Natur

Fire hardingar om villrein

Del 1. Om villreinen på Hardangervidda er truga, kvifor ikkje slutte å jakte på dei? Her er fire jegerar med sterke meiningar om regjeringa si «Forslag til tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde» . I del 2 kjem svar på påstandane. 

Birgitte er ein nybyrjar når det gjeld jakt, og har så langt skote to reinsdyr. Bror min har skote eit sekstitals og Torgils ((i midten) nokre titals. Jarle V (til venstre) er i særklasse. Han har drive Litlos sidan 1999 og har skote 310 dyr. Her er mykje villreinkompetanse.
Publisert Sist oppdatert

– Tiltaksplanen er eit makkverk, sa bror min.

– Kvalitetssikringa er ikkje god, sa Birgitte.

– Forskingsgrunnlaget er heilt elendig, sa Torgils.

– Vi diskuterer eigentleg noko som er tullete å diskutere, sa Jarle.

I nær to timar har dei sete på kjøkenet i Odda og diskutert villrein. Kvifor dei? Jo, fordi dei har sterke meiningar og ei overtyding om at dei sit på løysingar. Dei er sta, insisterande og høglydte, og dei veit best. Så kven er dei?

Torgils med dyr.

Øvst ved bordet sit Torgils Eide (60), søskenbarnet mitt. Han er gift med syster til Jarle Viskjer (56), han er styraren på DNT-hytta Litlos. I benken sit bror min Jarle Opedal (62), og ved sida av han Birgitte Skare Opedal (32), dotter hans, mi niese.

Onsdag 2. juli 2025 sende Klima- og miljødepartementet «Forslag til tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde» ut på høyring. Villreinen er på raudlista, han er truga. I innleiinga skriv departementet: «Det haster med å ta grep for å gjøre noe med den negative utviklingen for villreinbestanden».

Då fristen gjekk ut 31. oktober, var det kome inn 337 høyringssvar. Alle meiner at noko må gjerast, men ingen meiner at dei sjølve er problemet. Slik er det òg rundt dette bordet, men tanken er no at desse fire skal få seie kva dei meiner, og at samtalen skal munne ut i åtte konkrete spørsmål.

– Som eg då skal stille til dei rette styresmaktene.

– Ja vel, seier Torgils. – Kven er det?

­– Ja, kven er det? spør bror min.

– Nei, det må vi kome tilbake til. Fyrste spørsmål: Er villreinen truga?

Alle her er einige om at dersom stamma hadde vore på 15.000 dyr, så hadde ikkje dette vore noko tema. Då hadde reinen brukt heile vidda.

Torgils Eide

– Nei, seier Torgils.

– Svaret er nei, seier Jarle V.

– Han er langt ifrå truga, seier bror min.

– Det spørst korleis ein ser på det, seier Birgitte.

Der har vi utgangspunktet.

Rein i lauksaus

Eg har enno ikkje opplevd ei familiesamkome utan at samtalen kjem inn på rein, og det byrja faktisk her på kjøkenet til Torgils. Ein gong budde besteforeldra våre i dette huset, og på søndagar sessa vi oss rundt kjøkenbordet til middag. Besten sat i divanen, alltid på same plassen, nærast vindauget, og besta vimsa rundt borte ved komfyren, før ho sette den svarte jerngryta på voksduken og lyfta lokket av, og dufta av reinkjøt i lauksaus breidde seg. Rundt gryta sat storfamilien, og så gjekk praten om simler, bukkar, kjøtvekt, sjøfly og jakt, og om den gongen Torgils vart flysjuk og spydde i hatten til besten.

Litlos og Jakobsbu var to ord som gjekk igjen. Det fyrste er ei turisthytte eigd av DNT Oslo, det andre er ei privat jaktbu midt inne på vidda, som familien til Torgils no disponerer. Sjølv vart eg aldri invitert med inn på fjellet, eg var for liten, meinte dei, eg mangla interessa, det var ikkje plass i flyet, alt slikt, så mens dei drog til fjells, reiste eg etter kvart til Oslo.

Våre vegar skildest.

Eldraudt

Det er ti nasjonale villreinområde i Noreg, og desse er rangerte etter fargane grønt, oransje og raudt. Jarle V forklarar.

– Det er ei vurdering med ulike parameter, der dei til dømes måler bestand, kondisjon, areal og kalvevekt. Hardangervidda scorar eldraudt på alt dette.

– Det dei i hovudsak støttar seg på, er kalvevekt. Kom bort her, så skal du få sjå noko, seier Torgils.

Han har funne nokre data på PC-en, men Jarle V er ikkje ferdig.

– Og så er greia at alt som er raudt, har styresmaktene sjølve skuld i. Det er dei som held stamma nede på eit lågnivå og øydelegg flokkstrukturen ved å skyte bukkar. No skal det kome ei ny vurdering i 2026, seier han.

Stolt far med dotter på jakt.

– Då ser dei på kalvevekt, og viss vi ser på kalvevektstatistikken..., seier Torgils, han gir seg ikkje med den.

– Her bruker dei eit døme som ein eller annan luring sende inn i 2023. Ein kalv på ni kilo.

Ifølgje kvalitetsnorma bør ein reinkalv på Hardangervidda vege 15 kilo.

– Berre tre kalvar vart leverte inn det året, seier Jarle V.

– Eg skjøner eigentleg ikkje kvifor dette temaet er kome opp no

Jarle Opedal

– Og det er ikkje nok statistisk grunnlag, seier Torgils.

– Det er heller ingen som kontrollerer vektene. Dette er tillitsbasert, seier Birgitte.

– Nokre rapporterer inn låg vekt på kalvar for å stenge hytter og få slutt på turismen og alt dette, seier Jarle V.

Aust mot vest

Slik er stoda: Vidda er delt i aust og i vest. I dag kalvar reinen i aust, mens forvaltninga vil at dei skal kalve i nordvest. Der er tilhøva betre. Så kvifor kalvar dei ikkje der? Fordi auka aktivitet i vest har skremt reinen, meiner departementet. Fotturistar, teltarar, motorisert ferdsel med snøscooter og helikopter, hundekøyrarar, kitarar og så bort etter. Det vil ein no ha slutt på.

Og så er det kasta inn ein svarteper: skrantesjuka (CWD).

No kokar debatten, frontane er mange og språkbruken kvass med vikarierande motiv, anekdotiske prov og stråmannsargumentasjon.

– Eg skjøner eigentleg ikkje kvifor dette temaet er kome opp no, seier bror min.

– Det er ei slags motesak, som media kastar seg blindt over. Kvifor no?

– Det skuldast vel tiltaksplanen?

– Men kvifor er den planen komen no? Det er det som er spørsmålet, seier Jarle V.

– Det er nokre få personar i miljørørsla med sterke meiningar som har brukt media, seier bror min.

– Og direktoratet, seier Jarle V.

– Og har kasta ut mange usanningar, som blir blåst opp, seier bror min.

– Det er heilt vilt, seier Jarle V.

– Og så bit folk på. Påstanden er at det aukar med turistar på vidda. Sanninga er at det ikkje aukar. Det blir færre, seier bror min.

– Inne på vidda, vel å merke, presiserer Jarle V.

– Men så har det auka i utkantane.

Bibelske hordar

Ifølgje rapporten til Norsk institutt for naturforsking (Nina) «Ferdsel i Hardangervidda villreinområde» frå 2021 har bruken av randsonene til Hardangervidda auka drastisk. Det er særskilt trafikken til Trolltunga som står for auken. Når det gjeld dei meir sentrale delane av Hardangervidda, har trafikken ifølgje rapporten halde seg stabil dei siste tiåra. Likevel påpeikar rapporten at mykje tyder på at det har vorte meir telting utanfor allfarveg dei siste åra.

Mykje tyder på. Det er berre synsing, seier Torgils.

– Som eg har sagt før: Om eit medisinsk selskap sende inn ein rapport om ei ny pille til godkjenning på eit så tynt grunnlag som ferdselsrapporten, ville dei fått latterfjes tilbake.

– Dei omtaler auka trafikk som eit stort problem over heile vidda, men trafikken strekk seg ikkje inn til Litlos. Dei fleste stoppar på Sandhaug, seier Jarle V.

Og her må vi til med litt info til lesarar som ikkje kjenner Hardangervidda. Frå Dyranut ved riksveg 7, altså hovudvegen som kryssar Hardangervidda, går ein 20 kilometer lang grusveg inn til Tinnhølen. Der inne ligg ein stor parkeringsplass, og dette er ein av dei mest trafikkerte inngangsportane til vidda. Etter tre–fire timar gonge i lett og flatt terreng, kjem ein til Sandhaug, den største turisthytta på Hardangervidda. Frå Sandhaug kan ein gå vidare vestover mot Litlos. Og her kan Jarle V ta over:

– På ein finvêrsdag i juli går det mykje folk frå Tinnhølen til Sandhaug. Men den trafikken sperrar ikkje for dei områda som vi snakkar om.

I 2024 stod det to teljarar mellom Sandhaug og Litlos.

– Kor mange passeringar hadde teljaren per dag over 90 dagar i 2024? Snittet låg på seks. Tre frå kvar side. Trur du det er ei sperre? Sjølvsagt ikkje.

– Men det er fleire enn dei som kjem til Litlos?

– Ja, fleire kjem frå andre hytter. I august i fjor hadde eg 567 gjester, og det er det lågaste eg har hatt sidan koronaen. I år hadde eg 693. Til saman hadde Litlos 150 fleire gjester i år enn i fjor, men for ti–femten år sidan hadde eg 500 fleire gjester. Så det er ikkje desse bibelske hordane som det er snakk om. Det er eit snitt på 27 gjester per natt.

– Men som det står: ferdselen er ein barriere?

– Ja, når det er meir enn 30 på ein sti. Har dei funne ut, seier Jarle V.

Han er ironisk.

– Dei seier at det er forska på dette, og dei har funne ut at det vert liggande hudceller på stien, som reinen skyr, seier bror min.

– Dei tek ting ut av lufta. Eg har ein video, seier han, og leitar på telefonen.

– Det som er så gale, er at heile den blekka som du har der..., seier Jarle V og peiker på tiltaksplanen.

– Ho byggjer på éin ting. Hadde dyra berre kunna, så hadde dei vore nordvest på vidda. Det er ikkje spørsmålet om dei vil. Alt i rapporten byggjer på at dei ikkje kan. Men korleis veit dei det? All historie viser det motsette. Når det er få dyr på vidda, er dei sjeldan i vest. Omtrent ikkje, faktisk.

– Og dette med at dei skal kalve vestpå, har ikkje vore noko tema før no. Det er ei motesak, gjentek bror min.

Kartet viser dei mest brukte kalvings- og oppvekstområda på Hardangervidda. Vona er at reinen skal kalve meir i nordvest.

– Berre tull

I tiltaksplanen står det: «Nordvestvidda har de best egnede arealene for villreinen i kalvings- og oppvekstperioden, med kalkrik berggrunn og snøleier som gir friskt beite gjennom hele sommersesongen. Snøfonner og vindfulle høyder gir friområder fra insekter på varme dager.»

– Det er jo sant, det, seier Jarle V.

– Men reinsdyra finn på dei utrulegaste ting. I 1994–95 var det snørekord i Tyssedalsfjella, men likevel kalva dei der. Dei kunne valt å kalve i Uvdal, der det ikkje var snø, men i staden åt dei steinlav oppi der. Det var ingen som tvinga dei til å gnage tennene av seg, men dei gjorde no det.

– Det er ikkje alt som kan forklarast, seier bror min.

– At dei vel å kalve oppe i snøen, er det ikkje noko godt svar på.

– Nei, det var berre tull av dei, spør du meg, seier Jarle V.

– Dei hadde vel lese i forskarrapportane at beitet var betre i vest, seier Torgils.

Jarle V har skote dyr.

Det burde stått i tiltaksplanen: «Dere kan trekke østover når det er mye snø i vest», seier Jarle V, det siste på austlandsk.

Dei ler. Bror min har funne fram videoen. Han slaktar rein, mens ei simle og ein kalv spring like ved.

Og det kan ikkje vere dei same som har sett i gang tiltaka som evaluerer sitt eige arbeid. Dei kan ikkje evaluere seg sjølve.

Jarle Viskjer

– Dei står femten meter unna. Og her snakkar dei om at dei spring som pesten.

– Men dei gjer jo det òg, då, seier Jarle V.

– Jau då, for hadde ikkje reinsdyra vore redde for folk, ville det ikkje vore reinsdyr igjen.

– Då tek eg dette spørsmålet: Er reinsdyra redde folk?

– Ja, seier alle fire i kor.

– Men det er ikkje slik at om du går på tur, så vil ikkje reinen krysse sporet ditt på to dagar, seier bror min og held fram.

– Maten er éin ting som styrer kor reinen går, og så er det vindretninga. Han går mot vinden, og det har vore dyr heilt opp mot Riksveg 7. Då har dei kryssa vegar og stiar, og dei bryr seg ikkje om det ryk frå ei hyttepipe på Hansbu. Dei går uansett mot vinden.

– For å konkludere..., seier Torgils.

– Alle her er einige om at dersom stamma hadde vore på 15.000 dyr, så hadde ikkje dette vore noko tema. Då hadde reinen brukt heile vidda.

– Så kvifor er det ikkje fleire enn 4000 dyr?

– På grunn av jakta. Dei vil ha stamma så lita som mogeleg på grunn av smittefaren.

Halvskremde

I 2016 vart det oppdaga ei simle som oppførte seg underleg i Nordfjella, eit område som ligg nord for Riksveg 7. Ho sjangla bortetter, før ho døydde. Det vart påvist 18 dyr med skrantesjuka, CWD, ein prionsjukdom som øydelegg nervesystemet, gjev avmagring og død. Det finst ingen kur. Alarmen gjekk. Løysinga vart å skyte ned heile stamma på 2000 dyr.

– Var det rett å skyte dei?

– Nei, seier Birgitte.

– Eg trur ikkje det, seier bror min.

– Vi får aldri svar på korleis oppblomstringa hadde vore om dei fekk leve, seier Jarle V.

– Det kan hende vi hadde fått immune dyr, som hadde styrkt stamma på sikt, men vi veit ikkje.

I 2020 vart eit dyr med CWD påvist på Hardangervidda. Alarmen gjekk igjen.

– Eg hugsar at vi sat inne i Jakobsbu og snakka om det, seier bror min. – Vi vart halvskremde: Det var hundre prosent dødelegheit og hundre prosent smittsamt. Alle dyra ville døy. Det verka håplaust. Men i etterkant har eg stilt meg spørsmålet: Har CWD alltid vore på vidda? Er det naturleg å døy av ein slik sjukdom? Og viss det er så smittsamt, kvifor er ikkje fleire dyr sjuke?

– Det var det ein forskar som snakka om på Geilo, seier Birgitte, som er bioingeniør.

– CWD er ikkje smittsamt slik vi kjenner sjukdom med covid og forkjølingsvirus, der vi blir smitta over natta. Her snakkar dei om smitteutvikling over år.

Eit nytt tilfelle av CWD på Hardangervidda vart påvist i 2022. Løysinga for å hindre at sjukdomen spreidde seg, var færre dyr. Det vart å bestemt å skyte bukkar.

– I Nordfjella var det i overvekt bukkar som var smitta, og teorien er då at ein vaksen bukk er den som utviklar dette lettast, seier Jarle V.

– Ved å skyte ut dei, vil vi bremse sjukdomen, men ikkje bli kvitt han. Så talet på bukkar har gått ned, og i same takt går talet på kalvar ned.

– Kvifor det?

– Færre simler får avkom. Men det vil dei heller ikkje snakke om. I staden skuldar dei på turistane og turisthyttene.

– Det er teke 8000 prøvar og ikkje funne spor etter sjukdom. Kva meiner de om styresmaktene si handsaming av CWD?

– Det veit eg ikkje, seier Jarle V.

– Det er ingen som har klare svar, seier bror min.

– Det dei er redde for, er at dette skal smitte over på andre hjortedyr, som elg og hjort, seier Birgitte.

Og så seier Torgils noko eg aldri tidlegare har høyrt han seie.

– Vi veit ikkje nok til å vurdere om det er rett.

– Dette er noko vi ikkje har erfaring med, seier Jarle V.

– Eg kan mykje om kvifor reinen går der og ikkje der, men dette ligg på eit anna nivå. Her er det analysar av lymfer og hjerneprøvar.

Telting ved Hårteigen vil forvaltninga ha ein slutt på.

– Litt latterleg

Litlos ligg altså på Vestvidda, og det er denne DNT vil byggje om til sjølvbeteningshytte. Håpet er at trafikken vil gå ned, for som det står: «barrierer skapt av menneskelig ferdsel en av de største påvirkningsfaktorene i Hardangervidda villreinområde».

– Det er galskap, seier bror min. Han har meldt seg ut av DNT.

– Litlos skal byggjast om til sjølvbetening med verknad frå 2030, seier Jarle V.

– Og det er klart: Dei blir jo litt pressa til dette, for viss dei nektar, vert det tvang. Det kostar å byggje om, og då får dei kanskje ikkje pengar. Men det er litt latterleg, for dei 27 gjestene som kjem til Litlos, er ikkje problemet. Det løyser ingenting. Turstiane inn til Litlos er ikkje ein mur som reinen ikkje kryssar.

– Eg er redd dette er byrjinga på slutten for aktivitet på vidda. No riv dei fleire hytter, og kva blir det neste, spør bror min.

– Er det privathyttene som står for tur?

– Viss dei ikkje ser noka betring, så skal dei gjere meir, seier Jarle V.

– Men kven er det som skal evaluere? spør bror min.

– Det er dei same folka som går igjen, seier Jarle V.

– Og det kan ikkje vere dei same som har sett i gang tiltaka, som evaluerer sitt eige arbeid. Dei kan ikkje evaluere seg sjølve.

– Det er det som er så forbanna irriterande, seier bror min.

– Heile forskingsgrunnlaget er ekstremt dårleg. Endå støtter dei seg fullt og fast på det, seier Torgils.

Siste tema: «Omfanget av helikoptertrafikk innenfor Hardangervidda villreinområde har vokst betydelig gjennom de siste tiårene.»

– Det er berre tull, seier bror min.

– Fake news, seier Birgitte.

– Det er litt sant, seier Jarle V.

– Før flaug vi sjøfly. Så det har auka, men motorisert ferdsel er på det jamne.

– I neste setning står det: «Generelt antas det at flyging med helikopter har forstyrrelse på villrein.»

Antas? Det er det eg seier: Forskingsgrunnlaget er heilt elendig, seier Torgils.

– Men kvifor kan de ikkje gå inn til Jakobsbu?

– Fordi det er nye tider. Før hadde dei hest, dei hadde god tid og kunne liggje inne i vidda i vekevis. Vi har ikkje det.

– Men eg trur dei fleste rundt bordet her flyg minst mogleg, seier Jarle V.

– Klart, det! Vi stappar inn det vi kan, for å spare pengar. Det har vorte dyrt å fly.

Ifølgje tiltaksplanen: «En del helikopterbruk vil nok bli erstattet ved økt bruk av sjøfly, som er mindre belastende for villrein».

– Mindre belastande? Det er ikkje bevist, seier Torgils.

– Men der har dei slått det fast, seier Jarle V.

– Det er så gale, seier bror min

– Men det eg meiner..., byrjar Jarle V.

– ... er at med CWD, så er det unntakstilstand på vidda. Det er altfor få dyr, reinen oppfører seg ikkje normalt. Og å lansere desse tiltaka no er ein tragedie.

Framhald neste veke – med svar på påstandar

Reinskalv ved Litlos.

Neste veke kjem svar på desse spørsmåla frå dei fire jegerane:

1. Viss villreinen er raudlista, kvifor kan vi då jakte på han?

2. Om CWD er svært smittsamt, kvifor er ikkje fleire dyr smitta?

3. Kvifor skal ein kalv på Hardangervidda vege 15 kilo?

4. Kva ligg bak konklusjonen om at villreinbestanden er i dårleg forfatning?

5. Kvifor er ikkje tiltaka i tiltaksplanen risikovurderte?

6. Kvifor starte opp tiltak no når det er ei unntakstilstand på Hardangervidda?

7. Kvifor meiner styresmaktene at reinen har som førsteval å nytta vestvidda til både kalving og sommarbeite?

8. Fleire påstandar i tiltaksplanen er ikkje dokumenterte. Kvifor er dei då med?