JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

3575
20240503
3575
20240503

Biografisk roman

Lars Elling:

Ved porten til stillhetens skog

Forlaget Oktober

Det er nok mange som veit at Stian Carstensen er eit musikalsk geni, ein multiinstrumentalistisk virtuos, men færre har visst at det i alt det instrumentale til tider har vore mindre av instru og meir av det mentale, sagt annleis: Han har hatt sitt å stri med, med psykosar og sjølvmordsforsøk, og Lars Elling skriv både om dette og om seg sjølv i den nye boka si.

Lars Elling kallar boka ei forteljing, og det er ikkje noko gale med ei slik nemning, men denne tekstmassen er både ein roman, ein biografi og eit frodig informalt essay om menneskesinnets labyrintar, kunstfagets laborantar og improvisasjonens labberuntar, labbetussar, libertarianarar og libertinarar i evige strikkhopp mellom katatoni, ketsjupeffekt og kitch, catch, fillebombombom.

«Elling skriv om pasientrolla på forvitneleg vis.»

Alt er skrive med same vidopne, eklektiske sinn og overskot som det ein kan høyra frå Carstensens trekkspelbelg, der høgt møter lågt utan å diskriminera mellom anna enn godt og dårleg, etter idiosynkratiske kriterium ein ikkje forstår i utgangspunktet, men med resultat ein vert begeistra av.

Personleg

Elling skriv både om seg og om Carstensen, men sjølv om ein kjem tett på Carstensen i den psykotiske augneblinken og får mange glimt av dei sprelske påfunna hans og sinnets tornado, går ikkje teksten over terskelen til det private når det gjeld musikaren. Det Elling skriv om seg og sitt, er naturlegvis personleg, men det har sin tydelege plass i heilskapen og er aldri forstyrrande.

Boka syner oss Carstensen som ein inkluderande og læreviljug person med mange talent, mellom anna for språk og hybridar mellom blinkskot og blødmar, og Elling er sanneleg av same stamme, det urfolket han sjølv definerer ved ein diagnose som også høver på han som skriv denne meldinga, nemleg assosiasjonstourettes. Utan assosiasjon vert det ingen kunst, og heller ikkje ein person.

Då Carstensen etter ei tid kvikna til att frå eksilet i dei mentale provinsane, byrja han på eit prosjekt som vart til det fabelaktige albumet Musikal Sanatorium, og mykje av boka held seg til dette, med eit kapittel for kvart musikkstykke, der titlane vert forklarte, saman med faktaopplysningar om hjernens geografi, stader ein ikkje kan reisa til, men stundom frå.

Heilt til slutt kjem me til tittelen «Hippocampus Serenade», som vart den prioriterte singelen frå albumet, der me får heile soga attom den vakre og snodige videoen til same låt, som ein kan sjå på YouTube.

Opphoping

Fuglane veit kva det vil seie å ha ein song på hjernen. Mange av oss høyrer stundom røyster, men Stian Carstensen seier: «Jeg hører annenstemmer og tredjestemmer.» Elling går ikkje inn i sjukdomshistorikken til Carstensen, han gjer han ikkje til ein pasient, men lesaren forstår at dei sjuke episodane ikkje er brot med dei friske, men berre ei opphoping av same uro og hyperaktivitet i hjernen, til det brått vert tomt.

Elling sjølv sykkelstuper derimot inn i pasientrolla, og han skriv om det også på forvitneleg vis, som den oppriktige mannen han er, og som ein høyrer om i eitt av lydspora til denne boka, «Guantanamera». Og sjølv om både handling, stil og metode er annleis, minner boka litt om Wittgensteins nevø av Thomas Bernhard, og i tillegg til det er Ellings bok både opplysande, underhaldande og inspirerande, og då skulle vel det meste vera på stell.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis