JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Keisarinne i kne

Kva lærdomar kan ein hausta av pukkellakssommaren 2023? Det kjem an på korleis ein formulerer kriteria for suksess. Særleg problematisk var kampen mot pukkellaksen i Tana.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fella i Tanaelva stod ved Seidaholmen like nedanfor Tana bru, der elva deler seg i to. Her er sjølve fangstinnretninga i det austre elveløpet. Kring 150.000 pukkellaks kom seg truleg forbi og vidare opp elva.

Foto: Joachim Henriksen

15886
20240216

Pukkellaks

Art i laksefamilien som høyrer heime i det nordlege Stillehavet

Kom til Noreg etter utsetjingar på Kolahalvøya og kring Kvitsjøen

Toårig livssyklus, gyter i oddetalsår i Noreg

Alle døyr straks etter gyting og rotnar i elvane

Kategorisert som «høg risiko» på Artsdatabankens svarteliste

sjurhabring@gmail.com

Tana er ei verd for seg. Vassdraget gjer dei fleste norske lakseelvar til bekker. Både Namsen og Gaula blir gjerne kalla dronninga blant elvane våre. Tana lyt i så fall vera keisarinna, for ho er Europas viktigaste vassdrag for atlanterhavslaksen. Den lakseførande strekninga er minst 1100 kilometer, og sideelvane har kring 30 eigne bestandar. Det er faktisk større genetiske ulikskapar mellom laksebestandane innanfor Tana-vassdraget enn mellom bestandane i Troms og Trøndelag og nedover på Vestlandet.

I toppåra på 1970-talet var den samla fangsten i elva og i Tanafjorden på over 500 tonn. Om me reknar med ei gjennomsnittsvekt på litt over fire kilo, blir det meir enn 100.000 laks. Lenge var halvparten av all elvefanga norsk laks Tana-laks. Den norske sportsfiskerekorden er også herifrå: ein hannlaks på 32,5 kilo, teken på sluk ved Storfossen 7. juli 1951.

Noregsrekorden for stongfiska laks er på 32,5 kilo. Hannlaksen beit på sluk ved Storfossen i Tana 7. juli 1951.

Ete av såkornet

Men dette er historie. I dag har keisarinna sige i kne. Fiskepresset var for hardt for lenge, både på norsk og på finsk side. Særleg gjekk det ut over bestandane øvst i vassdraget, der fisken måtte symja forbi milevis med stongfiskarar og tradisjonelle fangstreiskapar som drivgarn og stengsel. Ein reknar med at mellom 70 og 80 prosent av all oppvandrande Tana-laks blei fanga, i år etter år. I dei fjernaste sideelvane kunne det vera opp mot 90 prosent. Når fiskarane ikkje lenger hausta av overskotet, men av minimumsbestanden som trengst for effektiv gyting, hamna Tana i ein negativ spiral. Ein byrja å eta av såkornet.

På norsk side av vassdraget blei det i år 2000 avliva over 33.000 laks. 20 år seinare var fangsten redusert med 90 prosent, til knappe 3300 laks. I 2021 blei elva stengd for fiske, noko ho framleis er. Og som om ikkje dette skulle vera nok: Tana-laksen må no også hanskast med pukkellaksen.

Tilhøva i Tana skal drøftast nærare etter ei oppsummering av pukkellaksåret 2023. Sjølv om dei dystraste spådommane om éin million pukkellaks ikkje slo til, hadde me ein markant auke av denne invaderande arten.

«Fiskepresset var for hardt for lenge, både på norsk og på finsk side.»

Effektive feller

Dei nyaste tala syner at det i 2023 blei teke kring 360.000 pukkellaks i Noreg. Dette fordeler seg på 250.000 i fangstanlegg i elvar, 100.000 gjennom sjøfisket og dryge 13.000 gjennom sportsfiske i elvar. (Når det gjeld det siste talet, lyt ein rekna med ei omfattande underrapportering.) To tal til samanlikning: I 2021 blei det teke 205.000 pukkellaks i Noreg. Og når det gjeld den atlantiske laksen, blei det i fjor berre fanga kring 70.000 totalt i alle norske elvar.

Miljødirektoratet oppretta i 2022 ei nasjonal kompetansegruppe for tiltak mot pukkellaks, som om nokre veker publiserer ein evalueringsrapport for fjoråret. Leiaren er Eirik Frøiland frå Miljødirektoratet. Han vil ikkje koma med tydelege konklusjonar før rapporten ligg føre, men meiner fangstfellene har fungert bra i dei fleste små og mellomstore elvar i 2023, særleg med tanke på at dette er fyrste året med skikkeleg satsing. I fleire av dei har opp mot 99 prosent av pukkellaksen blitt stoppa, i andre har mykje pukkellaks kome seg forbi for å gyta.

– I 2021 var uttaksarbeidet for det meste dugnadsbasert; det var opp til lokale jakt- og fiskelag å organisera folk og feller. Men i 2023 fekk dei fleste midlar frå staten til å løna fellerøktarane, noko som sikra meir stabil og kompetent drift, seier Frøiland.

– Slik er effektiviteten auka, og fiskevelferda er blitt betre, for medan ein før gjorde meir av fangsten med nøter og garn, var han i fjor fellebasert. I feller er det lettare å unngå skade på atlantisk laks, sjørøye og sjøaure før ein slepper han vidare.

Meir sjøfiske?

Når laksen vår kjem inn frå havet og møter titusenvis av pukkellaks nedstraums for fangstfellene i elva, vil han då gå opp for å gyta i det heile? Frøiland seier at me vantar dokumentasjon som kan gje eintydige svar.

– Gytesesongen for vår laks er uansett vanlegvis i byrjinga av oktober, altså lenge etter at fellene er blitt fjerna i august. Atlanterhavslaksen har altså god tid til å koma seg opp dit han skal gyta. Frå naturen si side er det jo òg mange moment som kan føra til forseinkingar. På låg vasstand, til dømes, står han gjerne kring elvemunningen og ventar på neste regnflaum.

Mange lurer på kvifor me ikkje berre fangar pukkellaksen i sjøen før han kjem opp i elvane. Frøiland presiserer at han jo faktisk blir fanga der òg.

– Sjøfangsten var på mest 100.000 i fjor, som bifangst til anna fiske. Spørsmålet må då bli om det kan fangast endå meir pukkellaks i sjøen. Då må ein ha fleire kilenøter og garn, og det må fiskast meir intensivt enn det som no er lovleg. Dette vil sjølvsagt auka talet på fanga pukkellaks, men også på atlantisk laks.

– Norsk institutt for naturforsking har saman med kilenotfiskarar utarbeidd ein ny rapport, basert på vanleg kilenotfiske sommaren 2023 i Varanger, i den fjorden som har hatt aller mest pukkellaks. Studien syner at 60 prosent av den not- og garnfanga laksen døyr eller blir så skadd at han ikkje kan setjast ut att. Aukar ein sjøfisket, drep ein altså mykje atlantisk laks i same slengen, og det toler ikkje bestanden, seier Frøiland.

Pukkellaksen døyr rett etter gyting i august og kan føra til overgjødsling av elva. Bilete frå Tana i andre septemberveka i 2023. Øvst ei hoe, nedst ein hann.

Foto: Paul Eric Aspholm

Tru på suksess

Korleis ser Frøiland så føre seg dei komande oddetalsåra? Pukkellaksen gyter som kjent mest berre i oddetalsår i Noreg. Frøiland har tru på suksess, men presiserer at det er viktig å få til eit effektivt uttak også i dei største vassdraga, elles vil pukkellaksen som blir produsert der, spreia seg til småelvane ikring.

Og det største vassdraget er altså Tana. Fella der var lite effektiv i fjor, ho fanga berre knappe 8000 pukkellaks. Ein ny rapport frå forskings- og overvakingsgruppa i Tana syner at minst 120.000 – ja, kanskje opp mot 170.000 – gjekk forbi for å gyta.

– Den breie og fiskerike Tana er spesiell. Her er mykje sand i dei nedre partia, noko som gjer fiksering av fella til botnen vanskeleg. Sidan dette er ei grenseelv, lyt ein også ta omsyn til Finland. Men eg ser ikkje på det som uoverkomeleg å få i stand ei effektiv felle her likevel, seier Frøiland.

Prøving og feiling

Roald Sandodden ved Veterinærinstituttet var prosjektleiar for etablering og drift av fella i Tana i fjor. Han presiserer at det uvilkårleg måtte basera seg på prøving og feiling, for eit liknande anlegg har aldri vore bygd i Noreg før.

Fella, som var operativ frå 29. juni til 14. august, stod ved Seidaholmen like nedanfor Tana bru, der elva deler seg i to. Ein freista å sperra av det vestre løpet med eit 500 meter langt leiegjerde, der ei rekkje luftfylte plastrøyr var festa til ein tung kjetting langs botnen. Dette skulle føra fisken mot det austre løpet, til den 150 meter breie fangstinnretninga. Fangstkammeret med utstyret til å sortera fisken var plassert på ein flåte ute i elva.

Men diverre kom mykje fisk seg gjennom leiegjerdet, fortel Sandodden.

– Botntilhøva var ugunstige, og korkje tida eller ressursane gjorde det mogleg å byggja gjerdet heilt tett i det vestre løpet. Men sjølv om me tidleg innsåg at det ikkje ville fanga opp all pukkellaks, var det likevel ein freistnad verd.

– Skal me setja ho opp ein gong til, bør fella stå ein annan stad, der elveløpet ikkje deler seg og kan sperrast av med eitt gjerde, seier Sandodden.

– Sjølve sperra og fangstinnretninga fungerte nemleg bra; ho heldt stand også når vasstanden auka under regnflaum. Me har difor tru på at me kan fanga opp mest all pukkellaksen ved neste oddetalsår.

Fellemotstand

Det gjekk altså langt over 100.000 pukkellaks opp elva for å gyta, både før og medan fella var operativ. Men ikkje alle sneik seg forbi.

– Stundom laut me opna fella for å sleppa forbi atlantisk laks som venta nedstraums og kvidde seg for å passera, og då fylgde pukkellaksen med. Det var fleire grunnar til at den atlantiske laksen stoppa. Sommaren i fjor var rekordtørr, og det blei for lite straum der fangstkammeret stod. Laksen likar jo å ta seg opp der det er godt drag i elva, forklarer Sandodden.

Rykte om at fella hindra gytevandringa til den atlantiske laksen, vekte reaksjonar lokalt. Det kom jamvel til demonstrasjonar, og motstanden var størst frå finsk side. Den samiske avisa Sagat intervjua i slutten av juli finske naturvernarar, som kravde at «stengslet må bygges om eller fjernes», og Tana-ordførar Ulf Ballo uttalte til avisa: «Gjør som finnene ønsker, fjern fella.»

– Me var usamde i kritikken. Me visste jo kor mykje atlanterhavslaks som hopa seg opp nedstraums for fangstanlegget, og den sleppte me forbi ved å opna fella, seier Sandodden.

– I tillegg overvakte me også jamt oksygenmettinga og temperaturen i vatnet på sperrestaden, for å sikra fiskevelferda. Me hadde altså full kontroll. Uansett gyter jo pukkellaksen ein god del tidlegare enn vår laks, og at han måtte venta nokre dagar såpass tidleg i sesongen, tykte me var uproblematisk.

«Rykte om at fella hindra gytevandringa til den atlantiske laksen, vekte reaksjonar lokalt.»

Risiko

Men er det i det heile noko problem om det går nokre hundre tusen pukkellaks opp eit så stort vassdrag som Tana? Sandodden presiserer at det ikkje er sjølvsagt at fisken fordeler seg jamt utover i vassdraget.

– Eg har vondt for å skjøna anna enn at så store mengder pukkellaks vil påverka livet i elva generelt og atlanterhavslaksen spesielt. Om han samlar seg for å gyta i delar av vassdraget, kan det bli svært problematisk lokalt. Det kan bli konkurranse om gyteplassane, og kanskje også mellom yngelen til dei to artane i den korte perioden pukkellaksyngelen oppheld seg i elva. Overgjødsling som fylgje av mengder med rotnande fisk kan også bli eit problem, for all pukkellaks døyr jo rett etter gyting.

Tradisjonelt samisk laksefiske med stengsel i Tana i 1975.

Foto: Åsmund Eknæs/ Anno Norsk Skogmuseum

Ser ikkje problemet

Morten Falkegård er forskar ved Norsk institutt for naturforsking og medlem av den norsk-finske forskings- og overvakingsgruppa for Tana. Han uroar seg også for fylgjene av pukkellaksinvasjonen, men har eit anna fokus.

– Når det gjeld pukkellaks som trugsmål for Tana, lyt eg vedgå at eg pustar heilt roleg. Eg ser ikkje det store problemet. 150.000 pukkellaks i dette vassdraget skal ikkje vera problematisk. Overvakingsbilete syner at dei to artane vandrar roleg side om side opp elva. Pukkellaksen gyter som kjent før vår laks, og det er ikkje vanskeleg for atlanterhavslaksen å finna alternative opphaldsstader i elva i den perioden pukkellaksen er på sitt hissigaste, seier Falkegård.

– Det er ein heilt annan dynamikk her enn i dei små elvane i Varangerfjorden, til dømes, der det ikkje finst så mange alternative standplassar.

Feil tankesett

Falkegård undrar seg over korleis me i Noreg overfører omgrep og tankemåtar knytte til vår laks på pukkellaksen. Det er jo tale om ulike artar med mykje ulikt levesett. Pukkellaksen blir ofte plassert i eit rammeverk der han ikkje høyrer heime, meiner han.

– Pukkellaksen har valt heilt andre løysingar i livshistoria si enn vår laks. Laksen vår gyter med få unntak i elva der han blei klekt. Genetisk tilhøyrer han difor ein bestand som er tilpassa akkurat det elvemiljøet han kjem frå. Einskilde atlanterhavslaksar som vandrar opp ei framand elv, kallar me «feilvandrarar».

– Men eg stussar når ein nyttar feilvandringsomgrepet om pukkellaksen. Han er jo av natur ikkje så kresen når det gjeld gyteelv. Frå Stillehavet veit me at det finst regionale bestandar som dekkjer store område. Pukkellaksen her i Finnmark høyrer til ein fellesbestand som omfattar Kola og Kvitsjøen. Dei ulike vassdraga her utgjer delbestandar i heilskapen, seier Falkegård.

Gyter annanstad

Tankegangen vår er avgjerande for åtgjerdene i kampen mot pukkellaksen, meiner Falkegård. Om me handsamar han som atlanterhavslaks, er det logisk i å setja opp felle i den elva der han gyter, og så la fella stå der nokre oddetalsår på rad. Då skal me vera kvitt han.

– Men røynda fortel noko anna. Sjå på elvane som hadde feller i 2019 og 2021. I 2023 såg me ingen respons på den massive utfiskinga om ein samanliknar med vassdrag utan slike tiltak. Uttaket lokalt hadde altså ingen effekt på mengda pukkellaks. Kva tyder det? At han gyter ein annan stad.

– Tenk på det fyrste store innsiget av pukkellaks til Finnmark i 2017. Det var utelukkande eit resultat av gyting i Kvitsjøen to år tidlegare. Den gav opphav til ny gyting over eit enormt område, nedover på kontinentet og på Grønland, fortel Falkegård.

Denne dynamikken gjer at me ikkje løyser pukkellaksproblemet i Finnmark gjennom å setja opp feller år etter år, meiner Falkegård. Så lenge Russland ikkje reduserer bestanden i Kvitsjøen, vil kvitsjøregionen alltid vera ei kjelde til ny pukkellaks i elvane våre.

– Sjølv om me greier å utvikla effektive tiltak på norsk side, er dette noko me må driva med annakvart år i uoverskodeleg framtid. Slike tiltak kan påverka laksen vår negativt, spesielt i Tana, der gytebestanden alt er på eit kritisk lågt nivå. Og då melder eit nytt spørsmål seg: Kva er det største trugsmålet, pukkellaksen eller tiltaka mot han?

«Kva er det største trugsmålet, pukkellaksen eller tiltaka mot han?»

Morten Falkegård, forskar

Forseinka oppgang

Også når det gjeld om fangstanlegga hindrar lakseoppgangen i elvane, er Falkegård av ei anna meining enn Frøiland og Sandodden. Slik fella i Tana var plassert i fjor, forseinka ho ikkje berre oppgangen av atlanterhavslaks. Ho kan jamvel ha påverka gyteevna og overlevinga negativt, meiner han.

– I sideelva Karasjohka tel ein sonar laksen som går opp til gyting. Typisk for Karasjohka er at storlaksen og mellomlaksen kjem i juni, og at det kjem litt smålaks i juli. I august er oppvandringa i praksis over.

– I sommar kom det bra med laks i juni, før fella blei sett opp. I juli kom det derimot særs lite, før det «losna» att i byrjinga av august, då kom mykje laks, i alle storleikar. Dette samsvarar med den tida fella var i effektiv drift, og tyder på at ein del av laksen blei forseinka med nesten éin månad, forklarer Falkegård.

– Laksen hadde måtta stå lenge og stanga ved stengselet nedst i hovudelva, som er langt varmare enn oppe i Karasjohka. Dette har sjølvsagt ein metabolismekostnad for laksen, som nyttar langt meir energi i varmt enn i kaldt vatn. Me har ikkje undersøkt kor mykje slikt kostar. Men det kan svekkja evna hans til effektiv gyting, eller beint fram føra til at han døyr før han kjem seg i gytegropa.

Kostnadskontroll

Falkegård ottast altså konsekvensane fangstfellene kan ha for laksen vår, særleg i form av ekstra tidsbruk. Dette meiner han det må forskast meir på.

– Eg har som jobb å betra kunnskapssituasjonen kring Tana-laksen. Eg skal finna ut kva for risikoar laksen må hanskast med, og kva som kan hindra ei vellukka gjenoppbygging av laksestammene her. Då blir dette eit kjernepunkt, som ikkje kan bagatelliserast.

– Me ser forresten at forseinkinga går andre vegen også, når laksesmolten skal vandra ut i havet. Videoopptak syner lakseungar som samlar seg oppstraums for fella, ikkje av di det står pukkellaks der, eller han ikkje kjem seg fysisk gjennom sperra, men av di han er redd for å passera anlegget.

Når det gjeld spørsmålet om tiltaka mot pukkellaksen sommaren 2023 var vellukka, stiller Falkegård seg kritisk til kriteria bak ei slik vurdering.

– I dag samsvarer graden av suksess gjerne med talet på pukkellaks som blei avliva. Og sidan det jo var mange, tenkjer ein at dette fungerte bra. Men suksessen kjem altså med ein kostnad for vår laks, og den kostnaden har me ikkje kontroll på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis