JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ein gul buss køyrde frå bygd til bygd

RJUKAN: Det går ikkje bilvegar over Hardangervidda, men det går femti mil med veg som ein krans kring henne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein haustlaurdag er det utlendingane som held hjula i gang oppi fjellet. Ein eritrear køyrer bussen og ein hollendar drosjen.

Alle foto: Håvard Rem

13380
20221021

Langfjella

Del 5. Kring Hardangervidda

Håvard Rem fer i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje.

24.6. Del 1. Hjerkinn

2.7. Del 2. Lesja

8.7. Del 3. Lærdal

15.7. Del 4. Hemsedal

havard@dagogtid.no

Hardangervidda er stor som Kreta, men du kjem ikkje over med bil. Du lyt køyra rundt. Om lag femti mil lang er vegen kring vidda. Sjåføren som køyrer den vesle gule bussen gjennom dei oktobergule telemarksskogane, frå Rjukan i Tinn kommune til Rauland i Vinje, er fødd i Eritrea. I Rauland skal eg møta ein jeger frå ei slekt som har budd attmed Totak, innsjøen, i ti generasjonar.

Velkomen att, gode lesar –?etter nokre månaders pause kan ferda gjennom Langfjella halda fram mot sør. Ho byrja på Hjerkinn og Lesja kring jonsok, før eg i juli fór i Nordfjella, kjende som Skarvheimen òg. No i haust ventar den sørlege helvta: Hardangervidda og Setesdalsheiane.

Kjernen

Kor langt nord Langfjella rekk, er det usemje om. Høyrer Dovrefjell med? Men éi sak er viss: Hardangervidda er sentrum. Namnet på fjella rakt i nord er Nordfjella. Nord for kva? Nord for Hardangervidda. Orienteringspunktet.

Men om ein alltid reknar nord for nord, går ein seg vill på vidda. Folk i vest kalla med rette austlendingane austmenn, men austmennene såg føre seg at Vestlandet låg i nord, og omtala såleis vestlendingane – dei som bur mellom bakkar og berg utmed havet ­– som nordmenn. Difor finn ein på Hardangervidda namn som Nordmannslågen og Nordmannsslepa, gamle ferdslevegar over fjellet.

Som framleis vert nytta. Berre i ytterkantane av vidda går vanlege vegar. Og der det går ein veg, går det gjerne ein dal. Og der det går ein dal, går det gjerne ei elv. Og der det går ei elv, har det gjerne gått ein bre. Slik er Noreg. Men ikkje Hardangervidda. Store fjordar, dalar, elvar og vegar har aldri makta å eta seg djupt inn i henne.

Ramma

Vegen kring Hardangervidda kunne ha vore eit sykkelritt om lag like langt som Den store styrkeprøven frå Trondheim til Oslo, drygt 50 mil. Om me no byrjar i det søraustlege hjørnet, kan ferda gå slik: Fylkesveg 37 og den vesle gule bussen fylgjer sørgrensa til Hardangervidda, frå Rjukan mot Rauland og Haukeligrend, og på E134 vidare mot Røldal – tre stader eg skal vitja på ferda vidare.

Riksveg 13 nordover gjennom Ullensvang i Hordaland, frå Røldal og Odda mot Kinsarvik, fylgjer vestgrensa av vidda. Riksveg 7 frå Kinsarvik og Eidfjord over Dyrenut mot Geilo dannar nordgrensa. Og til slutt: Austgrensa går frå Geilo sørover på Dagalivegen, fylkesveg 40, mot Uvdal øvst i Numedal, før ho fylgjer Tinnsvegen ned til Tinnsjå og fylkesveg 364 attende til Rjukan.

Fastbuande i fjellet

Den blide Rjukan-sjåføren skal køyra meg eit par av etappane, fyrst til Rauland, og ein annan dag vidare til knutepunktet Åmot der du på Vinje Kro kan eta kompedigg før du tek Setesdalsekspressen mot sør eller Haukeliekspressen mot vest og vidare kring Hardangervidda.

Vel eit sete på høgre side. Mykje av rundturen ser ein høgfjellplatået reisa seg, no i haustfargar, sidan i snø. For ein yrkessjåfør er vel ikkje dette eit dårleg alternativ til mjølkeruta i hovudstaden, 20-bussen mellom Skøyen og Galgeberg.

– Me trivst godt her. Vinterutstyr til borna er dyrt, men ein overtek frå familiar med større born. Oslo tenkjer me ikkje på, men sjølvsagt kunne me hatt kortare veg til gudsteneste.

– Den eritreisk-ortodokse kyrkja?

Birhane nikkar. Han og kona har busett seg på Rjukan med to born i skule- og barnehagealder.

Byen inni fjellheimen treng fastbuande familiar, men fast busetjing i fjellet har aldri vore sjølvsagt. I uminnelege tider har folk flest vore i fjellet om lag slik me er det i dag, i visse sesongar. I gamle dagar på jakt, i ikkje fullt så gamle dagar på fjellstølen, og i nyare tid på hytta, om vinteren, i påska, ja, meir og meir om sumaren òg.

Fjellgardar finst. I førre del av Langfjella-serien (15. juli) budde eg på Bjøberg øvst i Hemsedal, den høgstliggjande (1014 moh.) garden i Noreg som har heilårsbusetjing, opphavleg ein støl.

Større tettstader og byar i fjellet kom fyrst med industrien: gruveindustri, kraftindustri og turistindustri. Rjukan er ein slik by.

Hyttebyen

Ein by langt inni fjellet såg ingen føre seg, men Rjukan reiste seg på fossefall. I 1909 nådde jarnbanen dit, av alle stader, Noregs fyrste normalspora privatbane, opna av Kong Haakon VII. I mangt minner han om ein portugisisk koloni- og gruveby eg vitja langt inne i Angola, planlagd frå botnen og teikna av arkitektar.

Alt i 1920 nådde folketalet 8350, i norsk samanheng reine storbyen. I ei folketalsframskriving vil Rjukan i 2050, om ein skal tru det låge estimatet til Statistisk sentralbyrå, vera redusert til 2500 innbyggjarar ­–?ned 70 prosent frå stordomstida. Den demografiske nedgangen vert forverra av den demografiske slagsida. Berre drygt éin av ti innbyggjarar vil vera under 20 år, medan fire av ti er 65 år og eldre.

Utviklinga vert spegla i bustadprisane. I Rjukan kan ein kjøpa eit husvære i ein arkitektteikna arbeidargard til ein kvadratmeterpris ti gonger lægre enn i hovudstaden. Etterspurnaden er der, då som ein type bustad som alltid har vore karakteristisk for fjellheimen: sesongbustad, hytte.

Om folketalet går ned, held Rjukan på infrastrukturen. Jarnbanen er lagd ned, men rutebussen tek deg frå Oslo til Rjukan på drygt tre timar. Byen er framleis by, med butikkar, vinmonopol, sjukehusavdeling, dyrlækjar, skule og politistasjon. Rakt i sør ligg Gaustatoppen (1883 moh.), som du når med heis inni fjellet. Hugs ski. Og frå sentrum tek du Krossobanen rakt opp på Hardangervidda (886 moh.). Hugs sykkel.

Høgd og lengd

Kvar byrjar fjellet? I spørsmål om fast busetjing handlar det om meir enn høgd over havet. Sjølve Rjukan-byen ligg ikkje meir enn 300 moh., men omgjeven av så høge fjell ved foten av Hardangervidda – Hardanger Fjeld, som ein kalla det i gamle dagar –?at solljoset ikkje når ned i sentrumsgatene frå no i oktober til mars.

Nei, det er ikkje høgd åleine som avgjer kva som er Fjell-Noreg, men lengd – lengd frå kysten. Og kysten, veit me, rekk så langt dei farbare vassvegane rekk. Då skal ein ikkje høgt før ein er utanfor. I gamle dagar gjekk leidangsplikta så langt inn i landet som laksen gjekk, og i nyare tid går dugnadsplikta like langt. Budde ein innanfor dei siste stryka som laks og båtar kunne forsera, ja, då budde ein utanfor folkeskikken. I fjellet.

Kanalisering

Medan landhevinga i tusenår har lyfta meir innland bort frå vassveggrensa, har menneska i nyare tid nytta ressursar på det motsette, å forlengja vassvegane inn i landet, til dømes som laksetrapper, men fyrst og fremst som kanalisering – ein teknologi som midt på 1800-talet var like imponerande og viktig som jarnbanen.

Eit døme er Notodden. På vegen frå kysten til Hardangervidda ligg ei bygd som for drygt hundre år sidan vart ein industriby med den største innlandshamna i Noreg, takk vera kanaliseringa av vassdrag ned mot Grenland og havet.

Det siste stykket til Rjukan var for vilt til at ein kunne kanalisera det med sluser, men med ei blanding av innsjø-vassvegar og jarnvegar, til dels jarnbaneferje, oppstod Rjukan som noko så naturstridig som ein by i fjellheimen.

Innlandsbyar

Kva har me eigenleg hatt av innlandsbyar? Før den moderne industrireisinga fekk me Kongsberg og Røros, gruvebyar som betalte seg, men at det norske innlandet har vore fattig på byar, kjem ikkje berre av danskekongar som lét lydrikekolonien gå for lut og kaldt vatn, nei, det kom av Langfjella òg. Gå til gamle europakart og sjå kor ofte du finn ein innlandsby utan ein vassveg, ei farbar elv som transportåre.

Fjella byrjar lenge før dei vert høgfjell. Fjellet byrjar der vassvegen endar. Men dei same falla som ein gong isolerte innlandet, vart sidan til velsigning og verksemd med vasskrafta.

Telemark

Kvifor heiter det Telemark? Fyrste leddet er funne i dei eldste kjeldene frå folkevandringstida, som fortel om telane som budde her alt då. Ordet vart nytta på nytt av språkforskarane som for hundre år sidan gav nye –?det vil seia gamle – namn til norske amt som då vart fylke.

Men -mark? Ein meiner at ordet vart nytta om ein ytterkant, eit grenseområde, vanskeleg tilgjengeleg, kan henda tilhaldsstad for lovlause eller folk med andre, tidlegare lovar, område der tradisjonane fekk leva lenger enn andre stader, eit funn for folkeminnegranskarane då dei kom tidleg på 1800-talet, og seinare på 1800-talet eit funn for fosseoppkjøparane.

Rjukan, Bykle, Tyssedal, Sy-Sima – namn som reiste det nye Noreg. Ferda kring Hardangervidda er ei samanhengande vasskraftsoge.

Bussen har kryssa kommunegrensa mellom Tinn og Vinje. Til høgre ligg Møsvatn, den største skandinaviske innsjøen over 900 moh. Før vatnet når Tinnsjøen, har det passert fem kraftverk.

Fiskarbonden og jegerbonden

Mange har meint at nasjonalromantiske diktarar modellerte den norske bonden etter førebilete frå kontinentet, der natur og landskap i større grad låg til rette for storbønder med storgardar. Den norske bonden, har ein meint, var ein fiskarbonde. Meir enn endelause kornåkrar er Noreg kyst.

Og fjell. Jau, fjellbøndene fiska, dei òg. Kor viktig innlandsfisket har vore, kan ein sjå kring Fiskevollen ved Breisjøen på Maihaugen i Lillehammer. Men slik kysten har fiskarbonden, har fjellheimen jegerbonden.

Eit sjeldan syn for segn skal eg få på Sporanes, eit svaberg som stikk ut i innsjøen Totak i Rauland. Det er der Johan Bojer Vaa bur, jegeren me møter neste veke. Når Birhane set meg av i Rauland, er Vaa framleis på jakt i Kvenndalen.

Når han kjem heim, skal eg ta drosje dit. Nok ein gong kjem sjåføren frå utlandet. Det er helg kring Hardangervidda, og nordmennene – ikkje berre vestlendingane, men telemarkingane òg – er på storbyhelg eller på hytta. Ein haustlaurdag er det utlendingane som held hjula i gang oppi fjellet. På Vandrarheimen i Rauland sjekkar eg inn sjølv, men ein kar frå Midtausten syter for frukost neste dag, og ei polsk kvinne ryddar på kjøkenet. Ein eritrear køyrer bussen og ein hollendar drosjen.

Sporanes

Neste drosjeturen hans går med ein pasient heilt ned til Skien. Han trivst mellom fjella han sakna i heimlandet. Hollendaren kan leva av å køyra drosje i fjellheimen. Det kan gjerne ikkje nordmenn, for anten arbeider dei ikkje, eller så arbeider dei på betre vilkår.

– Totakvegen 282, seier eg.

Nei, det veit han ikkje kvar er. Eg nemner namnet til han som bur der, Johan Bojer Vaa.

– Å, du meiner Sporanes, smiler sjåføren.

Her har ikkje bustadene tal, men namn, og namna har soge. Sporanes har namn etter bronsealderspora ein finn på svaberget som strekkjer seg ut i Totak, på eigedomen til Vaa. Elg og rein er rissa inn på neset, i lag med fotsolar.

Her finst noko så sjeldan som jeger- og bonderistingar på same bergflata. Og like sjeldan 700 meter over havet er eit båtmotiv.

–?Der ligg to gamle fangstgroper, seier Vaa og peikar over vatnet, på fjellsida, der Hardangervidda reiser seg medan me granskar tre tusen år gamle spor etter jegerbonden. Fotsolane har same storleik som støvlane våre.

Godt humør

Meir om Sporanes neste veke når Vaa kjem heim frå Kvenndalen. Den vesle gule bussen nærmar seg Rauland. No er eg einaste passasjer. Karen bak rattet er i så godt humør. Etter å ha fullført vidaregåande som vaksen, og teke utvida sertifikat, er han no fast tilsett som bussjåfør.

– Å vera i full jobb er heilt naudsynt for ein som kjem utanfrå, seier han med eit stort smil.

Høgt syng me ein song eg lærte som gut og som Birhane no lærer seg: «En bussjåfør, en bussjåfør/ Det er en mann med godt humør/ Og har han ikke godt humør/ da er han ingen bussjåfør.»

Fjellmål

Fjell var det dei danske koloniherrane fyrst og fremst tenkte på med Noreg. Kysten var knapt å rekna som norsk etter Noregsveldet-tida, men høyrde til hanseatar, danskar eller hollendarar som kongen selde kysten og eikeskogane til.

Kyst var det overalt. Men ikkje fjell. Sett bort frå sylvet, koparen og jarnet var fjellet norsk. Det norske målet, som ein lenge såg på som ein dansk dialekt, vart på 1700-talet omtala som Fjeldmaal.

I områda bortanfor vassvegane var målet annleis, degenerert, som uforståeleg ljod framført av menneskeliknande skapningar som ikkje levde i trea, men i fjella, Fjeldaber, alternativt ein fjellgap (ein heimføding) og ein fjellkop («ein fårøynd fjellbu som kjem til byen og glor og kopar»). Sidan skulle ein koma til å sjå meir positivt på både målet og fjellet, som noko opphavleg og sunt.

Den gule bussen køyrer vidare mot Åmot. Eg står att på Krossen i Rauland. Utanfor bensinstasjonen har dei sett fram varer for sesongen. Vinteren kjem fyrst i fjellet. Her ved foten av Hardangervidda handlar det ikkje berre om snøfresarar. Dei vert små mot den svarte og raude brøytebilen. Slik er det å bu i fjellet: Skal me dra ned på Tiger Butikk og kjøpa ein brøytebil?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slik kysten har fiskarbonden, har fjellheimen jegerbonden.

Ferda kring Hardangervidda er ei samanhengande vasskraftsoge.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis