JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

5546
20240503
5546
20240503

Massedaude av laks er eit veksande problem i norsk oppdrettsnæring, heile 62,7 millionar fisk døydde i merdane i 2023, og det har vore skrive mykje om korleis fisken slit med lusebehandlingar, sårbakteriar og gjelleskadar. Men i fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Dei manetene som er til plage for fisken, er ei blanda gruppe av enkle, radiærsymmetriske og gelatinaktige nesledyr, i nær slekt med korallar og sjøanemonar. Kroppen inneheld 95 prosent vatn, og dei lever eit tilsynelatande bedageleg, pelagisk liv i havstraumane, men er samstundes aktive rovdyr som jaktar på plankton, krepsdyr og småfisk.

For å kunne fange mat og til forsvar mot predatorar er manetene, som andre nesledyr, utrusta med omdanna sanseceller (nesleceller) som ved kontakt løyser ut ein hòl og harpunliknande tråd, ofte med mothakar. Gjennom desse trådane blir etsande neslegift sprøyta inn i offera.

Ingen gøymestader

Fisk blir lett skada av neslecellene til manetene fordi den ytste huda til fisken er levande og ikkje verna av eit daudt, ytre hornlag som hos menneske. Auga til fisken er heller ikkje verna av noko augnelokk. Når fisken sym, et og pustar i vatn med etsande maneter, kan gifta føre til sårskadar, gjere fisken blind, irritere tarmen og skade gjellene, slik at fisken får andenaud.

Smertene kan også føre til stress eller til rein panikk. I eit naturleg miljø har fisken rom nok til å rømme unna ei slik sviande plage, men innestengde i ein merd er oppdrettsfisken eit lett offer for manetangrep.

Det vi i Noreg kjenner som badeplassplage nummer éin, dei brune eller blåe brennmanetene, er stormaneter som på det verste kan bli opptil 2 meter i diameter og ha 30 meter lange brenntrådar. I eit oppdrettsanlegg er det utriveleg å vere fisk når svermar med slike beist driv inn mot merdane, blir knuste mot notveggen og fyller vatnet med lange, kraftige brenntrådar.

«Innestengde i ein merd er oppdrettsfisken eit lett offer for manetangrep.»

Dei store brennmanetene har mange små syskenbarn, myriadar av nesten usynlege rovdyr som kanskje utgjer størsteparten av den totale mengda maneter i havet. Dei er tilpassingsdyktige, formeirar seg raskt og kan ha stor innverknad på lokale økosystem, inkludert fiskeoppdrett.

Muggiea atlantica er ei av desse småmanetene, ho er blank som ei glasmanet og under 1 cm stor, men kan gjere stor skade og var årsaka til massedaude av laks både i Irland i 2003 og i Noreg i 2007.

Dødeleg perlesnor

Hausten 1997 skjedde det noko uventa i Øygarden og på Fedje i Hordaland. Titusenvis av laks døydde brått på grunn av ein invasjon av ei anna og til då ukjend manet i Noreg, perlesnormaneta Apolemia uvaria. Denne maneta var frå før kjend frå Middelhavet, Atlanterhavet og Stillehavet, og no hadde ho emigrert med havstraumane til Skagerak og noregskysten.

Ei neslecelle frå ei manet, forstørra 15.000 gonger.

Foto: Jannicke Wiik-Nielsen

Perlesnormaneter ser ut som lange frynsete band med kvite og rosa tentaklar, fullpakka av kraftige nesleceller. Dei kan bli opptil 30 meter lange, men er bygde som ein koloni av mange småmaneter som samarbeider og har spesialisert seg til ulike oppgåver.

Det er flest av desse manetene i sjøen i november og desember, og for fisk som blir brend av neslegifta, vil skadane i huda lett utvikle seg vidare til djupe sår når vatnet blir kaldare utover vinteren. Skadane på oppdrettsfisk det siste året har også vore dramatiske.

Stadig fleire?

Maneter og andre nesledyr ser ut til å ha klart seg godt gjennom heile utviklingshistoria, frå dei dukka opp for kanskje 500 millionar år sidan, og heilt fram til i dag. Dei siste hetebølgjene i havet ser no ut til å drepe korallreva i stadig større tempo, men klimaendringane ser ikkje ut til å gjere manetene søvnlause.

Akkurat søvn og maneter er forresten eit interessant tema, fordi fleire forskarar dei siste åra har vist at til og med maneter, med sitt primitive nervesystem, har ein definert døgnrytme med trong til faste kvileperiodar. Og maneter som blir uroa og vekte frå kvila si, ser ut til å bli trøytte og nedstemde dagen etterpå.

Eit varmare, surare og meir næringsrikt hav kan derimot føre til opplagde og aktive maneter som formeirar seg og spreier seg til nye område. Og når den internasjonale fiskerinæringa systematisk tømmer havet for stor fisk (som også kan ete maneter), kan vi, i verste fall, drive fram eit skifte i den økologiske balansen i havet, til gagn for manetene og ugagn for oss andre.

Kva no?

I mange år har vi sett at giftige maneter kan kome til å bli ei stor utfordring for oppdrettsanlegga i sjøen, men ingen har eigentleg teke tak i problemet. Tiltak som manetvarsel og vern mot drivande stormaneter og kolonimaneter må bli ein del av beredskapen. Korleis småmaneter som Muggiea kan haldast unna fisken i dei opne merdane, er litt meir uvisst.

Ingen veit kva som skjer til hausten, men perlesnormaneta ser no ut til å vere godt etablert langs heile kysten, og rapportar frå Havforskingsinstituttet viser at bestanden har auka bratt dei siste tre åra. Dette er alvorleg, men til trøyst kan vi sjå mot Australia og tenkje at dei har det verre. I havet der finst kubemaneter som ser ut som store og litt firkanta glasmaneter, men som er rekna blant dei giftigaste dyra på planeten. Er du ute og badar og kjem i nærkontakt med dei lange brenntrådane, kan du i verste fall døy av kraftige krampar etter berre nokre få minutt.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis