Krig
Rekneskap og oppgjer i krigstid
Mens vanlege folk får utbetalt ein kjærkommen slant i vinterstøtte, kan folk i krinsen rundt presidenten ha svindla til seg store summar.
Zelenskyj-venene Timur Minditsj og Oleksandr Tsukerman snøggutvandra til Israel før ukrainske etterforskarar rakk å stille dei for retten.
Foto via collive.com
Dei siste par vekene har Ukraina vorte skaka av ein stor korrupsjonsskandale. Om det var eit jordskjelv, ville det hatt styrke 9 på Richters skala. Skandalen omfattar ukrainsk-israelske Timur Minditsj og ei rekkje medarbeidarar og forretningsmenn og -kvinner i krinsen rundt presidenten.
Dette har ført til eit markant fall i tilliten til Volodymyr Zelenskyj og ein tsunami av negative kommentarar i sosiale medium i Ukraina. Men Zelenskyj får framleis relativt stor støtte i meiningsmålingar, rundt 40 prosent, ifølgje Det internasjonale samfunnsvitskaplege instituttet i Kyiv, og det har ikkje komme korrupsjonsskuldingar mot presidenten sjølv.
Både Zelenskyjs politiske motstandarar og russiske nettroll har utnytta skandalen til fulle for å svekkje populariteten hans. Sjølv tonegivande utanlandske medium som Politico og Financial Times har skrive om skandalen.
Fleire embetsmenn har alt vorte sikta for korrupsjon. Energiminister Svitlana Hrintsjuk har trekt seg. Justisminister Herman Halusjtsjenko har levert avskilssøknaden sin.
Krisa blir meir omfattande for kvar dag som går. Etter det eg kan skjøne, må det no raske og handlekraftige personutskiftingar til om Ukraina skal oppnå den stabiliteten landet treng for å kunne handtere trykket frå krigen.
Det nasjonale antikorrupsjonsbyrået har førebels berre offentleggjort nokre av opptaka av samtalar mellom forretningsmennene og dei statstilsette som er skulda for korrupsjon. Det verkar som vi kan vente fleire detaljar og namn på nye mistenkte – men ikkje med det same, sidan vidare publisering av dei såkalla Minditsj-opptaka vart stoppa fordi dei kanskje inneheldt sensitiv militærinformasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.