JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kvardagar på nært hald

Ikkje noko er meir mangfaldig enn kvardagen. For kvardag kan vere så mangt; det som er eksotisk for somme, er vane for andre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva gjer new public management med arbeidslivet, spør regissør John Webster i ein film som også byr på humor og ironi.

Foto frå filmen

5096
20221028
5096
20221028

Bergen internasjonale filmfestival

Bergen, 19.–27. oktober 2022

Med 120 heilaftans fiksjons- og dokumentarfilmar og ein haug med kortfilmar og musikkvideoar syner Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) nok ein gong at verda er full av kvardagar. Ofte skil dei seg sterkt frå kvarandre. Det rikhaldige dokumentarprogrammet får ein til å innsjå kor vedunderleg fargerik, samansett, kontrastfylt og stundom uskjønleg røyndommen er.

Ei moderne form for kvardag er blitt tvinga på oss dei siste tiåra, namnet er new public management (NPM). I filmen med den ironiske tittelen The Happy Worker – Or How Work Was Sabotaged demonstrerer John Webster gjennom samtaler med ei gruppe «utbrende» arbeidstakarar kva menneskelege kostnader dette systemet kan ha. Han samanliknar NPM med ei hemmeleg handbok frå siste verdskrigen med tips om korleis ein kunne sabotere fiendens arbeid: fleire avbrot, fleire møte, fleire mellomleiarar, stadige omorganiseringar.

Kjenner nokon seg att?

I eit slikt system ville Torstein Raaby (1918–1964) teke sin død. Han var ein av våre høgst dekorerte og minst kjende krigsheltar, hemmeleg agent og sentral i innsatsen for å senke slagskipet «Tirpitz», ein eventyrar og spenningsjeger som også var mannskap på Thor Heyerdahls Kon-Tiki-ekspedisjon.

Men nokre år seinare gjekk han som boms i Oslo før han blei berga, og i 1964 døydde han av hjartesvikt på ein mislykka ekspedisjon mot nordpolpunktet. Filmen med den talande tittelen Hva skjedde med Torstein Raaby er Stian Indrevolls freistnad på å gå opp spora etter helten som ikkje orka kvardagen.

Kva er vel meir kvardagsleg enn det som skjer inne i kroppen vår – dag ut og dag inn frå fødsel til død? Ikkje alle toler å sjå dei indre prosessane eller på svært, svært nært hald følgje operasjonar på våre indre organ, slik De humani corporis fabrica (regi: Lucien Castaing-Taylor og Véréna Paravel) inviterer oss inn til. Dette er til å bli både imponert og skremd av, og eg torer påstå at inga gravid kvinne som ser denne filmen, vil velje keisarsnitt om ikkje ho må.

Det finst også andre grunnar til ikkje å gjere keisarsnitt til den «kvardagslege» løysinga, noko The Invisible Extinction (regi: Sarah Schenck og Steve Lawrence) syner til overmål. Utgangspunktet er det dramatiske faktum at bakteriemangfaldet i kroppen er i ferd med å bli halvert. Prosessert mat, antibiotika og sterile bu- og arbeidsmiljø er viktige årsaker til dette, og blant konsekvensane er astma, diabetes, allergiar og kanskje autisme. For nyfødde som ikkje har komme via den rette kanalen, men er blitt henta ut på keisarleg vis, er risikoen for desse sjukdommane ekstra stor. Snart kan transplantasjon av sunne mikrobemiljø bli løysinga for dei mest utsette.

Essensen av livet

Så kvardagsleg er opioidmisbruk blitt i USA, at fleire hundre tusen døyr av det. I All the Beauty and the Bloodshed følgjer oscarvinnar Laura Poitras kunstnaren Nan Goldins kamp for å gjere legemiddelfirmaet Purdue Pharma og eigarfamilien Sackler ansvarlege for denne epidemien av død. Kampen er seig, men gir gradvis resultat.

Ein kvardag som ikkje er heilt framand her heime heller, freistar australske Sandra Pankhurst å rydde opp i. Firmaet hennar gjer reint i bustader der oppgåvene har vakse eigarane heilt over hovudet, der drap eller sjølvmord har sett blodige spor, og på åstader dei fleste vil halde seg langt unna. Sandra har sjølv opplevd litt av kvart, og er ikkje ei som dømmer andre.

For nokre få av oss er det mangel på kvardagar som er kvardagen. Biletkunstnaren Laurie Grundt (1923–2020) var ein slik. Han drog frå Bergen og slo seg ned i den københavnske «bohembydelen» Christiania, men vende mot slutten av livet attende til fødebyen. Han sa seg laus frå dei fleste band, langt på veg også borna sine, og levde som eit blomsterbarn i ein fridom dei færraste har råd til å unne seg. Glimt av dette tilværet får vi i Rune Schyttes Blomster i blodet.

Det hadde ikkje blitt mykje kvardag utan karbon, dette grunnstoffet som i kombinasjon med oksygen blir til det utskjelte CO2. For, som dei kunnskapsrike og entusiastiske forskarane i Carbon – the Unauthorised Biography (regi: Daniella Ortega og Niobe Thompson) gjer klart, finst karbonet i oss og kring oss i slike avgjerande mengder at utan denne diamanten ville det ikkje funnest liv på jorda.

Dette, som er essensen av livet, gjer vi til syndebukk for den øydeleggjande galskapen vi sjølve har sett i verk.

Kampen mot global oppvarming er blitt den nye kvardagen for mange også her i landet. Regissør Anne Marte Blindheim har i Rahcan – Ellas opprør følgt samiske Ella Marie Hætta Isaksen (21), kjend som vinnar av NRK-sende Stjernekamp i 2018, i hennar kamp for det ho trur på. I aksjonen mot å dumpe 30 millionar tonn gruveslam i Repparfjorden går miljøaktivisten og den samiske aktivisten hand i hand. Og 100 dagar i teltleir gir resultat. Førebels.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis