Miljø

Eit giftig miljøtiltak

Tralopyril skulle gjere oppdrettsnæringa meir miljøvenleg. No er giftstoffet funne i sjøbotnen i 120.000 gonger høgare konsentrasjon enn det som er rekna som trygt.

Nøtene i oppdrettsanlegg må impregnerast for å hindre tilgroing. Men impregneringa kan ha leie biverknader, anten det er kopar eller tralopyril ein brukar.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen har lyd:

Om du ikkje er kjemikar eller jobbar i laksenæringa, har du neppe høyrt om tralopyril. Men dette stoffet har vore framheva som eit framsteg for miljøet i norske fjordar. Over 100 tonn tralopyril blir brukt årleg til å impregnere nøtene i oppdrettsmerdane, med velsigning frå norske styresmakter.

Inntil nyleg vart det hevda at stoffet blir brote raskt ned i sjøen, slik at det ikkje kunne gjere skade på det marine livet. Men nyleg kom ein rapport frå Norsk institutt for vassforsking (Niva) som endra biletet. Forskarane hadde teke prøvar av sediment og botndyr ved fem oppdrettsanlegg og eit notvaskeri, og overalt fann dei tralopyril – somme stader i særs høge konsentrasjonar.

Tralopyril

Giftstoff som blir brukt til å impregnere nøter i oppdrettsmerdar.

Skal hindre at nøtene blir nedgrodde med algar, skjel og andre organismar.

Hemmar stoffskiftet i levande vesen.

Ifølge produsenten skal tralopyril bli brote ned raskt i sjøen.

Ein ny rapport frå Niva syner svært høge konsentrasjonar i botnen ved oppdrettsanlegg og notvaskeri.

Stoffet er òg funne i krepsdyr, fisk, blåskjel og andre organismar.

Effekten på livet i sjøen er usikker.

Skyhøgt

Fleire av funna kan kallast ekstreme. Nærast oppdrettsanlegga var konsentrasjonen av tralopyril i botnen opptil 1400 gonger så høg som det nivået Niva-forskarane vurderte som trygt og harmlaust for livet i sjøen. Opptil 300 meter frå anlegga kunne nivåa vere 20 gonger over denne grensa, og stoffet vart funne i ei rekke typar botndyr, som børstemarkar, muslingar, slangestjerner og krepsdyr.

Ved notvaskeriet var tilstanden mykje verre. Der fann forskarane konsentrasjonar i botnen på opptil 120.000 gonger det nivået forskarane trur er trygt for levande vesen.

– Nivåa av tralopyril overskrid tilgjengelege miljøgrenseverdiar. Det indikerer miljørisiko, og skade på organismar i sjøen kan ikkje utelukkast. Det er urovekkande, seier Niva-forskar Cathrine Brecke Gundersen.

– Sjokkerande

Kva som eigentleg er eit trygt nivå av tralopyril, er i seg sjølv usikkert. Det spørsmålet kjem vi attende til. Men tala frå Niva er svært urovekkande, meiner Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet, som sjølv har forska på tralopyril i norske fjordar. Han har fleire gonger peika på at vi har for lite kunnskap om verknadene av dette stoffet.

– Dei funna Niva har gjort, vil eg kalle sjokkerande. Desse nivåa var mykje høgare enn eg hadde venta, seier Grøsvik.

Kor stor skade tralopyril gjer på livet i sjøen, veit vi førebels lite om. Men i 2024 vart det oppdaga store mengder død kril og kring 200 døde individ av den vesle haiarten svarthå i Frafjord i Rogaland, fleire kilometer frå næraste oppdrettsanlegg.

Grøsvik og kollegaer frå Havforskingsinstuttet (HI) undersøkte saka. Dei kunne ikkje slå fast dødsårsaka, men oppdaga at både krilen og svarthåen hadde høge nivå av tralopyril i seg. Dette synte at stoffet kan bli akkumulert i næringskjeda.

– Miljødirektoratet går god for bruken av tralopyril. Har dette skjedd på sviktande grunnlag?

– Eg har vore skeptisk til at dette skiftet har gått så fort. Vi har bytt ut eitt giftstoff med eit anna, utan skikkeleg utgreiing av konsekvensane, seier Grøsvik.

Koparproblemet

Det brå skiftet har ei lang forhistorie. Inntil nyleg vart nøtene i nesten alle oppdrettsanlegg impregnerte med kopar, som er giftig for livet i vatn. Dette førebygger at nøtene gror til med algar, blåskjel og andre livsformer som kan hindre gjennomstrøyminga av vatn i merdane. Problemet er at kopar ikkje blir brote ned i naturen, og at det lek ut frå oppdrettsanlegga og notvaskeria i store mengder. Over tid hopar koparen seg opp på sjøbotnen kring anlegga og kan drepe livet der.

Alt i 1990-åra vart det vedteke at kopar skulle fasast ut av oppdrettsnæringa fordi det skada livet i sjøen. Men oppdrettarane fann ikkje noko godt alternativ, og styresmaktene sette aldri foten ned. I toppåret 2019 vart det brukt heile 1700 tonn kopar i norsk oppdrettsnæring, og ein stor del av dette lak ut i dei norske fjordane.

Vi har bytt ut eitt giftstoff med eit anna, utan skikkeleg utgreiing av konsekvensane.

Bjørn Einar Grøsvik, forskar ved Havforskingsinstituttet

Nedbryting

Så kom tilsynelatande berginga. Ho kom i form av impregneringsprodukt med stoffet tralopyril, produsert av den store belgiske legemiddelprodusenten Janssen. Tralopyril har blitt nytta som botnstoff for å hindre tilgroing under vasslina på skip, og det var til dette føremålet stoffet vart godkjent for bruk i EU i 2014. Ulikt kopar skulle tralopyril bli brote ned svært raskt i naturen, vart det sagt. Ifølge produsenten skal halveringstida vere på berre 9 til 16 timar, avhengig av temperatur. Dermed ville effekten på livet i sjøen bli liten.

I 2017 byrja så nokre oppdrettarar å nytte tralopyril til å impregnere nøtene sine med. Det var effektivt mot tilgroing, og bruken auka raskt. I 2023 nytta oppdrettsnæringa i Noreg heile 116 tonn av dette giftstoffet, medan koparforbruket var langt mindre enn før. Dette vart rekna som eit stort framsteg. Tralopyril blir marknadsført i Noreg under namnet Econea – eit signal om at dette var eit miljøvenleg alternativ til kopar. No tyder altså fleire studiar på at stoffet ikkje held det som var lova.

– Tralopyril, med den raske nedbrytinga som vart oppgjeven, framstod nærast som eit ideelt antibegroingsstoff. Men så ser det ut til at situasjonen er annleis i praksis, seier Niva-forskar Cathrine Brecke Gundersen.

Rask overgang

HI-forskar Bjørn Einar Grøsvik har fleire gonger åtvara om bruken av tralopyril, mellom anna i ein artikkel i Dagens Næringsliv i fjor haust. No syner den nye Niva-rapporten at konsentrasjonen av stoffet kring oppdrettsanlegg og notvaskeri er mykje høgare enn nokon hadde sett for seg. I tillegg til skadeverknadene av stoffet tralopyril er Grøsvik uroa over at det kan brytast ned til eit anna skadeleg stoff, trifluoracetat (TFA), eit såkalla evigheitskjemikal med ekstremt lang levetid i naturen. Niva-forskarane fann TFA ved fleire av oppdrettsanlegga dei undersøkte.

– Rapporten frå Niva viser at vi absolutt treng meir kunnskap om konsekvensane av dette stoffet. Truleg har ikkje tralopyril den venta nedbrytingstida når det bind seg til sediment eller blir teke opp av dyr i sjøen, seier Grøsvik.

– Det ser ikkje ut som føre-var-prinsippet har blitt nytta her?

– Nei. Bakgrunnen er at bruken av kopar i oppdrett var veldig høg. Ideen var at eit stoff med kort halveringstid i vatn kunne løyse problemet. Men overgangen skjedde i full fart, utan at det vart gjort gode nok vurderingar av effekten på miljøet.

«Trygt og effektivt»

Produsenten av tralopyril nyttar på si side norske styresmakter som sanningsvitne på at stoffet er trygt. «Basert på grundige studier, har Miljødirektoratet godkjent bruk av antifouling-produkter med tralopyril som trygt og effektivt mot begroing på nøter», heiter det på nettsida Tralopyril.no, som den belgiske produsenten Janssen har laga.

Og godkjenninga er reell nok. Hos Miljødirektoratet kan vi lese dette: «Den dokumentasjon vi har viser at tralopyril brytes relativt raskt ned i miljøet og har lite potensial for å kunne oppkonsentreres i næringskjeden.» Funna frå forskarane ved HI og Niva syner at dette neppe kan stemme. Dag og Tid bad om eit intervju med Miljødirektoratet for å finne ut om dei framleis går god for påstanden, men fekk ikkje svar før avisa gjekk i trykken.

I alle fall har produsenten Janssen sitt på det tørre, formelt sett: Dei sel eit godkjent giftstoff til godkjend bruk. Korleis kom eigentleg denne godkjenninga på plass?

Opp til Noreg

Som nemnt var tralopyril laga som eit botnstoff til bruk på skip. Det vart risikovurdert og akseptert for slik bruk av britiske styresmakter i 2014. Så vart det godkjent gjennom biocidregelverket til EU, som òg er gyldig i Noreg. At tralopyril kan tenkast å påverke naturen på andre måtar ved stasjonære oppdrettsanlegg enn det gjer som botnstoff på skip, har ikkje blitt sett på som eit problem. Med basis i EU-vurderinga har Miljødirektoratet godkjent produkt med tralopyril for bruk til notimpregnering i Noreg.

EU-godkjenninga var berre gyldig i ti år, så skulle tralopyril risikovurderast på nytt. Eigentleg skulle Sverige ha ansvaret. Men produsenten av stoffet bad om at Noreg skulle få jobben i staden, skreiv Dagens Næringsliv i fjor. Difor ligg ballen no hos Miljødirektoratet, som framleis arbeider med den nye risikovurderinga.

Og dette er eit langt løp. Når norske styresmakter har gjort sitt, kan det ta eit par år til før godkjenninga skal voterast over i EU-komiteen for biocidprodukt. I mellomtida blir det altså nytta meir enn hundre tonn av stoffet i norske oppdrettsanlegg i året, trass i at verknadene på livet i sjøen er i det blå.

Usikre verdiar

Desse verknadene er faktisk så usikre at det ikkje finst klare grenseverdiar for kva som er ein skadeleg konsentrasjon av tralopyril i naturen. Den effektgrensa Niva-forskarane viste til i rapporten sin i haust, som var overskriden opptil 120.000 gonger i botnsedimenta ved notvaskeriet, var ein såkalla Predicted No-Effect Concentration (PNEC). Denne grenseverdien bygger ikkje på sikker kunnskap.

PNEC er eit røft anslag for kor grensa mellom farlege og ufarlege konsentrasjonar går, basert på det ein veit om kor giftig eit stoff er. Bruken av tralopyril skjer altså i eit landskap med mange ukjende variablar. Stoffet har heller ikkje vore del av den årlege risikorapporten om norsk oppdrettsnæring. Til det var kunnskapen for liten. Inntil i fjor hadde styresmaktene heller ikkje oversikt over kor mykje oppdrettsnæringa brukte av dette stoffet. Tralopyril gjekk under radaren til dei som skal overvake næringa.

Utan godkjenning

Men dette er ikkje heile soga. I tillegg til dei to godkjende impregneringsstoffa med tralopyril som er på marknaden i Noreg, nyttar oppdrettsnæringa sju andre tralopyrilhaldige produkt som enno ikkje er risikovurderte eller godkjende, skreiv Dagens Næringsliv i fjor. Dette er mogleg takk vere ei overgangsordning i biocidregelverket, ifølge Miljødirektoratet. Denne pussige ordninga sikrar at nye giftstoff som er under risikovurdering, fritt kan seljast inntil vurderingsprosessen er ferdig.

Dermed stammar truleg det meste av tralopyrilen i norske fjordar frå produkt som enno ikkje er risikovurderte. Og dei sju impregneringsstoffa som blir selde utan godkjenning, inneheld ikkje berre tralopyril i høgare konsentrasjon enn dei godkjende. Dei inneheld også stoffet sinkpyrition, som kan skade reproduksjonen hos menneske, og som har blitt forbode som botnstoff på skip. Men i påvente av ei risikovurdering er sinkpyrition altså lov å bruke i oppdrett. Niva-forskarane fann høge sinkverdiar i botnsedimenta ved fleire av oppdrettsanlegga dei undersøkte.

«Mer kunnskap»

Så langt naturen. Men kva med oppdrettslaksen sjølv, som er omgjeven av tralopyril i nøtene det meste av livet? Produsenten Janssen hevda tidlegare at verken tralopyril eller dei stoffa det blir brote ned til, kunne bli akkumulerte i laksen. Men heller ikkje det stemde. Ein laboratoriestudie frå Havforskingsinstituttet i fjor avdekte tralopyril i laksefilet. Fisken hadde gått i kar med bitar av ei not impregnert med stoffet, for å simulere livet i merden.

Rett nok var mengdene av tralopyril i fiskekjøtet små. Men også her er kunnskapsgrunnlaget tynt: Det finst ingen grenseverdiar for kva som er trygge nivå av tralopyril i laks, slik det finst for lusemiddel og ein del andre kjemikal.

Da E24 skreiv om dette temaet i fjor, svarte seksjonssjef Are Sletta at Mattilsynet treng «mer kunnskap om negative effekter og forekomst, før de kan si noe om mulig helserisiko». Og inntil kunnskapen om effektane av dette giftstoffet kjem på plass, går impregneringa med tralopyril sin gang.