JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Der Langfjella rivnar

LESJA: Mangt har eg sett i livet, men i heile Langfjella, med tusen tjern og vatn, ja, i heile landet, finst berre ein einaste bifurkasjonssjø: Lesjaskogsvatnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Einar Morken, leiar i Lesja historielag, syner staden på Lesjaverk der Lesjeskogsvatnet har det austre utlaupet sitt, Gudbrandsdalslågen.

Alle foto: Håvard Rem

7946
20220701

Langfjella

Del 2. Lesja

I sumar fer Håvard Rem i Langfjella, frå Hjerkinn i nord mot Sirdal i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i målskilje og kulturskilje, vasskilje og vêrskilje.

24. juni. Del 1. Hjerkinn

havard@dagogtid.no

Det vatnet vil eg sjå. Frå Hjerkinn (1017 moh.) tek eg Dovrebanen sørover ein halvtime til Dombås (659 moh.), der eg går av og om bord på Raumabanen, som nyttar ein ny halvtime til Lesjaverk (633 moh.). Frå stasjonen er det kort veg å gå til Lesjaverk kyrkje (616 moh.) og austenden av Lesjaskogsvatnet (611 moh.).

Heilt vest i Innlandet ligg Lesja kommune med grense til Rauma og Møre og Romsdal. Folketalet er 2000, nær éin lesjing per kvadratkilometer. Åtte av ti kvadratkilometer ligg kring 1000 moh. og høgare, for det meste i nasjonalparkar. To av ti kvadratkilometer ligg kring 600 moh., og der bur dei 2000 lesjingane, med landbruk som viktigaste næring og Senterpartiet som største parti.

Sentrum i den sirkelforma kommunen, og i denne reportasjen, er det smale Lesjaskogsvatnet. I kvar ende ligg to bygdesentrum – Lesjaskog i vestenden og Lesjaverk i austenden. Mellom dei er det ei mil.

Lesja har eit levande historielag, og tre lokalhistorisk aktive lesjingar syner meg rundt. Som vegvisar i Lordalen og Lorkverna ei mil i aust har eg Rolf Sørumgård, som dessutan utforskar ein gamal og gløymd ferdsleveg over fjellet til Lom i Ottadalen. Historikaren og eldsjela Arnfinn Kielland gjev meg ei omvising på Sagelva Vasskraftsenter ei mil i vest. Historielagsleiaren Einar Morken syner meg det som ligg mellom, det eitt mil lange og mystiske Lesjaskogsvatnet.

Vatn. Foss. Kvern. Sag. Soga om Lesja og Langfjella er soga om fallhøgda frå båe sider av vasskiljet, med andre ord soga om Noreg, ikkje minst det moderne Noreg. Det er soga mi òg, vaksen opp som kraftgut, ved saltvasskysten, rett nok, langt frå Langfjella, men ved eit smelteverk i enden av eit vassdrag derfrå.

Lesjaverk og Lesjaskog

Der me rører oss attmed vatnet, fortel Morken om ein sterk lokalpatriotisme. På 1600-talet vart området djupt endra, for då fekk austbygda jarnverk og verkskyrkje. Men i 1812 gjekk verket konkurs, og botnen fall då ut av bygda her aust, for ho skulda verket alt, namnet òg, Lesjaverk.

Medan verkingane stod att på berr bakke, byrja lesjaskogingane å områ seg. I vestbygda fann dei ut at dei ville ha den flotte verkskyrkja. Det tok tid, men i 1855 vart kyrkja teken ned og flytta ei mil til vestenden av vatnet.

På den då kyrkjelause kyrkjegarden på Verket forfall gravminna. Men verkingane forsona seg ikkje med flyttinga. Etter nær 80 år, 17. mai 1933, fekk dei halda gudsteneste att ved restane av grunnmuren.

Kvinnelaga på Lesjaverk byrja å samla og spara basarpengar til ei ny kyrkje. I fyrste omgang vart kyrkjegarden attinnvigd. Eit overbygg vart reist, så presten kunne forretta utan å verta våt eller nedsnødd. Under krigen, før kyrkja stod ferdig i 1964, døydde ei enkje på Lesjaverk, og trass i at mannen hennar alt var jordfesta på Lesjaskog, ynskte ho å liggja i heimbygda.

I kvar sin landsdel

Kan henda spelar det ei rolle for lokalpatriotismen at dei to bygdene høyrer til kvar sin landsdel. Kvar sin landsdel? Er det ikkje berre ei mil mellom dei?

Jau, men Lesjaskog ligg på Vestlandet og Lesjaverk på Austlandet. Ja, meir enn det: Om vasskiljet hadde vore landegrense i Langfjella, slik det er attmed Kjølen, hadde dei to bygdene, i lag med dei to gamle, lege i kvart sitt land. Vasskiljet i Langfjella går mellom dei to bygdene.

Ikkje berre det. Vasskiljet går midt i vatnet. I Lesjaskogsvatnet? Ja. Ein stad ute på innsjøen, litt vest for midten, kan du sjå at straumen dreg båe vegar: mot vest, mot Lesjaskog og Romsdalen, men òg mot aust, mot Lesjaverk og Gudbrandsdalen. Ute i innsjøen går kjølen på det kvolve noregsskipet.

Demningane

Kan vasskiljet gå midt i eit vatn? Ja. Men er det naturleg? Nei, det har si unaturlege forklåring. Så kva kjem det av? Landheving? Nei, det har med jarnverket å gjera.

Etter funn av jarnmalm vart jarnverket skipa i 1659, og til drifta trong ein både vasskraft og vassveg. Korleis skaffa seg slikt? I vestbygda Lesjaskog låg eit mindre vatn, der Rauma hadde kjelda si, men derfrå var det lang veg til Lesjaverk, for det meste myrer og små tjern.

Ved å byggja demningar i båe endar fekk ein i 1660-åra reist vasstanden nok til at våtområda voks i lag til eitt vatn – med to utlaup.

Eit vatn har gjerne fleire innlaup, men oftast berre eitt utlaup. Ingen utlaup, som i Daudehavet, er uvanleg. To utlaup er heller ikkje vanleg, men det uvanlege med Lesjaskogsvatnet er at dei to utlaupa høyrer til kvar si side av vasskiljet. Éi elv endar i ein fjord på Vestlandet, og éi elv endar langt av garde på Austlandet. Og dei to elvene frå Lesjaskogsvatnet er ikkje kven som helst.

Elvene

I vest er det sjølve Rauma som har kjelda si her. Parallelt med den 65 kilometer lange elva går Europaveg 136 og Raumabanen, frå Lesjaskogsvatnet gjennom Romsdalen til Romsdalsfjorden ved Åndalsnes.

Den andre elva, frå det nyare utlaupet i aust, er både større, lengre og meir kjend enn Rauma. Den drygt tjue mil lange Gudbrandsdalslågen – Lågen, mellom vener –?utgjer hovuddelen av den vestlege greina til Glommavassdraget. Frå Lesjaskogsvatnet renn ho ut i Mjøsa ved Lillehammer.

Av di sjølve vasskiljet ligg litt vest for midten av vatnet, går brorparten av avlaupsvatnet til Rauma, medan ein tredel går til Lågen. Men Lågen veks snøgt. Berre ei mil sør for Lesjaverk kjem mektige Lora og doblar vassføringa i Lågen.

Taket og golvet

Lesjingane seier gjerne at dei bur på taket. Ved Lesjaskogsvatnet er eg over dalane. Nede i nordvest ligg Romsdalen. Nede i søraust ligg Gudbrandsdalen. I sør ligg Ottadalen. I nord ligg Sunndalen. For no å ha nemnt dei større dalane. Alle ligg dei lågare enn Lesja.

Men eg ser ikkje dalane. For om Lesja ligg over dalane, ligg staden under heimane: Reinheimen i sør, Breheimen og Jotunheimen endå lenger sør, Rondane i aust, Sunndalsfjella, Dovrefjell og Trollheimen i nord.

Men om me skal tru geologane, er Lesja ikkje taket, men golvet. Golvet i det norske huset er ikkje dalbotnane og låglandet, men fjellplatået. Med «fjella» siktar ein då ikkje til dei høgste tindane her og der, men sjølve høgfjellet. Det er ikkje fjellplatået som ligg høgt, det er dalane som ligg lågt, som har skore seg ned som ein kjellar i det norske huset.

Kollisjonen

At jarnverket gjekk konkurs alt i 1812, er det fleire teoriar om. Hadde det med Napoleonskrigane å gjera? At Danmark valde feil side? Eller at den spesielle lesjamalmen ikkje eigna seg så godt til våpen? Ein grunn kan ha vore at fjellet her er så uføreseieleg. Fann ein ei god malmåre, og nytta mykje tid og ressursar på henne, hende det rett som det var at ho brått tok slutt.

Kvifor? Då må me ned i barndomen til Langfjella. Sjølve platået er grunnfjell frå urtida. Men på kryss og tvers i grunnfjellet går lag av andre og yngre fjell. Dei skar seg inn i Langfjella for fleire hundre millionar år sidan, i ein av dei største og mest brutale kontinentkollisjonane i jordsoga, mellom dei nordamerikanske og europeiske kontinentalplatene, ein kollisjon som opna ein avgrunn av vulkanar og flytande helvete frå jordas indre.

Og som fekk det sørnorske platået til å reisa seg? Og leggja seg drygt tusen meter over havet? Nei, det vert ikkje geologane samde om. Landhevinga i Vest-Skandinavia kan ha hendt av andre grunnar og i seinare tid. Kva slike grunnar kan ha vore, finn me vel ut seinare på ferda sørover i Langfjella. Kva tid Dovre fell, veit ingen, men ein veit visst ikkje sikkert kva tid Dovre reiste seg heller.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mannen hennar låg på Lesjaskog, men ho ville liggja på Lesjaverk.

Ingen veit kva tid Dovre fell, men heller ikkje kva tid Dovre reiste seg.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis