Essay

Den andre mannen i meg

Å bu saman med ein forelder som er psykisk sjuk, er ikkje nødvendigvis skadeleg. Det som derimot kan vere skadeleg for eit barn, er om sjukdomen vert tagd i hel.

Halfdan Egedius: «Lørdagskveld», 1893 (utsnitt).
Publisert

Vi går sakte bort til altarringen framfor presten, ho fyrst, eg rett bak. Det er heilt stille i den store kyrkja som er fylt av familie og vener. Så spør presten om eg vil ha ho til ektefelle. Eg seier «ja», høgt. Eg har førebudd meg, vil svare så dei på bakarste rad høyrer meg.

Presten lèt klangen av stadfestinga mi døy ut i rommet, før han spør meg:

– Vil du elska og æra henne og vera trufast hos henne i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?

Eit nytt «ja», så er det hennar tur. No er pakta inngått, ingen menneske kan bryte ho.

Vonde dagar

Eg hugsar uroa over at både ho og eg hadde svara «ja» på at vi skulle vere trufaste hjå kvarandre i dei vonde dagane, dagar som eg var viss på ville kome i stor mon. Setninga kverna i hovudet mitt den januardagen i 2002.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement