JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

I Jakobs­elvas juv

Vestre Jakobselv har ry på seg for å vera ei av Noregs beste lakseelvar. Men også her har den atlantiske laksen tronge kår, for skal han opp i elva, lyt han fyrst forbi ein propp av pukkellaks.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vestre Jakobselv har ei såkalla flyteristfelle. Eit gjerde av horisontalt monterte plastrister er monterte i botnen. Desse flyt diagonalt opp gjennom vassøyla slik at fisken ikkje kjem seg over.

Foto: Vidar Isaksen

13524
20240209

Pukkellaks

Art i laksefamilien som høyrer heime i det nordlege Stillehavet

Kom til Noreg etter utsettingar på Kolahalvøya og kring Kvitsjøen

Toårig livssyklus, gyter på oddetalsår i Noreg

Alle døyr straks etter gyting og rotnar i elvane

Kategorisert som «høg risiko» på Artsdatabankens svarteliste

sjurhabring@gmail.com

Det er som med sommarmakrellen når han bit på annakvart kast: I byrjinga er det moro, men snart går ein lei. Og kva skal ein gjera med all fisken? Eit røft overslag seier meg at eg dei siste dagane har drege i land om lag 70 pukkellaks, den finnmarkingane kallar russelaks eller kort og godt pukkel. 70 – det er fleire enn det samla talet på atlantisk laks eg har fått gjennom 25 år som sportsfiskar. Atlantisk laks har eg elles korkje fått eller sett til no på turen.

På Facebook finst der ei rekkje pukkellaksgrupper, der denne invaderande arten frå aust blir feira som «den nye folkelaksen». Bileta syner glisande fiskarar med sylvblanke fiskar lina opp på svaberg. Men desse blei fanga i havet, tidlegare på sommaren. No, i slutten av juli, blir det stadig lenger mellom dei etande eksemplara, for når han nærmar seg elva for å gyta, blir han fort blaut og bleik i buken. Men somme eksemplar er gode. Etter å ha meska meg med steikt pukkel, grilla pukkel, røykt pukkel og kokt pukkel, var likevel finnbiffen på Elvekanten Spiseri ved Tana bru ei kjærkomen avveksling.

Jakobselvas midtre del går gjennom loddrette fjellsider med vedunderleg grønklåre kulpar. Det er som å titta ned i eit akvarium.

Foto: Sjur Haga Bringeland

Døyva ettersmaken

Kjærkomen er også avslutninga på finnmarksferda: Eg har sikra meg fiskekort i Vestre Jakobselv, som dei siste tiåra har vore mellom Noregs aller beste lakseelvar. Vil eg greia å lura ein atlantisk laks på flugestong? Eg er nøgd med éin; det vil døyva ettersmaken av pukkel.

Men også i Jakobselva slit laksen vår. Når han søkjer heim frå havet til elva der han blei klekt, må han fyrst forbi ein propp av pukkel. Tidlegare denne månaden tok eldsjelene i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforening, som forpaktar elva av Finnmarkseiendommen, heile 4000 pukkellaks i elveosen – i eitt einaste notkast. I fiskefella nokre kilometer lenger oppe sorterer røktarane ut den uynskte arten og slepper atlantisk laks, sjøaure og sjørøye forbi. Fyrst etter dette kan laksen halda fram gyteferda, som går opp fossar og gjennom fisketrapper fleire mil innover vassdraget. Oppgangen av atlantisk laks i Vestre Jakobselv har likevel vore elendig. «Eit katastrofeår til no», las eg i lokalavisa. Kjem dette av pukkelproblemet? Eller er det berre naturlege svingingar i bestanden?

Rekordlaks

Pukkellaksen er ikkje større enn tre til fire kilo. Han blir nemleg berre to år gammal og døyr etter fyrste gyting. Vår laks, derimot, kan gyta fleire gonger og kjem i alle storleikar – den offisielle noregsrekorden er på 32,5 kilo.

Jakobselva er sidan tusenårsskiftet kjend som ei ypparleg smålakselv, men har også hatt ei god stamme av såkalla mellomlaks og storlaks. Smålaksen (1–3 kilo) har vore i havet i eitt år, mellomlaksen (3–6 kilo) i to, medan storlaksen har tre til fire samanhengande år i sjøen bak seg. Rekorden i Jakobselva er på 25 kilo: ein hannlaks teken i 2022 av ein finsk fiskar – som gav fisken fridomen tilbake.

Pukkelnebb: Hannlaksen utviklar eit grotesk nebb i gytetida, med sylkvasse tenner.

Foto: Odd Lehto

Elvecanyon

Jakobselva byrjar langt inne i Varangerhalvøya nasjonalpark og munnar ut i Varangerfjorden knappe to mil vest for Vadsø. Her renn ho gjennom ein variert og uvanleg vakker vassdragsnatur. Lengst oppe er dette ei grunn elv med småstryk og mellomdjupe hølar, i ope viddelandskap med fjellbjørk og vier langs breidda. Vidare går ferda gjennom elvedalar med loddrette fjellsider, der kaskadefossar og stupfossar fell beint ned i krystallklåre kulpar. Så, dei siste kilometrane etter den nedste fossen, er elva sakteflytande, med sand- og grusbotn og vide rullesteinsstrender på låg vasstand.

Og vassføringa er for tida verkeleg låg. Når eg passerer brua på E75, er elva så stilleflytande at der ser ut som ein fjordtarm. Langs breidda held måkane fest på daude pukkellaks. Nokre hundre meter bortanfor ligg Lille Chili, ein thairestaurant som også tilbyr overnatting. Der skal eg henta fiskekorta. På internett var det heilt utselt, juli er nemleg høgsesong. Men den sympatiske dama bak disken har ringt rundt og greidd å fiksa meg to døgnkort, for i dag og i overmorgon. Som søring betalar eg meir enn finnmarkingar, noko som er heilt greitt. I kategorien «nordmenn» og «utlendingar» kostar det 575 kroner kortet.

Rekordfangst: Fire tusen pukkellaks på eitt notkast ved Jakobselvas munning.

Foto: Raymond Jørgensen

Desinfiseringsplikt

Kortet gjeld frå kl. 18, så eg ankar på å koma meg i elva. Men fyrst lyt eg desinfiserast, noko Finnmark Indremisjon tek seg av. På Vestre Jakobselv Camping og Misjonssenter blir vadebuksa, støvlane, håven, stengene og snellene spraya med ei mjølkekvit væske. På desinfeksjonsattesten står det prenta: «Stopp Gyrodactylus salaris». Kampen mot denne laksedrepande parasitten har på landsbasis til no kosta staten éin milliard i form av forsking, overvaking og ymse meir eller mindre vellukka tiltak.

Det fine med Finnmark er at ein kan kombinera fjellfiske med laksefiske. Eller rettare sagt: Laksefisket kan levast som villmarksliv. På Vestlandet og i Trøndelag fylgjer jo hovudvegane gjerne elvedalane. I tillegg er den lakseførande delen der sør ofte relativt kort, på grunn av høge fossar. Her i Finnmark er høgdeskilnadene oftast mindre, og laksen sym milevis innover vidda.

Eihandsstong

Dei nedre fiskeplassane kan nåast med bil, men skal ein til dei øvre, lyt ein ta beina fatt, gjerne i fleire timar. Eg køyrer så langt eg kjem på skogsvegen vest for elva. Der pakkar eg storsekken, monterer fiskeutstyret og går innover det myrlendte terrenget. Ved den såkalla Fjerdefossen trekkjer eg snøret or snella for fyrste gong her. Elva har fire slike nummererte fossar, og Fjerdefossen er den øvste.

Flugestenger kjem i to hovudtypar: eihandsstenger og tohandsstenger. Til laksefiske er dei lange og kraftige tohandsstengene mest vanleg. Dette har ikkje berre med storleiken på fisken å gjera. Lakseelvane er større enn typiske aureelvar, og flugene ein nyttar, kraftigare, difor er det mindre slitsamt å kasta med tohandsstong. Men i Finnmark er dei fleste elvane små eller mellomstore, og laksen er kjend for å lika små fluger. Difor fungerer eihandsstonga fint. Den eg har med, er i snøreklasse 7, som eg vanlegvis nyttar til sjøaurefiske heime på Vestlandet.

Oppstraums for Fjerdefossen flyt ein roleg blankstraum som bikkar over i eit lite stryk før han skyt fart ut i fossehølen. Eg prøver meg lengst oppe, nett der blankstraumen byrjar å bli uroleg. Eit «brekk» kallar me eit slikt overgangsparti på fiskarspråket. På fortaumen har eg ei typisk engelsk «godvêrsfluge», ein Green Highlander som er bunden på dobbelkrok i storleik 8. Men korkje her eller lenger oppe i det grunne elvepartiet kjenner eller ser eg fisk.

Atlantisk arvesylv: Finnmarksferdas einaste «ekte» laks fekk fridomen tilbake.

Laksetrapper

Opphavleg kom laksane seg (med få unntak) ikkje lenger enn til Fyrstefossen, ein stupfoss med fall på kring fem meter ned i ei trong kløft ovanfor misjonscampingen. Men i 1950 blei det løyvd statlege pengar til å sprenga ei renne i berget, der det blei støypt trinnvise kummar som gjorde at laksen kom seg opp. Liknande laksetrapper blei seinare installerte i dei tre andre fossane.

Gyteområda for denne anadrome fisken, som forplantar seg i ferskvatn, men har beitevandring til havet, er difor langt større enn for 70 år sidan. Slik sett er laksen ein framand, «introdusert» art i størstedelen av vassdraget. Dette har skipla den økologiske balansen i høve til brunauren og røya, som hadde sine eksklusive leveområde her. Laksefiskyngel er nemleg territorial. Dei treng holrom langs elvebotnen til å gøyma seg i, difor har elva ein maksimalkapasitet for kor mange fiskeungar ho kan hysa. Ein vitskapleg rapport frå 2008 konkluderer med at røya er den største taparen i denne nye, menneskeskapte elverøynda.

Fri for kort

Men at laksen er ein habitatvinnar i Jakobselva, merkar eg lite til denne dagen. Eg fiskar gjennom nesten heile den lyse natta; skiftar fiskeplass, skiftar fluger, skiftar fisketeknikk, eg kastar og kastar – til fånyttes. Ikkje ein laks er å sjå, berre nokre småaurar som nappar late vårfluger frå yta i bakevjene. Heller ikkje fiskarane eg møter, dei fleste finske, har fått noko. Men pukkellaks er her heldigvis heller ikkje. På morgonkvisten hektar eg stonga på sekken og ruslar nokre hundre meter oppover bjørkeskogen, der eg fyrer opp kaffibål og kryp i teltet.

Neste dag held eg fram fisket. Men når eg glir på eit svaberg, riv hol i vadebuksa og skrapar opp snella, tek eg det som teikn på at det er på tide å gje seg. Lappesaker har eg heldigvis med. Det komande fiskedøgeret, som altså byrjar klokka 18, er eg «fri for kort», som dei ville sagt her oppe. Eg nyttar difor høvet til å inspisera pukkellaksfella, som er av ein annan type enn i dei andre elvane eg har vitja.

Flyteristfelle

Etter ein lengre prat med to desillusjonerte danskar («fire fiskedøgn, null laks»), parkerer eg hjå dei desinfiserande indremisjonærane. Fangstanlegget står rett nedanfor campingen. I Karpelva, Munkelva og Vesterelva har dei såkalla spilefeller, der eit gjerde av ståande metallspiler langs botnen fører fisken inn i fangstkammeret. I Jakobselva, derimot, er fella av flyteristtypen. I slutten av juli tok dei 1912 fisk i fella på éin dag – 1900 pukkellaks og 12 atlantiske laks. Ikkje rart at det er så daudt lenger oppe, når så få laks skal fordelast på milevis med elv.

Korleis fungerer ei slik flyteristfelle? Eirik Frøiland, som er fiskeforvaltar hjå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, har skildra dette for meg: Ei stålskjene med ein vaier er forankra langs botnen på tvers av elva. På denne heng seksjonar med plastrister, som flyt opp diagonalt gjennom vass­søyla. Plastristene har såkalla «flaps» som sørgjer for ekstra oppdrift – dess striare straumen er, dess meir oppdrift.

Denne felletypen har vore utprøvd i Etneelva i Sunnhordland i fleire år, men der for å luka ut oppdrettslaks. Han er temmeleg flaumsikker, for når vatnet stig, stig plastristene også, slik at fisken ikkje kjem seg over. Trestammer og anna rask som kjem rekande ned elva, glir derimot fint over plastristene utan å skada dei.

Jakobselva har fire laksetrapper som blei bygde etter krigen.

Grotesk skapnad

Før eg køyrer opp att på vidda, ruslar eg ein tur nedstraums for fella, der store grusøyrar er synlege med denne vasstanden. Stundom stinkar det av rotnande pukkellaks. Nokre hannpuklar ligg slengde bak ein stein, med tomme augehòler og ein grotesk, gapande kjeft, som frosen i eit skrik.

Eg har sett nok slike no. Assosiasjonen går til dei fælslege fabeldyra frå altertavla «Lystenes hage» av Hieronymus Bosch – den delen som syner helvete.

«Idet eg slepper taket, slår han éin gong med sporden og forsvinn i den grøn­klåre djupna.»

Atlantisk hoe

Finnmarksferda nærmar seg slutten. I overmorgon har eg fly heim frå Kirkenes. Med nylappa vadebukse kavar eg meg ned den bratte skrenten mot eit av dei vakraste elvepartia mellom Tredje- og Fjerdefossen. Vatnet der nede er vedunderleg grønklårt, kvar detalj på botnen er synleg. Eg fiskar temmeleg mekanisk over hølen og heilt ned mot brekket, til stryket der det er små lommer med stille vatn bak steinane. Når snøret plutseleg strammar seg, kjennest det mest som ein feil; lita tru har eg.

Men det er altså sant: Den kritkvite buken på ein sylvskimrande laks skyt i vêret, fyrst ein gong, deretter to–tre gonger på rappen så han surfar bortetter straumnakken. Eg stolar på fortaumen, for den har eg nett skift, difor legg eg tungt press på fisken. Nokre minuttar seinare har eg han inne mellom steinane, og eg får grep kring sporden. Grepet roar han ned, og utan å lyfta han opp frå vatnet lirkar eg kroken ut or kjeften med ei langnebba tong. Så ser eg det: Fisken er truleg ei hoe. «All ho atlanterhavslaks er fredet gjennom hele fiskeperioden», står det i elvereglane.

Heldigvis har eg vore forsiktig. Gjellene pulserer jamt, og det er ikkje teikn til blod. Fisken er altså uskadd, og idet eg slepper taket, slår han éin gong med sporden og forsvinn i den grønklåre djupna.

Summa summarum

Laksen min var éin av berre 518 atlantiske laksar som blei fanga på stong i Vestre Jakobselv sommaren 2023. Til samanlikning blei det teke ut 18.303 pukkellaks. Oppgangen var så elendig at elva blei stengd for fiske to veker seinare. Over halvparten av fiskarane her gjorde som meg denne sesongen: Dei sleppte fisken sin ut att. Men er det i det heile forsvarleg å fiska på ei så svak laksestamme? For berre seks år sidan blei det teke ti gonger så mange laks i denne elva. Lokale fiskarar ottast også andsynes trenden i sjølaksefisket, for i Vadsø kommune har sjøfangsten auka i den perioden elvefisket har minka. I 2023 blei det teke mest fire gonger så mange laks i havet som i elva.

Sjølv om forskinga syner at dei aller fleste individa overlever «fang og slepp» godt, er eg framleis ambivalent til denne praksisen, også når det kjem til det etiske. Men – det blir nok meir av slikt i åra framover. 2023-sesongen var den svakaste for villaksen i Noreg sidan me byrja å føra fangststatistikk her til lands. I stadig fleire lakseelvar blir det difor gjort som i Vestre Jakobselv: Ein innfører reglar for kor mange laksar ein får avliva på éin dag eller éin sesong, med detaljert regulering av kva storleik og kjønn som er lov å ta. Og så lenge elva er open for fiske, risikerer ein jo å få «feil» fisk på kroken.

Neste veke: Pukkellaksåret 2023 oppsummert

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis