JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Rein i fjell og bronse

RAULAND: Slekta til Johan Vaa har jakta på rein i ti gene­rasjonar, sett bort frå far hans, Dyre Vaa, som fanga rein i kjende bronseskulpturar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Elgjakta har kome i tillegg til reinsjakta, fortel Johan Vaa, ved elgen som han dagen før kom heim frå Kvenndalen med.

Alle foto: Håvard Rem

12123
20221028

Langfjella

Del 6. Rauland

I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje.

24.6. Del 1. Hjerkinn

2.7. Del 2. Lesja

8.7. Del 3. Lærdal

15.7. Del 4. Hemsedal

21.10. Del 5. Rjukan

havard@dagogtid.no

Johan Vaa bur i Rauland i Vinje kommune i Telemark. Fylkesvegen fylgjer Totak, innsjøen 687 meter over havet. Utsynet frå vegen er vatnet og vidda. Tre mil avlange Totak ligg som ei spegelblank vollgrav framføre festningen som reiser seg i vest: Hardangervidda. Ho er ikkje tinder og dalar, men eit platå, det største høgfjellsplatået i Europa.

Driftekarane

Vegen svingar inn i skogen der området kring vatnet er privat eigedom, Sporanes, til Johan Vaa. Frå ei løynd avkøyrsle går kjerrevegen gjennom tett skog og endar i ein lysning mellom fylkesvegen og Totak. Kring det store tunet ligg stabbur, løe, verkstad, bustadhus, kårstove og gjestehus. Det liknar ein ranch på vestkysten av Canada, mellom Vancouver og Rockies, fjellheimen.

På tunet står ein diger kvit pickup med blodspor på planet. Seint i går kveld kom Vaa heim frå jakt i Kvenndalen, «indrefileten av Hardangervidda», som han kallar dalen han har skrive bok om, Langs Kvenna – før og no (2009).

I fjellet handlar det om dyr, ville og tamme. I ættledd har Vaa-ane vore jegerar, men cowboyar òg, driftekarar, som det heiter her. Vaa fortel:

– Farfar Tor og oldefar Aanund var driftekarar og krøtterhandlarar. Tor var av dei siste representantane for driftebruket. Om våren kjøpte dei opp fe, som dei hadde på beite i fjellet om sumaren. Om hausten dreiv dei slaktefeet ned mot marknaden i Skien. Dei som var flinke i næringa, kunne gjera det godt. Oldefar Aanund hadde åtte sysken å løyse ut, men då han døydde, åtte han heimgarden og to gardar til.

Elg

Auga til eit digert hjortedyr ser på oss. Hovudet ligg i graset ved sida av garasjen. Vaa fortel:

– Elgjakta har kome i tillegg til reinsjakta. Det vert meir elg i varmare tider. Oldefar min og farfar min jakta ikkje på elg, men på rein.

– Og far din?

– Nei, han jakta ikkje. Eg vart opplært av ein fetter. Eg skaut fyrste reinen min då eg var atten år gamal, i 1963, og det var utanom jakttid. Skikken var at ein tok dyra når dei var her, ikkje når kalenderen meinte det var lovleg. Sa rykta at det var dyr i fjellet, ja, då lét ein turrhøy vera turrhøy og drog på jakt i staden.

– Og son din?

– Son min Tor på femti slutta å jakte – så langt – i 1994 etter å ha skote ein kjempeelg i Alaska som var 172 cm mellom hornspissane. Då eg var gut, var nok jaktinteressa på topp. Som gutungar såg me fram til å verta så store at me fekk gå på jakt. Dei siste tjue åra har jenter vore med på jakt, dei òg. Men reinsjakta har det vorte mindre interesse for. Elg er nokså nytt. I gamal tid var det elg her, men då eg var gutunge i 1950-åra, fanst det så å seia ikkje elg. Det var i 1960-åra det byrja å verta elgjakt att.

– Kvifor kom elgen attende?

– Det har med endra driftsform i skogbruket å gjera. I det tradisjonelle elgområdet fekk ein flatehogst, med meir lauv og god vintermat. Det vart eit bestandstrykk, og elgen laut finna nye område.

Rein

–?Men reinen har alltid vore her. Då folk kom opp hit etter istida, var det i hælane på reinen, legg Vaa til.

Rein veit han mykje om. Han har vore aktiv i den lokale villreinforvaltinga og i Hardangervidda grunneigarsamskipnad, og for ti år sidan gav han ut fag- og praktverket Reinen på Hardangervidda (2012), i lag med den Bø-busette sambygdingen Kjell Bitustøyl.

Kva har meir enn noko anna definert Langfjella i dei drygt ti tusen åra sidan isskjoldet smelta? Eit hjortedyr. Men ikkje vanleg hjort, som det krydde av i dei store eikeskogane ned mot kysten. Og heller ikkje elg, det største av dei europeiske hjortedyra.

Nei, fjellheimen har vore definert av det mest hardføre hjortedyret. Is- eller polarhjort kunne me ha kalla det, men namnet er rein, eller berre dyr.

– Rein har me alltid berre kalla dyr, fortalde ein som kjem frå Suldalsheiane heilt sør i Langfjella. Om lag som på engelsk, der deer, dyr, opphavleg gjaldt dyr generelt, men frå kring 1500 fyrst og fremst hjortedyr, truleg av di dei var gjævast å jakta på.

Ja, skal ein tru Store norske leksikon, gjeld det òg for eit mannsnamn som har vore nytta i Vaa-slekta for både to og ti generasjonar sidan: «Dyre er eit mannsnamn som kjem av det norrøne D?ri laga til substantivet d?r som særleg var brukt om elg, hjort og rein. Tydinga i namnet kan seinare ha vorte påverka av adjektivet dyr (jamfør dyrebar).»

I tida før fast busetjing og fe på bås og beite kom raudt kjøt frå hjortedyra. I dei kalde fjella kom kjøtet frå reinen, der ikkje berre hanndyra har gevir, men – som einaste hjortedyr – hodyra òg. Slik sett liknar simlene på dei hardføre kvinnene i dei same nordlege områda.

Tamreintida

– Har det alltid vore berre villrein på Hardangervidda?

–?Å nei. Sist på 1700-talet byrja ein for fyrste gong med tamreindrift her. Det svinga over tid, med stort omfang frå slutten av 1800-talet til eit stykke ut på 1900-talet.

– Kven sette i gang? Grunneigarar som du?

– Grunneigarar og andre ressurspersonar dreiv då med leigebeite. Bestefar Tor var med i eit tamreinlag. Han dreiv elles stort med støling i Bitdalen og selde seg ut av tamreinlaget. Då andre i tamreinlaget nytta taket på ei av stølshyttene hans som ved til eit bål, spurde han om erstatning, men fekk svaret: Du kan suga ei simle.

Vaa kneggjar. Mellom dei som dreiv med støling og tamrein, var det meir vondt ord enn vondt blod.

– Når tok tamreindrifta slutt?

–?Den siste tamreinflokken på Hardangervidda vart slakta i 1959. Det siste laget som vart avvikla, var tamreinlaget i Uvdal.

– Om lag på den tida du skaut den fyrste villreinen din?

–?Eg hugsar frå den fyrste tida eg jakta, at det fanst rein med øyremerke, ja, med bjølle òg. Ein høyrde at dyret kom.

Ferdsleforbod

– Kvifor tok det slutt med tamrein?

– Det kom ikkje av politikk frå høgare hald. Det var meir ei fylgje av at tyskarane under krigen hadde innført ferdsleforbod på vidda.

– På grunn av sabotørane?

– Truleg. Det er gjort eit poeng av at dei berga seg på villrein, men dei skaut òg dyr med utsnitt i øyra, som faktisk var tamrein. Etter krigen freista ein å gjera opp for det, men reineigarane takka nei, for dei visste kor viktige sabotørane hadde vore.

– Kva hende med tamreinen på vidda etter krigen?

Når Vaa no snakkar om å forvilla seg, gå seg vill, er det med meininga å verta vill att.

– Dei åra ein ikkje fekk passa på tamreinen, vart han forvilla og vanskeleg å gjeta. Han forvilla seg sjølv. Ein gav opp av praktiske grunnar.

–?Kva er skilnaden på villrein og tamrein?

– Det er ikkje eit heil klart skilje, ikkje genetisk. Den moderne villreinen på Hardangervidda har 70 prosent tamreingen –?på grunn av innføring av tamrein gjennom 150 år, på grunn av rømming og frislepp. I mange generasjonar sit ho i, domestiseringa.

– Korleis merkar du det?

– Moderne villreinstammar som har opphav i frisleppt tamrein, er mykje spakare enn villreinstammar som ikkje har det. Det gjeld om han vart frisleppt for femti år sidan òg. Eg har snakka med folk som har jakta på villrein i Norefjell. Det er som å jakta på sau, seier dei. På Blefjell er det ein villreinstamme som genetisk er hardangerviddarein, men han har tilpassa seg all trafikken og hytteturismen der, og har vorte langt spakare enn skyldingane sine på Hardangervidda.

– Så det er ikkje så enkelt som at me i Noreg i grove trekk har tamrein nord for Trøndelag og villrein sør for Trøndelag?

– Juridisk er det rett, men ikkje genetisk.

Rein og turistar

– Vidda er jo eit minefelt; kor øydeleggjande meiner du at turismen er for villreinen på vidda?

– I eit slikt perspektiv er blefjellreinen interessant. Han syner at turisme gjer reinen spakare.

– Og er det ikkje ein stor auke i turistar på vidda?

– Nei, det er ein myte. Overnattingstalet på turisthyttene på Hardangervidda har vore tilnærma stabilt i femti år. Og hyttebygging er det jo ikkje. Eit visst innsig av skituristar er det, men stort sett held dei seg i alpinbakkane og i oppkøyrde løyper. Det vert i liten mon køyrt opp løyper i villreinområde.

Han legg til:

–?Ein annan myte er at me ikkje tek omsyn. Eit døme er Hol kommune. Om dei der får melding om rein på innsig, lèt dei vera å køyra opp løyper i dei aktuelle områda. Men dette er det usemje om. Mange i min posisjon seier at turismen er ei plage. Sjølv meiner eg at arealbruken kjem av ein naturleg langtidsvariasjon og ikkje er styrt av turistane.

Bilethoggaren Dyre Vaa (1903–1980) skaut ikkje rein – som sonen Johan, faren Tor og farfaren Aanund, og forfaren Dyre – men han fanga dei i bronse, her som bukken til Peer Gynt (1937) på Ankerbrua i Oslo, kjend som Eventyrbrua òg.

Ølbollen og slekta

Me sit i storstova no, ved langbordet som far til Johan Vaa kjøpte av forfattaren og statsstipendiaten Inge Krokann (1893–1962) frå Gausdal.

– Det var på veg til å verta ved, men Krokann berga det, og far min kjøpte det av han. Frakta hit kosta meir enn bordet.

Kunstnarane i slekta er mange. Far hans er bilethoggaren Dyre Vaa (1903–1980). Morfar hans er forfattaren Johan Bojer (1872–1959). Ei tante er lyrikaren Aslaug Vaa (1889–1965). Ein bror er bilethoggaren Tor Vaa (1928–2008). Ei kusine er lyrikaren Magli Elster (1912–1993). Vaa-ane er i slekt med Groven-ane og Vesaas-ane og Nordstoga-ane òg. Telemarkskulturen står tett i stova her, som i Rauland elles. Ein ølbolle står på bordet. Vaa fortel:

– Han er 350 år gamal. Han vart laga til Gamle-Dyre på hans eldre dagar.

Vaa les innskrifta høgt:

Noah var en gammel Gut

Patriarken gamle

Den Tid da han drakk denne ut

begynte han at famle

Sjølv er Vaa 77 år og held seg like sprek som forfaren Dyre Vaa, som vart nær hundre år gamal, fødd kring 1585, død i 1682.

– Han heldt til i Vå, lenger inn i Totak, seier Vaa og peikar ut på vatnet.

– Kor langt attende kan du fylgja slekta di i Vå?

– I ti–elleve generasjonar, til Dyre, og til far hans, som heitte Bjørgulv, fødd i 1560. Men då veit me ikkje lenger. Men dette skal no handla om vidda, ikkje om Vaa. Meir kaffi?

Gamle-Dyre fekk ikkje berre laga ein ølbolle til seg, men eit dikt òg, eit av dei mest kjende dikta til Johan Sebastian Welhaven (1807–1873), «Dyre Vaa» (1846), om den segnomsuste jegeren, skyttaren og skilauparen frå Rauland som kjempa i trettiårskrigen, og som i segna og diktet ror trollet over Totak.

Den gjeveste Bonde i Vinje Gjeld

var Dyre fra Vaa at nævne.

Han var saa sikker og stø som et Fjeld

og eiede tolv Mands Evne.

Hans Grander sagde saa stort et Ord:

«Du turde vel prøve en Leg som Thor

med Trold og med Bjerguhyre.»

«Ja, om der var mørkt,» sagde Dyre.

Dugnad

Skyttarar og reinsjegerar har dei vore her i generasjonar, men ikkje far hans. Ung-Dyre fanga reinen i bronse. Eit par kilometer herfrå, ved Raulandsakademiet, står eit bygg så digert som det må vera når det skal romma store skulpturar, Dyre Vaa-samlingane. Etter Gustav Vigeland var Dyre Vaa den viktigaste norske bilethoggaren i førre hundreåret. Meir sette enn Dyre Vaa-samlingane her i Rauland er dei fire skulpturane hans på Ankerbrua i Oslo, med motiv frå norsk folklore, som òg har gjeve brua namnet Eventyrbrua.

Ein av skulpturane er «Per Gynt», den galne guten som rir på reinsdyret, kjend frå gamle segner og «eit dramatisk dikt» (1867) av Henrik Ibsen.

Det var då Dyre Vaa i 1930-åra fekk oppdraget med Ankerbrua at han kjøpte eigedomen Sporanes som sonen Johan no eig. Det var her far hans bygde atelier og laga skulpturane, og det var her sonen voks opp etter krigen.

Det er mykje å ta vare på her. Me er ute på tunet.

– Far bygde mykje, men var ikkje så oppteken av vedlikehald og hadde ikkje dei beste snikkarane, og det var dårlege materialar på den tida han bygde. Eg har gjort mykje med bygningsmassen. Og éin gong i året er skyldingar samla til ein dugnad.

På hi sida av Totak har den kvite vinteren kome til vidda. Auga til elgen liknar Totak der dei ser på oss frå graset. Bak hovudet ligg pelsen, og framfor hovudet står dei blodraude beinknoklane stabla som kubbane i eit bål. Alt kjøtet skal få bein å gå på når slekta vert samla til dugnad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Tamreinen på vidda forvilla seg sjølv.

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis