Handelspolitikk

Handelstiltak i grenseland

Jussen bak EUs tolltiltak mot Noreg er uprøvd. Og det finst ikkje nokon rettsleg måte for regjeringa å utfordre vedtaket på, seier EØS-rettsekspert Halvard Haukeland Fredriksen.

Elkem Bremanger i Svelgen produserer ferrosilisium for den europeiske marknaden, og vert no råka av nye handelstiltak frå EU.
Publisert

Så vedtok EU tysdag det den norske regjeringa har prøvd å hindre: at handelstiltaka EU innfører for å verne eigen produksjon av jernlegeringar, også rammar importen frå EØS-landet Noreg.

All import vert rett nok ikkje ramma. EU innfører landspesifikke kvotar som inneber at 75 prosent av historiske importvolum – frå perioden 2022–2024 – framleis vil gå tollfritt. Men for resten av importen vert det innført minstepris, slik at produkt selde under minstepris møter toll.

Korleis tiltaka vil slå ut for den norske industrien, som i dag står for 43 prosent av EUs import på feltet, står att å sjå.

EU-kommisjonen skriv i ei pressemelding at tiltaka er «nøye utforma for å minimere verknadene på den integrerte europeiske verdikjeden», og at det skal gjennomførast konsultasjonar med EØS-EFTA-landa Noreg og Island kvar tredje månad for å gjennomgå verknadene nøye. «Tilnærminga tek sikte på å styrkje motstandskrafta til breiare europeiske forsyningskjeder», oppsummerer EU-kommisjonen.

Men slik den norske regjeringa ser det, er tiltaka feil og i strid med EØS-avtalen.

18 prosents auke

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement