Oljefondet

Stoltenberg-metoden

Det går ein raud tråd frå Jens Stoltenbergs hovudoppgåve i sosialøkonomi til hastevedtaket om oljefondets etikkråd.

Finansminister Jens Stoltenberg svarte på spørsmål om oljefondet under spørjetimen i Stortinget 5. november.
Publisert

Går du inn på nettsidene til oljefondet, vert du møtt av eit tal i rørsle. Ver så god: Her ser du fellesformuen vår i sanntid. Vi snakkar 14 siffer. Verdas største fond. Som i eit pengespel eller på eit lykkehjul endrar summen seg så raskt at du ikkje kan fange han med blikket. Verdien av aksjane pengane våre er investerte i, står aldri stille.

I den augeblinken eg byrja å skrive denne artikkelen, var oljefondet verdt 20.827.888.871.031 norske kroner – om lag 20.820 milliardar. Få minutt seinare var summen redusert med over 20 milliardar, utan at nokon har løfta eit augebryn.

Grafen som viser verdiutviklinga i fondet, frå dei første kronene vart investerte i aksjar i 1998 og fram til i dag, ser ut som ei norsk fjellside. Stiginga er gradvis, med innslag av flate hyller og bratte parti. Ja, aksjeavkastinga gjekk ned med 40 prosent under finanskrisa i 2008, då verdien av fondet var på totalt 2275 milliardar. Men det hindra ikkje fondet i å passere 10.000 milliardar i 2019. I 2024 passerte det 20.000 milliardar. Fondet har hittil klart seg gjennom aksjeturbulens og kriser.

Hovudoppgåve

På Universitetsbiblioteket finst ei hovudoppgåve datert 8. mai 1985 med tittelen Makroøkonomisk planlegging under usikkerhet. Utplassert på Statistisk sentralbyrå skreiv den dåverande hovudfagsstudenten Jens Stoltenberg oppgåve om å optimalisere oljeutvinning. Alt på dette tidspunktet var den seinare nærings- og energiministeren, finansministeren, statsministeren, Nato-sjefen og noverande finansministeren oppteken av å få mest mogleg ut av norsk oljenæring.

Om norsk oljehistorie skulle skrivast som helteepos, ville Stoltenberg hatt gode argument for å få ei av dei sentrale rollene. Ei viktig scene ville vere den der han som finansminister på overtid fekk gjennom avgjerda om at oljefondet ikkje berre skulle verte investert i utanlandske obligasjonar, slik tilfellet var dei første åra, men også i utanlandske aksjar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement