JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fjellbygda bit seg fast

RØLDAL: Eg vert glad i bygda og menneska som bur der, og rørt av frykta deira for at samfunnet langsamt vil forsvinna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bakveggen på Røldal Litteraturhus – verdas minste – er dekt av eit målarstykke av Marta Dalen, den siste som budde her, med geitene sine i steinkjellaren, til ho døydde for femti år sidan, 93 år gamal.

Alle foto: Håvard Rem

11823
20221104

Langfjella

Del 7. Røldal

I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje.

24.6. Del 1. Hjerkinn

2.7. Del 2. Lesja

8.7. Del 3. Lærdal

15.7. Del 4. Hemsedal

21.10. Del 5. Rjukan

28.10. Del 6. Rauland

havard@dagogtid.no

Når folk i Røldal må ringja eit forsikringsselskap eller ein bergingssentral ­– og det må dei iblant, for her går det jamleg ras –?kan dei få spørsmålet:

– Er du sikker på at du har ringt rett distriktskontor?

Slik kan ein spørja. For kva område høyrer eigenleg Røldal til?

Sentral og isolert

Til Rogaland i sørvest er det to mils veg, men Røldal ligg ikkje i Rogaland. Til Telemark i aust er det eit par mil, men Røldal ligg ikkje i Telemark heller. Til Agder og Bjåen i søraust, bygda før Hovden, er det berre sju mils veg, men Røldal ligg sjølvsagt ikkje på Sørlandet.

Kvar ligg bygda? Formelt høyrer ho til tidlegare Hordaland fylke og Ullensvang kommune, men der ligg ho for seg sjølv, oppi eit hjørne, langt frå administrasjonssenteret Odda.

Eg nærmar meg Røldal over Haukelifjell, austanfrå og ovanfrå, og ser den vene bygda som ligg langt der nede, inst i ei bukt, som i ein fjordbotn, med kvite hus og grøne beite, kringsett av høge fjell. Men det som liknar fjordbotn, er ikkje fjordbotn, men fjellvatn, Røldalsvatnet, 400 meter over fjorden og havet.

Røldal er ei av dei få fjellbygdene på Vestlandet og høyrer liksom ikkje til Vestlandet heller. Bygda har lege både sentralt og isolert. Ho ligg der fleire landsdelar møtest, men låg utan vinterveg heilt fram til Haukelitunellen stod ferdig i 1968.

Fjellidentitet

Gunvor Øvregård hugsar opninga. Ho fortel:

–?Historisk har bygda vore vendt andre vegar enn mot Odda. Me er ikkje Hardanger. Røldal var knytt til Vinjar og Vinje, lett å hugsa – Vinjar i Suldal og Vinje i Telemark.

Ho legg til:

– I samband med kommunereforma i 2020 var det dei som meinte at Røldal skulle skipa ein fjellregion i lag med Vinje i Telemark og Bykle i Agder.

Somme røldølingar meiner det er ein styrke at kommunen går frå fjell til fjord, andre at fjellidentiteten vert viska ut. At Røldal og røldølingane skal forsvinna, er ei frykt. Av dei kring 400 menneska som bur att i bygda, er kvar einaste å rekna som eldsjel og Røldal-aktivist.

Bygdemuseet

Gunvor har takka ja til å opna Røldal bygdemuseum for meg. Det ligg midt i bygda, attmed Europaveg 133, ein kilometer frå den kjende Røldalskyrkja. Eg vonar å få sjå kyrkja òg, men Margit, som har nykelen, fór i går til Bolivia, og på soknekontoret i Odda er det inga hjelp å få.

På museumstunet står huset til ein barnlaus røldøling som gav det til kommunen då han var vorten gamal. Lite er endra sidan huset vart bygd for nær 200 år sidan, og alt av inventar ligg som det låg då huset vart fråflytta. Museet vert drive på dugnad, utan stønad frå kommunen, utan informasjonsskilt, og på eit vis gjer det staden meir autentisk. Ein går inn i huset som i ein tidsmaskin. Til museet høyrer det vesle eldhuset òg, og Rabbe-stova, flytta hit frå ein fjellgard nord i nynorskbygda.

I stovevindauget ser me stavkyrkja og det raude huset som Gunvor Øvregård bur i. Ho har to døtrer som no har bygd seg hus borti vegen ved sjukeheimen. Røldølingane gjev seg ikkje, men bit seg fast i bygda. Den kombinerte barne- og ungdomsskulen er livsviktig. Gunvor peikar:

– No er det ein kamp for å halda på sjukeheimen, så me kan verta gamle og demente her heime, der barneborn og oldeborn spring attmed vegen. Å flytta oss over fjellet til Odda verkar heilt meiningslaust.

Litteraturhuset

På veg frå bygdemuseet går eg forbi eit mikrohus, ikkje nytt, men så gamalt og sjarmerande at eg må opp på steintrappa for å lesa kva som står på døra: Røldal Litteraturhus. I stova, mellom bøker frå golv til tak, sit eit par som driv arkitektkontor i Bergen, Susanne Urban og Sondof Rabbe. Som Rabbestova på bygdemuseet kjem Sondof opphavleg frå røldalsgarden Rabbe.

Heile bakveggen av huset er dekt av eit målarstykke av Marta Dalen, den siste som budde her, med geitene sine i steinkjellaren, til ho døydde for femti år sidan, 93 år gamal.

Susanne og Sondof har nykel til verdas minste litteraturhus, men ikkje til stavkyrkja, og Margit er i Bolivia, så arkitektparet tek nokre telefonar. Snart kjem ein kar i pickup med kyrkjenykel, og me kan rusla mot munningen av Storelva som renn ut i Røldalsvatnet, for der ligg kyrkja.

Mirakelet

Truleg er ho ei stavkyrkje bygd på 1200-talet, kan henda ei endå eldre stolpekyrkje. I gamal tid var ho eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet, så viktig at ein stor marknad, Røldalsmarknaden, oppstod. Den religiøse turismen kom av at krusifikset i kyrkja sveitta kring jonsok, og mange meinte at sveittedropane lækte sjuke.

Krusifikset er eit mirakel same kva, for det overlevde reformasjonen. Kor mange krusifiks gjorde det? Det er skrive dikt om kyrkja, krusifikset og jonsokmessa i Røldal, av mellom andre Aasmund Olavsson Vinje (1818–70). «Storegut er med til Røldalsmessa» (1866) fortel om den nære kontakten mellom Røldal og Vinje: «Her austfrå var Storegut med ein gong/ til kyrkjevegen å rydja.» Eit større utdrag kan du lesa på baksida av bladet.

Han rudde deim vegen, og inn dei fór,

og biletet kring dei hingo,

og alle kom fram med sitt bønarord,

og helsa dei atter fingo

og heim atter friske gingo.

Til Odda

Ein dag fer eg ned til Odda. Ein gong var Røldal eigen kommune. No er bygda ein utpost til Odda. Vegen dit er vill om hausten. Seljestadjuvet fosskokar. På flatene frå Skare er vegen ikkje kringsett av beitemarker, men innsjøar.

– Ein dag til med denne nedbøren, så vert vegen stengd, fortel bussjåføren.

Det går ingen vegar og dalar gjennom Hardangervidda, men om ho likevel er kløyvd ein stad, er det her. Som eit øksehogg har Sørfjorden, dalen og juva hogd laus den kvite biten som er Folgefonna.

Me treng kraft, og no vert magasina fylte. Dersom våren er kvit av fruktbløming, er hausten kvit av vassvegar i fjellet. Her nede på Smelteverkstomta i Odda står ein Power-varebil ved sida av ein personbil med eit gult, handlaga skilt i frontruta: «Noreg treng bonden.» Me må ha straum, og me må ha mat.

– Vil du ha ei pære, spør Tonje Fjågesund som kjem ut av «Noreg treng bonden»-bilen.

I handa har ho ei grøn pære med hòl tvers gjennom.

–?Gjerne. Har du nytta henne som blink?

– Nei, men eg tek stikkprøver av di eg er fruktrådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving. Bagasjerommet er fullt av frukt med hòl i, som eg ikkje får meg til å kasta, så eg deler henne ut.

Pæra er saftig og god. Eg svarar:

– Di tid kjem no. For når me omsider skjønar at kraft ikkje er sjølvsagd, er me mogne for å skjøna at heller ikkje mat er sjølvsagd.

Tonje er samd. Ho bur i Leikanger og har strengt teke ein fridag her sør i Odda av di det er litteratursymposium i helga, men ei eldsjel er alltid på vakt, og heller ikkje ein fruktrådgjevar lever av brød åleine. Odda tek turistane òg. Vinnaren tek alt.

Kreklingsaft

Om kvelden er eg attende i Røldal. Eg sit i stova til Marit Sandal i Bygdavegen. Ute herjar vinden og vatnet, men hjå Marit er det lunt. Eg minnest mor mi, for det er altfor lenge sidan eg har fått kokekaffi. Å, som eg har sakna kokekaffi. Til dei nysteikte vaflane har Marit sett fram to typar syltetøy, plomme og rips, alt frå eigen hage. På den kvite hekleduken står drammeglas med sjølvsafta og blodraud kreklingsaft.

– Søler ein med henne, går det aldri vekk, seier Marit, som var jentunge under krigen, og som framleis er lett på foten når ho må opp av sofaen for å finna ei bok som tek føre seg alt me pratar om.

Ho kjem att med boka Haukelibanen (1948), gjeven ut etter det store jarnbanemøtet i Røldal, som ho hugsar godt, rett etter krigen, med utsendingar frå 29 norske kommunar som vart samde om ein ny innlandsbane mellom aust og vest, frå hovudstaden og Notodden via Seljord og Vinje over Haukeli til Røldal, «hvor den forgrener seg med en linje til Odda og en linje over Sauda til Haugesund med eventuell forlengelse til Skudeneshavn (Karmøy)». Møtestaden Røldal vart nemnd som eit døme på kor naudsynt banen var: «En bygd som Røldal, som er innestengt og avstengt fra det øvrige land store deler av året, eier rike naturherligheter som nå ligger unyttet fordi bygda totalt savner stabile kommunikasjoner.»

I dag går Haukeliekspressen gjennom bygda fleire gonger i døgeret. Røldal fekk aldri jarnbane, men som den siste kommunen i Hordaland fekk røldølingane straum, i 1958. Då var Marit vaksen.

Valldalen

Straumen hadde ein høg pris den gongen òg, for om bygda fekk straum, mista dei Valldalen, stølsdalen, barndomsriket med sytten stølar, porten til Hardangervidda, oppdemd og sett under vatn i 1960-åra. I staden for jarnbane frå Røldal fekk Karmøy og aluminiumsverket der straum frå Røldal.

No kjem Marit med Jørannatten, ei diktsamling frå 1963, av Ivar Orgland (1921–94), statsstipendiaten som gav henne boka som takk for at ho hadde synt han Røldalskyrkja. Ho blar fram diktet «Valldalen»:

Der sytten små stølar

i fjellstilla låg,

og vandraren enno

eit fredsrikje såg

med grasgrøne vollar

i solefallseld,

flør vatnet snart over

kvart blometjeld.

Gunvor på bygdemuseet nemnde Valldalen, ho òg. Ho hugsa han frå oppveksten. Det gjorde raulendingen Johan Vaa òg, som eg vitja førre veke:

–?Boka mi om Kvenndalen byrjar i Valldalen. Eg var der før han vart demd ned, som fjortenåring, i 1959. Ein kamerat og eg gjekk då frå Valldalen, øve viddi, til Mogen her i Rauland.

Raulendingane mista ein dal til oppdemming, dei òg, Bitdalen, med jakt og støling. Kring heile vidda ligg oppdemma dalar, barndomsrike under vatn, som ømme punkt i sinna til dei godt vaksne.

I nordenden av Røldalsvatnet ligg bygda, med kraftverket nede til høgre i biletet.

Elias og Sigrid Kant

Slik reinen har vore ein samnemnar på ferda gjennom Langfjella, har samane vore det òg, men kom dei så langt sør som til Røldal? På rommet mitt på Hordatun Hotel, med utsyn over Røldalsvatnet, har eg lese i den nye Røldal Bygdebok (2016) om Leiv Olsen som «konkluderer med at Sameland i jernalderen omfatta fjellheimen frå og med Hardangervidda og nordover. Både nordgermanske folk og samar skal ha brukt området og oppfatta det som sitt. Men etter svartedauden forsvann samane frå Hardangervidda.»

I Rauland fortalde Johan Vaa frå tamreintida før krigen:

– Reineigarar leigde inn samar som kunne faget, og som lærte opp dei lokale. Og somme av dei slo seg ned her.

No er Marit oppe av stolen. Ho kjem att med bygdeboka, ikkje den nye frå 2016, men den gamle frå 1960. Ho syner meg sida om husmannsplassen Øyane som låg ved osen av Grytøyrelva på hi sida av Røldalsvatnet. Dei siste hundre åra «har ingen butt i Øyane».

Som mange av dei andre sidene i bygdeboka er ho full av notat og tilføyingar som Marit har gjort for hand. Nedst på sida les eg om nokre av dei siste fastbuande på Øyane, Sigrid Anne Andersdotter Kant og Elias Larsson Kant, ho fødd i 1861 og han fødd i 1869. I 1899 fekk dei dottera Anne Sofie. Kant-soga i bygdeboka er stutt: «Begge var av sameætt og gjætte reinsdyr for reinsdyrlaget i Røldal.»

Frykt og glede

Vindauga i rommet mitt på Hordatun – som ligg attmed Europavegen på vestsida av Røldalsvatnet – vender mot den aude austsida og Øyane. Ein gong var det i haustkvelden ljos på båe sider av vatnet. No er det berre på den eine. Ein dag vert det kan henda mørkt på båe sider. Den frykta har eg kjent på dei siste dagane, hjå somme av dei som bur her, i lag med ei glede over at Røldal framleis finst, som eit levande lokalsamfunn, ein heim.

Slik endar «Valldalen»-diktet Marit synte meg:

Men gøymd vil du liggja

i vandrarens hug

med alt det som eingong

han lokka og drog

til grasgrøne vollar

i solefallseld,

og spegla den heimen

som aldri vart seld.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis