Essay

Bøker, musikk og Gud

Du blir seig på ein negativ måte av å leve med depresjon. Du toler mykje du ikkje burde tole.

«Drømmeren» av Halfdan Egedius (1895).
Publisert

Klokka er halv åtte om morgonen ein oktoberdag i 1997. Eg syklar frå hybelen min, skal opp til Universitetet i Bergen. Det er mørkt, og det regnar den 13. dagen på rad.

Eg er klissvåt før eg kjem til Nygårdsbrua. Inne på lesesalen på Nygårdshøyden stikk sju–åtte hovud opp over båsane. Ein kar sit på plassen der eg pleier å sitje. Eg må kome tidlegare i morgon, må ha same plassen kvar dag. Eg finn ein ledig stol langt unna dei andre.

Sjølvmedisineringa

Eg er glad eg har slutta med pillene som berre sløva meg ned. Eg kjenner kor opphengd eg er i lesinga, for eg jaktar på ein indre fred. Og eg har funne ut at det einaste som hjelper for å få den kviskrande demonen til å halde kjeft, er bøkene.

Eg burde tale med nokon, men har i staden flykta inn i bøkene. Når eg les, vert det stille i meg. Problemet er at pensumbøkene ikkje hjelper mot kviskringa. Difor må eg dele opp dagen i bolkar. Timeplanen er streng. Kunsthistoriepensum frå 08.00 til 12.00. Så lesing av Hamsun eller Dostojevskij fram til 16.00. Pensum fram til 19.00. Så litteratur om psykisk sjukdom til 22.00.

Eg følgde timeplanen slavisk. Den vande rytmen roa meg ned, gav lindring for det eg opplevde som eit stadig meir ustyrleg indre liv. Lesinga fungerte som sjølvmedisinering. Eg var heldig som ikkje bruka hasj eller alkohol, men eg var avhalds og hadde aldri rusa meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement