JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

8076
20240503
8076
20240503

Utdanning

helga@dagogtid.no

I Vestland er det i dag fem vidaregåande skolar med musikk-, dans- og dramalinjer (MDD), til saman 174 skoleplassar per årskull. 90 av plassane er lokaliserte i Bergen. I eit forslag til langtidsplan som no er ute til høyring, er det foreslått å legge ned musikklinjene både på Voss og Stord, til saman 30 elevplassar per kull.

I fjor var det tilsvarande linjer i Trøndelag som hadde hovudet på blokka, året før gjaldt det Sortland vidaregåande i Nordland. Slikt skaper høg temperatur, både lokalt og i det nasjonale kulturfeltet.

Viktig miljøfaktor

Ein av dei som er nedslått over forslaget frå Vestland fylkeskommune, er Håvard Vambheim Styve, rektor ved Voss gymnas. Musikklinja på Voss har vore foreslått nedlagd før, og han er redd det blir alvor denne gongen.

– Sist blei resultatet at vi fekk ei halv klasse musikk saman med ei halv klasse KDA (kunst, arkitektur, design). Etter samanslåinga har vi hatt full klasse kvart år, så dette er eit tilbod ungdommane i regionen ønsker seg, fortel Styve.

Rektoren held musikklinja fram som ein viktig miljøfaktor ved Voss gymnas.

– Dersom musikklinja blir lagd ned, forsvinn delar av identiteten til skolen. Linja set preg på skolemiljøet med stadige konsertar for medelevane, og dei er alltid på scenen ved små og store hendingar, seier han.

Trugar valfridomen

Både kulturskolane og idrettslaga merka ein nedgang i tilstrøyminga på grunn av pandemien, som i det lange løp påverkar søkinga til både musikklinjer og idrettslinjer. Kor lenge denne effekten vil vare, veit ingen.

Men dersom det blir alvor av nedlegginga, er rektor Styve redd at musikklinje ikkje blir eit reelt val for ungdom frå den indre regionen av Vestland. For det er langt frå indre strok til Bergen. Ein lokal underskriftskampanje med over 3000 underskrivarar bruker same argument – at valfridomen til ungdom i regionen er truga.

Håvard Vambheim Styve åtvarar mot konsekvensane det vil få for lokalsamfunnet.

– Dette er eit studietilbod som gir mykje til lokalsamfunnet, med ringverknader for kulturskolen, korps og organisasjonslivet elles. Det er tilbod som kjem svært mange ungdommar til gode, så det er mange sider ved dette. Mellom anna er ungdommar ved musikklinja korpsinstruktørar, fortel Styve.

Kompetansen forsvinn

Rektoren er spent på eit høyringsmøte på Voss i nær framtid der elevar, organisasjonar og tilsette er inviterte til å uttale seg om saka. Han opplever at både kulturlivet og miljøet rundt skolen er svært opptatt av dette, og han håpar på stort engasjement på møtet.

I eit høyringssvar til fylkeskommunens nye framlegg til skolestruktur uttrykker lokale eldsjeler i kor og korps stor bekymring for kulturlivet i distrikta. For mange stader underviser musikklærarane ved vidaregåande både på musikklinja og den lokale kulturskolen, i tillegg til å dirigere korps og kor. Dette har trekt mange høgt utdanna musikarar og musikkpedagogar til distrikta, som dei no er redde for å miste.

Styve fortel om støtte frå kulturfestivalar, og frå lags- og organisasjonslivet i regionen, som bekymrar seg for konsekvensen av nedlegginga. I underskriftskampanjen blir det åtvara mot at innskrenkinga av tilbod «vil føre til kulturell utarming».

– Alt som svekker lokalt kulturliv, svekker tilveksten både av topputøvarar og av dei som blir kulturarbeidarar.

Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole

Kreative hovud

Rektor ved Noregs musikkhøgskole (NMH), Astrid Kvalbein, deler denne bekymringa.

– Ved NMH er vi opptatt av å rekruttere mangfaldig nok, å representere nok kulturar og stader i Noreg. Det slit vi med dersom musikklinjene blir lagde ned, for blant studentane våre er det eit stort fleirtal som har gått musikklinje først. Alt som svekker lokalt kulturliv, svekker tilveksten både av topputøvarar og av dei som blir kulturarbeidarar, publikum og aktive eldsjeler når dei flyttar heim igjen, meiner Kvalbein.

Kvalbein er klar på at svært mange av elevane ved musikklinjene på vidaregåande ikkje blir musikarar. Ho held likevel fram den nyttige kompetansen frå kunstfaga som særs viktig for alle delar av samfunnet vårt, fordi kunstfaga gjer at vi utviklar oss som menneske. Gjennom å jobbe med estetiske fag utviklar ein kreativitet, og er det noko samfunnet treng i framtida, er det kreative tilnærmingar, meiner ho.

– Det er mange som snakkar høgt om å satse på forsvar, helse og teknologi for tida. Men ein må ikkje tenke for smalt. For helse er jo gode liv, og kultur er ein viktig del av folks gode liv, berre tenk på demenskoret. Og kva forsvarer forsvaret? Identiteten vår, våre gode liv. Kva er det teknologien treng? Kreative hovud, etisk tenking, seier NMH-rektoren.

Jon Askeland (t.v), fylkesordførar i Vestland. Astrid Kvalbein (t.h), rektor ved Noregs musikkhøgskole.

Mobilisering

Ho åtvarar mot å tenke for nytteorientert og isolere sektor for sektor, fordi ein går glipp av det heilskaplege bildet. For som samfunn treng vi den kreative haldninga til livet som kunstfaga gir, overalt. Dei kunstfaglege institusjonane jobbar i spennet mellom å dyrke fram dei ypparste av dei ypparste utøvarane og å utvikle det breie kulturfeltet, og det krev ressursar. No spøker det for ytingane til kulturlivet mange stader, jamfør den pågåande debatten om kyrjemusikarutdanninga.

Kvalbein oppfordrar til mobilisering i heile kulturfeltet.

– Skal vi bevare breidda i kulturfeltet, er vi avhengige av at store offentlege aktørar tar ansvar. Kulturlivet i Noreg er eit stort økosystem, der alt heng saman og er sårbart. Dette feltet treng fagfolk, rett og slett, over heile landet. Dersom musikklinjene blir lagde ned, forsvinn fagfolka som held liv i lokale korps, kor og kulturskolar. Og da forsvinn kulturen. No er det tid for å mobilisere over heile linja, seier Astrid Kvalbein.

Prioriteringar

I Vestland trekker fylkesordførar Jon Askeland fram to årsaker til prioriteringane i forslaget til ny skolestruktur. For det første er rammene til fylkeskommunen pressa, her som overalt elles. Musikk-, dans- og dramalinjene (MDD) er smale linjer som er ressurskrevjande på grunn av mykje gruppe- og eineundervisning. Ifølge Statistisk sentralbyrå er driftsutgiftene til ein elevplass på MDD 130.000 per år, medan ein elevplass på studiespesialisering kostar drygt 84.000. Ein halv klasse kostar dessutan ikkje halvparten så mykje som ein heil, det kostar 75 prosent.

For det andre er elevtalet fallande på bygdene i Vestland, om ti år vil det vere 5000 færre elevar i vidaregåande enn i dag. Dette krev innstrammingar. Alt no er det eit skrikande behov for arbeidsfolk overalt, med færre elevar vil det bli enda større press i alle sektorar. Derfor er det lurt å prioritere yrkesfag og helse, meiner Askeland.

Han meiner det er enda viktigare enn før at elevane vel utdanningar som gir gode utsikter til jobb. Samtidig ønsker han seg eit utdanningstilbod som utviklar gode lokalsamfunn.

– Det er ikkje tvil i mi sjel om at lokalsamfunn som mistar lærarkreftene i MDD-linjene, vil få langt svakare kulturtilbod og dermed vere mindre attraktive lokalsamfunn. Men det er vanskeleg å sikre eit godt nok tilbod overalt, for sjølv om vi ønsker eit mest mogleg desentralisert tilbod, bur 60 prosent av elevane i Vestland i Bergen og omegn, seier Askeland.

Livskraftige samfunn

Trass i gode intensjonar er det svært mykje sentralisering i utgreiinga som no er ute til høyring, der det altså er foreslått at MDD på sikt berre skal vere eit tilbod i Bergen og på Sandane. Askeland understrekar at dette berre er eit forslag som er utvikla av administrasjonen, og at den politiske prosessen skal i gang etter sommarferien.

– Eg trur ikkje det politiske vedtaket blir slik, det er for radikalt. Men det som er bra med dette, er at det fører til ei oppvakning lokalt. Vi må ha ein plan for det som kjem til å skje med elevtala. Og dette forslaget fører til gode samtalar i kommunane. Vi må møte framtida konstruktivt, meiner fylkesordførar Askeland og oppmodar til mobilisering og ein god naboprat for å sikre livskraftige lokalsamfunn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis