Teikning: May Linn Clement
Forklaringar
Karamellpuddingen måtte stå ei stund og kjølne. Han blir best då. Eg bar ut søpla og tørka av kjøkenbenken. Etterpå støvsuga eg heile fyrste etasje. Ungane skulle dusje og få i seg mat, og det tok ei stund før me fann husnøkkelen, som hadde ramla ned og låg i ein sko.
Eit anna menneske
No vil han berre kvitte seg med alt, og sidan Aina ikkje vil ha hårtufsar flygane rundt inne, gjer dei det ute. Det har inga hensikt å vente lenger, det er berre å setje i gang.
Mamma
Eg ser den gamle kjeledressen som heldt meg varm på kalde dagar, og kjenner att handskrifta til mamma på lappen med vaskeinstruksane. Ein bitte liten dress som passa til ein liten gut, og minner meg om blaute vottar på tørkestativet av tre som klappa saman om ein ikkje sette det opp skikkeleg. Me hadde varmekablar i badegolvet og golvbelegg som var lett å halde reint. Etter som åra gjekk, dukka det opp brune flekkar på golvet. Heldigvis tok det aldri fyr, sjølv om enkelte område vart varmare enn andre.
Kveldsangst
Eg låg under dyna og hadde akkurat byrja å få varmen i meg då tankane kom: Skrudde eg av lysa? Sette eg gryta med resten av tomatsuppa inn i kjøleskapet? Bles eg ut stearinlysa på bordet? Låste eg ytterdøra? Eg gjorde vel det, men eg måtte stå opp igjen for å sjekke.
Tyttebærsyltetøy
Eg har teke feil og smurt eit tjukt lag med tyttebærsyltetøy på brødskiva. Smaksløkane skjønar med ein gong at noko er gale. Hjernen brukar litt lengre tid, men etter tredje bete avbryt eg måltidet og skrapar av syltetøyet over søppeldunken. Raudt og fint legg det seg på toppen av alt det andre eg har kasta i det siste. Eg kikkar på etiketten og ser at det er glaset med tyttebær- og ikkje kirsebærsyltetøy eg står og held i nevane.
Bilen utanfor
Den blå bilen utanfor kiosken har stått der i tre veker minst, om ikkje meir. Eg anar ikkje kven eigaren er, og bør kanskje ringa lensmannen og høyra kva eg skal gjera med det. Bilen tek opp ein av parkeringsplassane som er meinte for kundane mine, men eigentleg er det ikkje så farleg, det er sjeldan at alle plassane er opptekne samstundes.
Teikning: May Linn Clement
Selskapet
Sjølv om eg og Torbjørn skreiv åtte i invitasjonen, ringer det på døra ti over sju. Me kikkar på kvarandre og fryktar det verste. Eg småspring ut og opnar, Trygve og Randi står på trappa og smilar. Gratulerer, seiar dei. Takk, seiar eg og slepper dei inn, kva anna kan eg gjera? Torbjørn hadde ei dårleg kjensle, og var i tvil om me burde invitera Trygve og Randi. Me landa til slutt på at det var det rette å gjera. 25 gjester totalt, om alle kjem. Me kjende at tida var inne, og at dette var ein fin anledning, sjølv om det er veldig ulikt oss å invitera til noko som helst.