JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«Det er tydeleg at Tor ikkje er i humør.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3088
20240223
3088
20240223

Tomt for ved (3)

Eg har lova Ragnhild å ta ut oska frå omnen. Dei som har vett på det, seier ein må vente i minst 24 timer etter at ein har halde opp med å fyre, før det er trygt, men så lenge eg tømmer oska rundt ripsbuskane som ligg eit godt stykke frå nærmaste bygning, kan det vel ikkje vere så nøye? Eg har ikkje fått gjort det endå, og oska er uansett for varm no, sjølv om Tor brukte så lang tid på å hente ved at det ser ut til å ha dauda heilt ut.

Tor opnar omnsdøra med eit rykk, og oska kvervlar opp og ut i rommet. Så legg han inn ei vedskie som er altfor tjukk til å leggje i no når det ikkje brenn skikkeleg.

– Ragnhild er nok ikkje langt unna, seier eg.

– Me kan ikkje vente på Ragnhild, seier Tor.

Og no er det ein heilt annan lyd i han enn me er vande med. Det er tydeleg at Tor ikkje er i humør. Han set seg ved vind­auget på plassen sin, og heile genseren er full av rusk og mose frå veden.

– Ragnhild har kjøpt kyllingvengjer, seier Hjalmar, som byrjar å bli svolten.

Tor svarer ikkje, sit berre og vippar med føtene, og det er ingenting som tyder på at han har tenkt å rydde opp etter seg.

På veg til kjøkenet for å sjekke om steikeomnen har blitt varm, ser eg føre meg desse stakkars kyllingane, kva slags liv har dei eigentleg, før vengjene blir kappa av?

Lyset som viser at temperaturen har kome opp i 220 grader, har slokna, så alt er klart. Men no oppdagar eg at omnen er heilt full av steikebrett, og slik kan det ikkje vere når me skal varme kyllingvengjer. Eg finn nokre gryteunderlag og legg dei på kjøkenbenken, opnar omnsdøra og tek ut bretta og lèt rista stå att. Blir eigentleg kyllingvengjer leverte i brett slik Ragnhild sa? Eller kjem dei i ein pose så me treng ei form? Eg håpar på brett, det er så mykje graps med desse posane.

Eg høyrer ein smell og kikkar ut av vindauget, eg ser bilen til Hjalmar, fjøsen og vedhuset, men inga Ragnhild. Tor har ikkje klart å lukke døra til vedhuset, det var den vinden smelte i veggen.

Sjølv om ingen av oss har noko meir ute på kjøkenet å gjere før Ragnhild kjem heim att, fortel eg Hjalmar og Tor at steikebretta som står på benken, er glovarme, så dei må passe fingrane og vere forsiktige.

Tor reiser seg og subbar dei små føtene sine over golvet. Det forundrar meg ikkje om han skal dusje, det gjer han stadig på dei merkelegaste tider av døgnet.

– No burde vel Ragnhild snart vore her, seier Hjalmar.

– Ja, seier eg, ho er nok rett rundt hjørnet.

Regnet slår mot vindauget på sørsida, veggane knirkar, og me høyrer Tor som fiklar med døra på dusjkabinettet, som har det med å hoppe ut or sporet om ein ikkje er forsiktig.

– No får me håpe han ikkje brukar opp alt det varme vatnet, seier eg.

Så kjem det eit puff frå omnen, og eg og Hjalmar ser skinet av noko som blafrar i glaset på omnsdøra. Eg reiser meg og går heilt bort for å sjå om det verkeleg kan stemme.

– Jammen har det teke til å brenne att, seier eg.

– Heilt utruleg, svarer Hjalmar.

– Ja, seier eg, men det er i alle fall ikkje Tor si forteneste, rein flaks, ingenting anna.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis