit eg at eg ville ha vore slått ut utan medisinane. Men no har eg denne klokka kring meg som tek vekk den sterke, beinveges kjensla av noko vondt som vert kasta på meg.

Medisin eller samtale?

Men var det medisinane som løyste opp mørkeret, eller noko anna? I 2000 byrja eg i psykoanalyse, etter å ha gått til psykiater i eit halvt år. Samtaleterapien vart kraftig oppjustert, og eg gjekk i analyse fire gonger i veka, 45 minutt kvar gong, i seks år. Kva var det som fungerte så godt?

Eg er usikker. Eg trur det var forma: I psykoanalysen låg eg på ein divan, eg såg ikkje terapeuten i andletet. Då gjekk språket frå å vere kommunikasjon mellom to menneske som sit andsynes kvarandre – ein ser på uttrykka i andletet til den andre og justerer seg etter det ein ser – til å verte ein umedveten straum av assosiasjonar om meg sjølv i verda.

Det var underleg å liggje der i fyrstninga, for terapeuten seier ikkje stort. Ho går eitt skritt bak, introduserer aldri tema klienten sjølv ikkje fyrst har nemnt. Men ho noterte, det var aktiv lytting på høggir, og på dei rette stadene kunne ho bryte inn og seie at det eg no talte om, kunne minne om noko eg sa for eit par månader sidan. Såleis peikte ho meg vidare inn i meir forståing av meg sjølv. Det var effektfullt, og eg fekk opna opp i kjensler som hadde vore trykte ned over mange år. Eg vart demontert, og sett saman att. Dei sedimentære laga i meg fekk luft mellom seg, eget vart oppløyst, og med denne opplåsinga kom opplysinga.

I dette rommet fekk eg hjelp til å handtere tidlege og negative røynsler av meg sjølv i verda, som son, bror og ven, og etter kvart som far og ektemann. Det umedvetne skulle opp i dagen. Draumar og undertrykte røynsler fekk stor plass, med stort hell. Sterke kjensler kunne kome kasta på meg, plutseleg gråt eller glede sprang fram. Det var stort sett alltid knytt til kjensler frå barndomen, kjensler eg hadde gravlagt fordi eg ikkje hadde lært den enkle øvinga å tale om dei. Interessa for mitt eige indre liv auka, eg forstod meg sjølv betre.

Eg fekk hjelp til å forstå kvifor eg var så sårbar, og til å gå gjennom verda med større sjølvtoleranse. Resultatet var eit meir meiningsfullt liv. Då eg slutta i denne terapien, fordi eg flytta til ein annan kant av landet, kom problema tilbake, sjølv om medisineringa var konstant.

Men var det sjølve behandlingsforma, psykoanalysen, som var nykelen, eller var det det enkle faktumet at ein vaksenperson eg leit på, vigde tida og merksemda si til meg fleire gongar i veka? Eg veit ikkje.

Ein fagleg behandlar

Eg trur at kombinasjonen av medisinar og samtaleterapi med ein flink psykiater som gav meg merksemd og fagleg hjelp, heldt meg i live. Då samtalane stogga, vart eg dårlegare. Seinare, på 2010-talet, ville eg kutte medisinane utan samspel med legen. Eg slutta brått. Det tok tre veker før serotoninreopptakhemmarane var ute av kroppen. Så vart det kollaps på rekordtid. Eg vart liggande til sengs store delar av dagen. Eg byrja på medisinane igjen, og fekk att litt av livet.

Korleis vil den beste behandlinga for depresjon sjå ut i framtida? Samtaleterapi vil aldri gå av moten. No er det ei auka interesse for psykedeliske stoff til bruk i behandling av psykiske lidingar. Stoffa vert rekna som trygge når dei vert gjevne innanfor ei klinisk ramme. Det verkeleg nye er behandling av depresjon med psilocybin (som finst i fleinsopp) eller ketamin. Dei kan ha ein dissosiativ verknad med hallusinogene effektar.

USA ligg føre resten av verda og har etter kvart sterke forskingsresultat som viser klar betring for pasientane. Desse stoffa vil revolusjonere behandlinga av menneske med alvorleg depresjon. Eg vonar eg får tilbodet ein dag, eg vil ikkje nøle med å prøve desse stoffa.

Hjelp i fleire former

Det er uvitskapleg å nytte eige liv og røynsler for å forklare kva psykisk sjukdom er. Men om eg likevel gjer det, har begge dei to modellane om kva psykisk liding er, noko rett. Eg har eiga røynsle for at både medisinar og samtaleterapi, psykoedukasjon og merksemd om samanhengen mellom kjensler og tankar (psykologien som fag) kan ha mykje for seg.

Diskusjonen om kva psykisk liding er, og dei sterke frontane mellom dei to forståingsmodellane, bør ikkje få for mykje merksemd. Hjelp kan kome i fleire former.