Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Roman
Kjersti Halvorsen:
Superbruker
Cappelen Damm
Er vi i dagens teknologiske verd på veg inn i ein ny gullalder for Ibsens stykke Peer Gynt? Han som reiser kloden rundt for å finne seg sjølv, men endar med å oppdage at han heile tida har vore i hjartet til Solveig, heime?
Tanken slår meg når eg les Kjersti Halvorsens tredje roman Superbruker. Hovudpersonen Unn er på ei desperat ferd for å finne ut kva det vil seie å vere seg sjølv, men har problem med å finne kjernen i lauken.
Etiske dilemma
Unn er psykolog, men etter eit par yrkesmessige fadesar er ho omplassert til resepsjonen. Frå denne posisjonen får ho eit nytt oppdrag: å inngå i eit team av superbrukarar for den KI-genererte psykologtenesta som ber namnet Gro. Gro ser på skjermen nesten ut som eit ekte menneske, og er til for å effektivisere systemet. Viser Gro seg å fungere, kan dei få unna langt fleire pasientar, sleppe køane og frigjere midlar til andre område.
«Kjersti Halvorsen skriv drivande, kunnskapsrikt og tankevekkande.»
Her er duka for etiske dilemma. For det første er psykologtenesta basert på samtale mellom menneske, ikkje mellom menneske og menneskeliknande vesen. For det andre er det eit fag, og vil ein robot kunne bruke skjønn, om ein så matar all verdas faglege kompetanse inn i denne roboten? Forstår roboten kontekst?
På eit tidspunkt diskuterer to av personane korleis Gro taklar konseptet suicidalitet: Kan det vere at programmeringa gjer at Gro – snarare enn å tenke på å redde eit individ – reknar ut at i det lange løp vil alle involverte ha best av at den gjeldande personen tar livet sitt, og gir kalkulerte svar ut frå det? Her begynner det å bli verkeleg skummelt.
Avvist av ein robot
Unn sjølv er ei einsam sjel som er glad i leilegheita si og tryggleiken den skaper, men ho knyter seg ikkje like sterkt til menneske. Ho grublar på kva det er med henne som gjer dette. Som psykolog kan ho alle frasane om korleis ein skal «erobre» seg sjølv, men på henne har dei ikkje synleg effekt. Ho skildrar seg sjølv blant anna slik: «Utseendet mitt var psykologaktig anonymt. Som en spion gled jeg inn i mengden.»
I tillegg får vi høyre at det ikkje ligg for henne å halde seg med sterke meiningar, helst vil ho ha beskjed og så innordne seg. Noko som ho meiner også kan kallast ein kunstig intelligens. Til alt overmål er ho eit resultat av kunstig befrukting, ho er «Unn-fanga», som ho seier.
Men det stemmer ikkje at Unn berre vil innordne seg, ser lesaren. Når ho er trengt opp i eit hjørne eller djupt såra, har ho meiningars mot. Berre at det artar seg utøymt og krakilsk. Er dette med på å seie noko om at sidan mennesket er irrasjonelt, kan det ikkje reddast av ein rasjonell robot?
Kjærleikshistoria med kollegaen Torjus er skildra med eksplisitte og ekspressive seksuelle og kjenslemessige parti, noko som kan understreke KI-Gros manglande evne til å ta del i slike erfaringar, uansett kor godt programmert ho er.
Romanen bikkar over i satiren når Unn i si einsemd overdriv kontakten med Gro på eigne vegner og blir avvist. Ho får ikkje snakke med Gro på ei veke.
Kvar er Solveig?
Kjersti Halvorsen skriv drivande, kunnskapsrikt og tankevekkande om kvar vi er på veg, i eit humoristisk, sårt og ope språk. Det er opp til lesaren å avgjere kva som er urovekkande, og kva som kan vere til hjelp av nyvinningane. Men KI-Gro er sjølvsagt inga Solveig. Det er dei manglande relasjonane Unn har til folk rundt seg, som kunne vore Solveig.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.