Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Les også
Å skyte seg sjølv i foten?
Les også
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Les også
Nye reglar for opptak til universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og regjeringa ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023-24).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Skulifisering og standardisering

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utdanning
Takk til Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik for at dei (Dag og Tid 26. april) understrekar kor naudsynt det er å satse på lektorutdanning. Dette er også mi eiga faste overtyding. Vi treng desse diskusjonane, især sidan siste evaluering frå Norsk organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) syner at kvaliteten på desse utdanningane er særs vekslande kringom i landet.
Det er ikkje naudsynt å gå i forsvar, karar, eg ser ikkje ned på skulen. At 19-åringane no ofte saknar grunnkunnskapar om språk, matematikk, samfunn, kulturhistorie og ikkje minst europeisk historie frå nybyrjarstudentane, legg eg sjølvsagt ikkje ned på lærarane i skulen, snarare på politikarane og direktorata.
Det flåsete nyordet «skulifisering» sikta til gamle diskusjonar om «det skulske», altså at ein utdannar folk til det som går føre seg i skulen, ikkje i samfunnet. Det er frekt, sjølvsagt, men er alltid ein fare, og i alle høve kan ikkje universiteta, som skal lære folk å oppdage og å tenkje systematisk og kritisk, basere seg på at alle kan støypast i same form.
Eg er sjølv organisert i Utdanningsforbundet, men skulle ynskje dei og andre hadde stått meir imot instrumentaliseringa av dei sjølve og av elevane. Det har vore altfor mykje diskusjon om løn og for lite om prinsipp. Såleis om at elevar, no også studentar, skal omgjerast til objekt for at stat og kven det er skal nå sine mål, ikkje den einskilde personen som er utsett for målsauminga.
Kva om vi saman kollokverte om skriftene til Hans Skjervheim, Jon Hellesnes, Gunnar Skirbekk, Erling Lars Dahle, Olga Dysthe, Laila Aase, Svein Sjøberg og fleire andre brave kjemparar for sjølvstendig kritisk tenking – og deira no forsvinnande fåe etterkomarar.
At 19-åringar ein møter ved universiteta, er usikre, er normalt. At dei kjem til oss og ynskjer stadfesting av alt dei før har opplevd, er ikkje like normalt. Men dersom dei ikkje vert meir vågale når dei skal ut i yrkeslivet, har vi heilt feila med oppgåvene i profesjonsutdanningane. Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg, men då lyt altså skular og andre arbeidsplassar vere viljuge til å fortelje kva dei ynskjer av kompetansen til kandidatane vi sender dei i praksis; det kan då ikkje vere at dei skal repetere snautt det same som dei lærte i skulen dei gjekk på?
Framleis er universiteta med på å gjere vårt til at utdanning er ein prosess der kvar og ein kan endre seg, ut frå eigne føresetnader og målsetjingar.
Og nei, vi juksar ikkje. Litt undrar det meg at både lektorar og andre hoverer over hardt arbeidande profesjonsutdannarar med å gjere to skrekkens døme til vitnemål om at dei titusentals masteravhandlingar som er skrivne siste 20 åra, er falskneri, og at alle universitetsgrader geråder i elende. Likevel, lat oss edrueleg vedgå at juks sjølvsagt vert ei større og større freisting, når krava er å gjere som alle andre på same tid med same føremål: å tene pengar for institusjonen og for seg sjølv, i staden for å lære folk å tenkje og arbeide systematisk.
Kunne vi snart kome i gang med ein sårt tiltrengt samtale, som staute folk som Rune Slagstad for lengst har etterlyst fleire gonger, om kva som er føremålet med profesjonsutdanningane våre, må vi ha med dei som skaper fundamentet for slike, nemleg vidaregåandelærarane.
Lat fagorganisasjonane våre samarbeide betre så vi kan fjerne oss frå direktoratsretorikken og kome nærare ein samforstand.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Les også: «Skulifisering og standardisering»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.