Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Album og albumbok
Ragnar Bjerkreim:
Stjernesti: Songar om Josef og menneske på flukt
Trembling Records
Idet eg lytta til «Elva», eit av spora på Ragnar Bjerkreims Stjernesti: Songar om Josef og menneske på flukt, med vokal ved Kristin Asbjørnsen, danna det seg eit heilt bestemt bilete av verdskartet i meg – eit der dei store elvane og straumane av menneske på flukt var markerte i eit overveldande flettverk, av von og vonbrot, av vekst og øydelegging, «gjennom byar, under bru».
Fleire slike tankevekkjande bilete gjer seg gjeldande når ein lyttar seg gjennom Bjerkreims verk, som på alle måtar famnar breitt. Stjernesti: Songar om Josef og menneske på flukt tematiserer flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent, og utfaldar seg over ei dobbeltplate og ei medfølgjande bok som inneheld songtekstar og refleksjonar, med utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok.
Stor variasjon
Tretten artistar er med, og ei heil rekkje solide musikarar: Både Børge Petersen-Øverleir og Eivind Aarset spelar gitarar, Frode Berg er med på bass og kontrabass og Rune Arnesen på trommer. David Wallumrød stiller på alskens tangentar, i tillegg til Bjerkreim sjølv, og fleire spor er rikt utstyrte med strykarar (Odd Hannisdal, Henninge Landaas og Bjørg Lewis) og kor – elleve korsongarar medverkar.
Variasjonen er stor, ikkje minst i dei mange røystene, somme svært kjende (Bjørn Eidsvåg), og uttrykket kan vere både inderleg (Tameem Ahmed) og lakonisk (Tom Roger Aadland), utan at det sprikjer. Stjernesti har dermed noko av den samlande soliditeten mange vil kjenne frå ulike samarbeid i katalogen til Kirkelig Kulturverksted, men utgivinga står Bjerkreim for på sitt eige selskap.
«Fleire tankevekkjande bilete gjer seg gjeldande når ein lyttar seg gjennom Bjerkreims verk.»
Dette har gitt han høve til innrette det nett slik han vil, ikkje minst i det rikhaldige kompendiet som rammar inn songane, der Terje Stordalen er medforfattar, og Bjerkreims songtekstar, skrivne saman med Ingvar Hovland, går inn i eit større tekstleg spel av stader og røyster.
Akutt aktuelt
Prosjektet, som Bjerkreim har arbeidd med i to år, kjennest akutt aktuelt av openberre grunnar. Det opnar eit landskap av song, tankar og kjensler som vil føre kvar lyttar til sine eigne vegar inn, og vidare.
Det har nok også vore ein viktig ambisjon for Bjerkreim, vil eg tru – mangfaldet på Stjernesti er eigna til å skape forståing og kommunikasjon, ikkje minst sidan dei mange forteljingane om flukt speglar seg i kvarandre. Det er ei innsikt som fører med seg både fortviling og von, men som i kunsten forhåpentleg kan motivere til ei samansverjing om det siste.
Det var som ung universi-
tetsstudent eg først vart leidd i retning av tekstane til den palestinsk-amerikanske litteraturforskaren Edward Said, ein tenkjar og aktivist som mange med gode grunnar har funne vegen til desse siste månadene (fleire bøker finst i norsk omsetjing). I memoarboka På feil sted (2003, opphavleg 1999) får lesaren høyre om korleis heile familien hans vart tvinga til å forlate Palestina etter israelsk okkupasjon, og flykta til Egypt.
Bjerkreims prosjekt fekk meg nok ein gong til å tenkje på Said, og kor sentralt eksilet er i forfattarskapen. Nett det høyrer med til kvalitetane til Stjernesti: Røystene leier kvar lyttar til nye røyster, i ei rørsle som «skapar sin eigen veg», som det heiter om elveløpa Kristin Ambjørnsen syng om.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.