JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil nytte Rwanda
som asylskremsel

Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

10717
20240503

Bakgrunn

Storbritannias Rwanda-avtalar

Den fyrste avtalen vart inngått i april 2022 og inneber at migrantar som kjem til Storbritannia som blindpassasjerar eller i båtar, skal kunne sendast til det austafrikanske landet for å søkje asyl der i staden.

Vart stoppa i juni 2022 etter vedtak frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Vart også avvist som ulovleg av Storbritannias høgsterett, som i november i fjor kom til at Rwanda ikkje var eit trygt tredjeland å sende migrantar til.

I år vart det inngått ein ny avtale med Rwanda som nyleg vart godkjend av det britiske parlamentet.

Innvandring

eva@dagogtid.no

– Det overordna føremålet er å avskrekke farlege og ulovlege reiser til Storbritannia som set menneskeliv i fare, og å forstyrre forretningsmodellen til menneskesmuglarar som utnyttar sårbare menneske.

Det skriv den britiske regjeringa om det kontroversielle lovforslaget som nyleg vart godkjent i parlamentet: 

Bakgrunnen for vedtaket er det store talet på migrantar som har teke seg inn i landet i småbåtar over Den engelske kanalen dei siste åra, via Frankrike eller andre trygge europeiske land. Som EU-medlem og del av Dublin-forordninga kunne britane tidlegare returnere dei til andre europeiske land, men det kan dei ikkje etter brexit, fortel Grete Brochmann, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Medan det i 2019 vart registrerte 1843 personar som kom til Storbritannia via småbåtar, var talet i 2022 oppe i 45.700, ifølgje statistikk frå den britiske regjeringa. Så langt i år har det kome over 6200, som er ein auke jamført med same tindspunkt i fjor.

Målet til britane er altså å hindre båtmigrantar i å kome, ved at dei framover kan risikere å verte sette på eit fly til andre sida av ekvator og i beste fall få asyl i Rwanda. Dei som vert deporterte, skal ikkje få høve til å returnere til Storbritannia.

Spørsmålet er om alt går som planlagt for britane.

Juridisk motstand

Storbritannias statsminister, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker, og kjelder i innanriksdepartementet har fortalt The Guardian at arbeidet med å identifisere den fyrste gruppa asylsøkjarar som skal sendast ut, er i gang. Rwandas regjering har alt peika ut to større bygningar i hovudstaden Kigali som skal huse asylsøkjarane frå Storbritannia, melder Al Jazeera.

Men det er enno moglege hindringar på vegen. Både Europarådet og FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, meiner deportasjonsplanen bryt med flyktningkonvensjonen og har bede britane revurdere vedtaket. Fleire advokatar har òg byrja førebu seg på å gå i kamp for enkeltasylantar som kan verte råka.

Som kjent vart den fyrste avtalen med Rwanda om deportasjonar – inngått av Boris Johnsons regjering i 2022 – også stoppa. Fyrst mellombels av eit vedtak frå Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Seinare vart avtalen òg kjend ulovleg av Storbritannias høgsterett, som konkluderte med at Rwanda ikkje var eit trygt tredjeland, og at asylsøkjarar som vart sende dit, risikerte å verte sende vidare til land der livet eller fridomen deira kunne vere truga.

Så langt i år har meir enn 6200 migrantar kome til Storbritannia over Den engelske kanalen. Det er fleire enn på same tid i fjor. Biletet syner migrantar som er plukka opp av eit britisk grensevaktskip og vert sette i land i Dover tidlegare denne veka.

Foto: Chris J. Ratcliffe / Reuters / NTB

Ikkje nærområde

Og kvifor Rwanda, kan ein jo spørje. Landet sør for ekvator kan ikkje nett reknast som nærområde for afghanarane og vietnamesarane som utgjer rundt 40 prosent av båtmigrantane som har teke seg over den engelske kanalen så langt i år. Det er heller ikkje heimeområde for iranarane og tyrkarane som saman utgjorde rundt 25 prosent av båtmigrantane i fjor.

Ifølgje det britiske magasinet The Week har andre land og stader som Isle of Wight, Gibraltar, Albania, Ghana og øya Ascension i Sør-Atlanterhavet òg vorte vurderte som mottakarland av asylsøkjarar, utan å vere aktuelle. Nokre vart avviste som ikkje eigna, andre fordi vertslandet sjølv ikkje var interessert i å ta imot asylsøkjarar frå Storbritannia.

Rwanda, som er blant dei tettast folkesette landa i Afrika, har på si side alt teke imot flyktningar og asylsøkjarar frå nabolanda Burundi og Kongo, og har i 2024 ei asylbefolkning på over 150.000 personar, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR.

Landet, med rundt 14 millionar innbyggjarar totalt, har opplevd politisk stabilitet og økonomisk vekst dei siste to tiåra, og vert omtalt som velorganisert og som eit land med relativt lågt kriminalitetsnivå, jamført med andre land på same kontinent.

Den sitjande presidenten, ein tidlegare general og leiar av tutsimilitsen som var avgjerande for å stoppe folkemordet i landet i 1994, er derimot skulda av fleire menneskerettsorganisasjonar for brot på menneskerettane. Human Rights Watch meiner han står bak både drap og forsvinningar, tortur, politisk rettsforfølging, ulovleg internering og trugslar, trakassering og fysisk overvaking.

Israelsk avtale stoppa

Storbritannia er derimot ikkje åleine om å ha vendt seg til Rwanda med asylsøkjarar landet sjølv ikkje vil ta ansvar for.

Danmark vurderte det same for nokre år sidan, og underteikna òg eit memorandum med det austafrikanske landet, medan Israel mellom 2013 og 2018 faktisk overførte rundt 4000 eritreiske og sudanske asylsøkjarar frå Israel til Rwanda. Utsendingane vart derimot stoppa etter folkelege protestar og eit vedtak i israelsk høgsterett.

I Storbritannia har regjeringa i staden gått rundt høgsterettsdommen ved å lage ein ny avtale med Rwanda, som inkluderer å styrkje asylsystemet i landet, sikre at asylsøkjarane som kjem dit, ikkje skal risikerer å verte returnerte til land der dei kan vere truga, og styrkje overvakingskomiteen som skal føre kontroll med asylbehandlinga i Rwanda. Samstundes har Storbritannia no òg bokstavleg talt vedteke ved lov at Rwanda er å rekne som eit trygt tredjeland for asylsøkjarar.

Men om det står seg juridisk, står altså att å sjå.

– Statsoverhovud både i EU-land og i EU-institusjonane følgjer saka med stor interesse.

Grete Brochmann, professor ved Universitetet i Oslo

Ei symbolsak

Den britiske regjeringa har understreka at avtalen med Rwanda ikkje set tak på kor mange asylsøkjarar landet kan ta imot frå Storbritannia. Kostnadene ved planen kjem derimot til å auke per person som vert send av garde.

Alt no – før overføringa av asylsøkjarar har starta – har britane betalt ut 240 millionar pund til Rwanda, ein sum som svarar til rundt 3,3 milliardar norske kroner. Kjem talet på asylsøkjarar som vert sende til det austafrikanske landet over 300, skal landet ut med ein ny eingongssum på 120 millionar pund ekstra til Rwanda, og ytterlegare 20.000 pund per asylsøkjar, ifølgje tal frå National Audit Office (som tilsvarar Riksrevisjonen i Noreg), attgjevne av BBC. I tillegg, skal det ifølgje same kjelde betalast opptil 150.000 pund – tilsvarande 2 millionar norske kroner – per person som vert send til Rwanda.

Øivind Bratberg, som er Storbritannia-kjennar og fyrstelektor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, seier Rwanda-planen både er svært dyr og i realiteten omfattar nokså få asylsøkjarar. Slik han ser det, er føremålet fyrst og fremst å etablere ein trugsel om utsending for dei som kjem over kanalen, og å demonstrere i heimleg britisk politikk at regjeringa prøver å gjere noko.

Men planen bidreg ikkje til å løyse det som ifølgje Bratberg verkeleg er eit problem i britisk asylforvalting: eit stort etterslep i asylbehandlinga i landet generelt.

Migrantane som har teke seg til Storbritannia i båtar over Den engelske kanalen, utgjer nemleg berre eit mindretal av alle som har søkt asyl i landet dei siste åra, også når ukrainarar vert haldne utanfor reknestykket. Det syner tal frå det britiske innanriksdepartementet.

– Sjølv om det er urovekkjande mange menneske som kryssar kanalen, er det største problemet at britane ikkje har eit godt system for retur av dei som ikkje skal vere der. Den britiske institusjonen som handsamar asylsøknader, er òg kronisk underbemanna og har eit etterslep på rundt 120.000 saker. Samstundes er den langsame saksbehandlinga igjen med på å gje asylsøkjarar signal om håp, i og med at dei då får vere i landet ei stund.

– Det er her den verkelege proppen i systemet ligg, og det som i praksis fører til misnøye hjå britane, seier Bratberg.

– Det største problemet at britane ikkje har eit godt system for retur av dei som ikkje skal vere der.

Øivind Bratberg, fyrstelektor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo

Same logikk som EU

Rwanda-planen kan òg kome i spel politisk. Planen og loven som er vedteken, har vore ei kampsak for det konservative regjeringspartiet, som på målingane no ligg an til å tape det komande parlamentsvalet, medan Labour har ønskt å vrake planen.

Medfører planen synleg nedgang i talet på migrantar som kryssar kanalen, ser derimot ikkje Bratberg vekk frå at loven kan stå seg, også ved eit eventuelt nytt politisk fleirtal.

– Har dette skikkeleg avskrekkingseffekt, vil det nok vere mange britar som meiner det er verdt pengebruken. Men mange er i tvil, så her ligg det ei stor bevisbør på Sunak og regjeringa, seier han.

Brochmann er ikkje overtydd om at Rwanda-planen kjem til å verte ein suksess sett frå den britiske regjeringa si side, og ho ser det òg som truleg at planen kan verte utfordra juridisk igjen. Derimot trur ho ikkje at britane kjem til å bøye av før dei på ein eller annan måte har fått betre kontroll.

 – Logikken med å avskrekke og prøve å hindre at folk i det heile teke kjem som asylsøkjarar til eige territorium, er den som gjeld både i Storbritannia og i EU no. EUs nye asyl- og migrasjonspakt, som nesten er ferdig vedteken, gjev uttrykk for det same, sjølv om Rwanda ikkje har vore oppe konkret på same måte der som i Storbritannia. Pakta er ein langt meir omfattande avtale, seier ho.

Les også: Mot ein ny asylpolitikk i EU

– Kan den konkrete Rwanda-modellen verte aktuell for andre land?

– Det er i alle fall slik at statsoverhovud både i enkelte EU-land og i EU-institusjonane følgjer denne saka med stor interesse, seier ho og legg til:

– Det har bygd seg opp ein sterk frustrasjon fleire stader i Europa over den manglande kontrollen over migrasjonspolitikken og at landa heile tida vert stilte sjakk matt av menneskerettslovgjeving og av folk som klarar å ta seg til Europa trass i stadig meir kontroll på grensene. Etter kvart er det fleire land som er viljuge til å gå lenger og lenger for å prøve å kome seg rundt desse hindringane. Når det gjeld Storbritannia, trur eg til og med landet kan kome til å trekkje seg ut av internasjonale konvensjonar om forsøket på å få betre kontroll ikkje lukkast, seier Brochmann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis