Intervju
Bonuskampane i kulissane
Fotballspelarar blir rike, og sjølv i offentlege verksemder får sjefar millionar i bonus. – Vi har sjølv valt det, seier økonom Iver Bragelien ved Noregs Handelshøgskule.
Fotballforbundet gir landslagstrenar Ståle Solbakken opp mot 5 millionar kroner i bonus for deltakinga i VM. Han har 6 millionar i fast lønn. Her feirar laget etter 4–1-sigeren over Italia sist helg.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Noreg skal til fotball-VM i Amerika. Det lønner seg for både trenaren og spelarane. Jo nærmare finalen dei kjem, jo meir bonus får dei. Den samla premiepotten skal være på nær 900 millionar dollar, dobbelt så mykje som i 2022. Fotballforbundet forventar å få minst 100 millionar kroner; dei norske VM-spelarane skal få 30 prosent.
Også i næringslivet vankar det gode bonusar, trass i at regjeringa i 2022 utforma nye retningslinjer for å få særleg statseigde selskap til å moderere seg og gi maks 25 prosent av årslønna i bonus.
– Det er litt hysj-hysj kva fotballspelarar, eller andre, får i bonus. Kvifor er det slik?
– At fotballspelarar får bonus, er vanleg. No har vi akkurat fått vite kva landslagsspelarane får for å delta i VM, så det er ikkje så hysj-hysj. Men lønn er generelt sensitivt. Det er personleg.
– Korleis kan vi forsvare at Erling Braut Haaland får 650 millionar kroner i året, mens andre jobbar gratis i barnefotballen og har ein jobb der dei tener 0,1 prosent av det han tener, utan ei gulrot i sikte?
– Han speler jo ikkje frivillig. Vi snakkar om arbeidstakarar i ein svært konkurranseprega arbeidsmarknad. Svært mange har lyst til å spele for dei gode klubbane, som har råd til å betale godt. Klubbens inntekter er tett knytte til lagets resultat, så då er det svært verdifullt for dei beste klubbane å få tak i dei absolutt beste spelarane. Haaland kunne valt å bli i Bryne, men er i Manchester City. Marknadskreftene rår. Det lønner seg å ha høg marknadsverdi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.