JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Invasjonen frå aust

I 2023 blei det for fyrste gong fanga meir pukkellaks enn atlantisk laks i norske elvar og fjordar. Korleis føregår kampen mot denne invaderande arten i nord?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pukkellaksen gyter gjere i stimar på over hundre individ.

Pukkellaksen gyter gjere i stimar på over hundre individ.

Foto: NJFF

Pukkellaksen gyter gjere i stimar på over hundre individ.

Pukkellaksen gyter gjere i stimar på over hundre individ.

Foto: NJFF

13575
20240126

Pukkellaks

Art i laksefamilien som høyrer heime i det nordlege Stillehavet

Kom til Noreg etter utsetjingar på Kolahalvøya

Toårig livssyklus, gyter i oddetalsår i Noreg

Alle døyr straks etter gyting og rotnar i elvane

Kategorisert som «høg risiko» på Artsdatabankens svarteliste

13575
20240126

Pukkellaks

Art i laksefamilien som høyrer heime i det nordlege Stillehavet

Kom til Noreg etter utsetjingar på Kolahalvøya

Toårig livssyklus, gyter i oddetalsår i Noreg

Alle døyr straks etter gyting og rotnar i elvane

Kategorisert som «høg risiko» på Artsdatabankens svarteliste

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

sjurhabring@gmail.com

Det strir jo eigentleg mot naturen: Jo lenger nord me kjem, desto lysare blir kveldshimmelen. Klokka nærmar seg midnatt før motorane skiftar til djupare stemmelægje og pilotane vippar flyet mot høgre i ein U-sving over Varangerfjorden. Me skriv 17. juli, og framleis er der ei veke att med midnattssol. Idet flyet går inn for landing på Kirkenes lufthamn, skimtar eg blodappelsinen gjennom det lette skydekket, hengande lågt over Austhavet i nord.

Mot horisonten i aust strekkjer det seg eit vidt og roleg kupert landskap som kverv bort i blåkvit dis. Det er Russland, som eg her ser for fyrste gong ved sjølvsyn. Dit kjem han frå, han finnmarkingane kallar russelaks, som eg er komen for å sjå. Kva er det med denne fisken? Og kvifor fryktar me han slik?

Fangstanlegget i Karpelva aust for Kirkenes er ei såkalla spilefelle, der ståande metallspiler fylgjer elvebotnen. Dei tre fellerøktarane er rutinerte: ein håvar, ein kakkar og ein bløggar pukkellaksen.

Fangstanlegget i Karpelva aust for Kirkenes er ei såkalla spilefelle, der ståande metallspiler fylgjer elvebotnen. Dei tre fellerøktarane er rutinerte: ein håvar, ein kakkar og ein bløggar pukkellaksen.

Alle foto: Sjur Haga Bringeland

Éin million?

Eg har vore lenger nord i landet, men aldri lenger aust, på lengdegrad med Kyiv, Istanbul og Alexandria. At Sør-Varanger er eit av Noregs mest militariserte område, vitnar alle passasjerane med grøn feltuniform om. Dei unge soldatane inngår i Noregs fyrstelineforsvar mot Russland.

Det gjer også somme av dei eg skal treffa, dei unge fellerøktarane som står i fyrstelineforsvaret mot den invaderande arten frå aust, mange av dei med løn frå staten. Forskarane har lenge varsla om at hordar med pukkellaks kjem til å siga inn mot kysten og elvane våre denne sommaren. Pressa har vidareformidla dette i krigstypar, med titlar som «en russisk invasjon», «forventer en million pukkellaks til Finnmarkselvene i 2023» og «slik skal de stoppe zombielaksen».

Kjenneteikn: Pukkellaksen har flekkar på sporden og svart tunge. Vår atlantiske laks, derimot, har blank spord og lys tunge.

Kjenneteikn: Pukkellaksen har flekkar på sporden og svart tunge. Vår atlantiske laks, derimot, har blank spord og lys tunge.

No kjem han

Om prognosane slår til, vil sommaren bli historisk. Utviklinga seier sitt: I 2017 blei det registrert 6600 fanga pukkellaks i sjø og elvar i Noreg. I 2019 var fangsten auka til 20.000. I 2021 tidobla han seg, med meir enn 200.000 fanga pukkellaks – kring 165.000 i elvane og over 40.000 i havet. Og veksten held fram i 2023.

Korleis skal atlanterhavslaksen vår kunna takla konkurransen mot den aggressive og talmessig overlegne artsfienden sin? Som laksefiskar gjennom mange år ville eg få med meg dramaet på nært hald. Men det er som med silda – ein veit aldri nøyaktig når ho kjem. For nokre dagar sidan fekk eg så endeleg telefon frå kontakten min i Finnmark:

– No kjem han for alvor!

Storsekken blei pakka, med telt, sovepose, fjellduk og dobbelt liggeunderlag. Somme av finnmarkselvane ligg nemleg utanfor allfarveg. Også vadebukse, flugestenger og flugeboksar fekk plass. Eg gler meg til å prøva bålgrilla pukkellaks. Og sjølve pukkelen, korleis smakar den?

Fryseboksen full

Lufthamna ligg kloss i Høybuktmoen leir, heimebasen til Garnisonen i Sør-Varanger. Flybussen tek meg den halvanna mila inn til Kirkenes, dei fyrste to nettene skal eg bu på Thon Hotel nede ved hamna.

På vegen passerer me Strømmen bru over Langfjorden. Er bussjåføren òg fiskar? Han senkar i alle fall farten, lener seg lett til høgre og kikkar ned. Ved tidevasstraumen blafrar to bål, og fire–fem fiskarar kastar sluk frå rullesteinsbreidda. Straumen driv i blanke kvervlar ut sundet; i skyminga er yta svart som råolje. Men stundom plaskar det i kvitt. Eg spør sjåføren, som nikkar oppgitt:

– Eg er så lei. Fryseboksen min er full.

Berre kjærleik og død

Slik såg eg min fyrste Oncorhynchus gorbuscha, den som Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsbanken for biologisk mangfald, vurderer som ein «svært høg risiko» med «stort invasjonspotensial». Det norske namnet har han fått på grunn av den kraftige klumpen som veks opp bak nakken til hannane i gytetida. I Nord-Amerika kallar dei han pink salmon, på grunn av det rosa skjæret langs sidene.

Pukkellaksen høyrer til laksefamilien og er anadrom, som vil seia at han gyter i ferskvatn, men har beitevandring til havet, der han lever pelagisk, altså i dei frie vassmassane. Han høyrer heime i Stillehavet, langs kysten av Russland, Canada og Alaska. Til våre lengdegrader er han komen av di russarane på 1950-talet byrja å setja han ut i elvane kring Kola og Kvitsjøen. Men det var fyrst utsetjingane seint på 1980-talet som etablerte sterke, sjølvproduserande bestandar.

Me har sett han i naturfilmar, gjerne i kjeften på ein grizzlybjørn, i elvar som ser ut til å ha meir laks enn vatn. Oppgangen kan vera enorm, noko som i sin tur fører til forpesta vatn når fisken rotnar. Og rotna, det gjer han, faktisk alt medan han er i live.

Når pukkellaksen når elva, er det berre kjærleik og død. Heile organismen innstiller seg på gyting: Indre organ misser blodtilførselen og svinn bort, immunsystemet kollapsar og heile kjøtbitar fell av – difor tilnamnet «zombielaks». Alle individ døyr to år gamle. Arten har nemleg ein strengt toårig livssyklus, til skilnad frå vår laks, Salmo salar, som blir mykje eldre og kan gyta opptil fire gonger.

«Når pukkellaksen når elva, er det berre kjærleik og død.»

Oddetalslaks

Apropos gyting: I fangststatistikken over blei berre annakvart år nemnt – 2017, 2019 og så bortetter. Dette kjem av at pukkellaksen i Noreg (med få unntak) gyter i oddetalsår. Rettare sagt: Det er oddetalsbestanden som har eksplodert dei siste åra. Partals- og oddetalsbestandane er genetisk heilt isolerte frå kvarandre, for den strenge toårige livssyklusen gjer at dei aldri gyter saman.

Mindre streng er pukkellaksen når det gjeld kva for elv han går opp i. Medan vår laks i all hovudsak gyter der han blei klekt, er langt fleire av pukkellaksane «feilvandrarar» som går opp i framande elvar. Dette, saman med den korte livssyklusen, bidreg til den raske spreiinga vestover og sørover i Noreg. Vår laks kan i beste fall vera attende på gyteplassen etter tre år, men det kan gjerne ta over ti år.

Pukkelseminar

Neste morgon er eg tidleg oppe for å henta leigebil på Hesseng, ein tettstad fem kilometer sør for Kirkenes dominert av store supermarknadar og bilforretningar. I rundkøyringa er det skilta mot Alta til høgre og mot Murmansk til venstre, med både latinske og kyrilliske bokstavar.

Eg skal til venstre, på pukkellaksseminar i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund, der forskarar, forvaltarar og politikarar skal gjera opp førebels status for sommaren. Ei slags midtvegsevaluering, altså. Dette skjer utandørs, ved fangstfella i Karpelva i Jarfjord ein halvtimes køyretur austover mot Grense Jakobselv. På vegen passerer eg Storskog, Noregs einaste grensepasseringsstad mot ein stat utanfor Schengen. Her er ikkje eitt menneske å sjå.

Elvas villsvin

Ved brua i Karpelva er det god stemning, med bålrøyk, reinskinn, kokekaffi og sjenerøst påsmurde rundstykke. Eg blir overraska over kor lita denne elva er, sjølv om ho er fleire mil lang, med delar av nedslagsfeltet i Russland. På denne låge vassføringa treng ein knapt vadebukse for å kryssa henne.

Likevel kan altså titusenvis av pukkellaks gå opp i finnmarkselvar av denne typen. Ja, sjølv små bekker kan dei kolonisera. I fella like oppstraums for brua blir all fisk fanga. Pukkellaksen blir kakka, medan atlantisk laks, sjøaure og sjørøye får halda fram vandringa. Fileten og rogna blir nytta som mat, og det som blir igjen, går til dyrefôr.

Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund ynskjer velkommen. Røysta hans høyrer eg mest kvar veke, i Statsskogs gode podkast «Jakt- og fiskepodden». Også Øystein Hansen frå Sør-Varanger jeger- og fiskerforening helser eg på, ein eldre, munnrapp kar med velbrukt filthatt og lang same­kniv langs låret.

Eg har snakka med han på telefon, for han styrer pukkellaksuttaket i tre av elvane her, og eg hugsar han kalla pukkellaksen for «elvas villsvin». Samanlikninga har noko føre seg: Begge er invaderande artar frå aust, dei er glupske og aggressive, opptrer i stim eller flokk, grev og herjar i bakken eller elvebotnen, har hoggtenner og reproduserer seg raskt. Sjå til Sverige og villsvinproblemet der: I 1988 hadde dei kring 500 slike svin på skogen, i dag har talet bikka 200.000.

Fellerøktar Knut-Harald Reite syner skilnaden på ho og hann. I gytetida utviklar hannen den karakteristiske pukkelen.

Fellerøktar Knut-Harald Reite syner skilnaden på ho og hann. I gytetida utviklar hannen den karakteristiske pukkelen.

Pukkel og a-laks

Alle miljø utviklar sjargongar. Pukkellaks blir her berre kalla pukkel, og atlantisk laks kort og godt a-laks. Kaffien kjem på bordet, og fyrste talar blir introdusert: biologen Torbjørn Forseth, ein sindig trønder som er leiar i Vitenskapelig råd for lakseforvaltning. Han fortel at Finnmark har vore friområdet til laksen i Noreg dei siste 20 til 30 åra. Generelt er her få menneskeskapte trusselfaktorar, lite problem med forureining, elvane er ikkje regulerte, og der er lite lakselus og innblanding av oppdrettsfisk. Difor står det betre til med laksebestanden her enn i resten av landet.

Kva for konsekvensar vil pukkellaksinvasjonen få? Ting tyder på at denne fisken er ein klimavinnar som tener på varmare hav. Men kunnskapsgrunnlaget er tynt, vedgår Forseth, sidan situasjonen er så ny. Mest uroleg er han for økosystemeffekten på elvane våre.

Norske vassdrag er næringsfattige, men om tusenvis av pukkellaks går opp i elvane og rotnar, blir store mengder energi og næringsstoff overførte frå havet til elva. Vassdraga våre blir rett og slett overgjødsla. I Alaska er økosystemet tilpassa dette gjennom titusenvis av år. Der er fleire predatorar, særleg bjørnar, som beiter på fisken. Men her heime kan nok overgjødslinga skipla det økologiske mangfaldet.

Vil me så lukkast i kampen mot den framande arten? Me klarer nok ikkje å utrydda han, meiner Forseth, men feller som denne i Karpelva slepper i prinsippet ingen pukkellaks gjennom.

– Får me ned reproduksjonen, er likevel eit viktig mål nådd, avsluttar han.

«Pukkellaks blir her berre kalla pukkel, og atlantisk laks kort og godt a-laks.»

Ikkje fåfengd

Også Eirik Frøiland frå Miljødirektoratet er optimist. Rogalendingen er leiar for Nasjonal kompetansegruppe for tiltak mot pukkellaks. Han fortel om korleis kampen har utvikla seg dei siste åra, og om korleis dei ulike felletypane fungerer. Fleire hundre menneske arbeider no med uttak av pukkellaks, og det nye i 2023 er at mange er lønte gjennom statleg finansiering.

Den i Karpelva er såkalla spilefelle, med rørlege, ståande metallspiler som fylgjer elvebotnen slik at ikkje fisken smett under. I midten er ei opning inn til fangstkammeret, der fisken blir sortert manuelt ut to gonger i døgeret. Alle spilene er like lange, men sidan elvebotnen er ujamn, ragar dei opp av elva i ulik høgd. Toppen på spilene speglar slik att elvebotnen under. Det er faktisk noko vakkert ved det. Meg minner dei om pipene på ein orgelfasade.

Sjølv om til saman 30.000 pukkellaks no kan bli tekne på éi veke i Noreg, har ikkje Frøiland tru på at dei verste spådommane for 2023 skal slå til. Men sidan elvane lenge har hatt låg vassføring, står mange fiskar og stangar i elvemunningen.

– Når flaumen kjem, kan oppgangen difor auka kraftig, presiserer han.

Frøiland får stundom høyra at kampen er fåfengd. Då plar han minna om at dei som arbeider med fiskeforvaltning i Noreg, også før har løyst problem som lenge verka håplause. Det såg til dømes svart ut for villaksen då Gyrodactylus salaris herja lakseelvane som verst på slutten av 1990-talet. Ein hadde då, trass i store og kostesame tiltak, mislukkast i kampen mot denne laksedrepande parasitten i over 20 år. Somme meinte at me berre måtte leva med «gyroen» og satsa på at laksen tilpassa seg han over tid. Men til slutt lukkast ein, og dei fleste vassdraga er i dag «friskmelde».

– Kanskje kampen mot pukkellaksen også tek fleire tiår, men eg har i alle høve tenkt å halda fram, seier Frøiland.

Barokkmusling

Torbjørn Forseth nemnde effekten rotnande pukkellaks kan ha på økosystemet i elva. Den freda elvemuslingen er ein sårbar art som kan lida under dette. At pukkelen ikkje gyter to og to, men i flokkar på kanskje 150 individ, som grev gytegroper 30 centimeter ned i elvebotnen, gjer at små muslingar kan bli tekne av straumen og forsvinna ned elva. Dette fortel Paul Eric Aspholm, som er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Han sender rundt tre levande elvemuslingar som nett er henta opp av elva, så me kan ta og kjenna på dei. Etterpå får dei koma attende i elva. Den minste er kring 10 år, den mellomste 30 og den eldste meir enn 70 år.

Det er utruleg å tenkja på: Elvemuslingar kan bli opp mot 300 år gamle. Trakkar eg sund ein slik medan eg er ute og vadar, kan eg øydeleggja eit liv som byrja det året Johann Sebastian Bach blei Thomaskantor i Leipzig i 1723.

Korleis vil den freda elvemuslingen takla tusenvis av rotnande pukkellaks? Individa her er høvesvis kring 10, 30 og 70 år gamle.

Korleis vil den freda elvemuslingen takla tusenvis av rotnande pukkellaks? Individa her er høvesvis kring 10, 30 og 70 år gamle.

Munkelva neste

Det praktiske kjem til slutt. Me går ned til fella for å sjå sjølve uttaket. Den fyrste røktaren håvar her ut pukkelen frå fangstkammeret, den andre kakkar han i hovudet med ein gummihammar, den tredje bløggar han og lempar han i ein svart murarbalje. Baljen blir full.

Men i andre elvar er oppgangen no endå større, til dømes i Munkelva sørvest for Kirkenes. For å setja det i perspektiv: Innsiget av atlantisk laks har der tradisjonelt vore på nokre hundre individ i året. I 2021 kom det 14.000 pukkellaks.

Eg avtalar med elverøktarane, som også står for pukkeluttaket i Munkelva, å møta dei der i morgon tidleg. Og så lyt eg jo fanga pukkellaks sjølv. Det skal eg i den vesle Vesterelva lengst inne i Varangerfjorden. I 2021 var dette den elva i Noreg der det blei teke aller flest pukkellaks. Som det seinare skal syna seg, vil denne syrgjelege rekorden bli gjenteken i 2023.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis