Demonteringa av eit demokrati
Judges Under Pressure er ein politisk skrekkfilm om noko som skulle vere uråd i dagens Europa.
Regissøren Kacper Lisowski følgjer dommaren Igor Tuleya (biletet), som kjempar for grunnlova og mot nedbrytande politiske krefter.
Foto frå filmen
Dokumentarfilm
Regi: Kacper Lisowski
Judges Under Pressure
Med: Igor Tuleya
Alle som har følgt med i internasjonale nyhende dei siste åra, veit ein del om det som har utvikla seg i Polen. Men å få prosessen presentert på knappe 90 minutt gjer inntrykk. Det blir ikkje betre av å sjå kor hjelpelaus giganten EU synest stå andsynes det som skjer.
Systematisk og bit for bit er det polske rettssystemet blitt demontert. Det finst ikkje lenger noka reell tredeling av makta eller det vi i dag forstår med ein rettsstat. Rett nok arbeider domstolane framleis under høgtrykk, men dersom dommarar avseier dommar styresmaktene ikkje liker, risikerer dei avskil og fengsling.
Det høgrepopulistiske partiet med det ironiske namnet Lov og rettferd (PiS) har i løpet av få år ved makta klart å endre lover og politisere rettsvesenet til eigen fordel. Kynisk fordømmer dei «vanskelege» dommarar som elitistiske, inkompetente eller endå dissidentar. Slike blir avsette og erstatta med partilojale nikkedokker.
Filmen følgjer den kompro-
misslause dommaren Igor Tuleya i hans kamp for grunnlova og mot dei nedbrytande kreftene i PiS-leiinga. Etter kvart misser han immuniteten sin som dommar og retten til å dømme. Men han står ikkje åleine i kampen mot dei illiberale reformene regjeringa innfører. I denne utsette situasjonen møter han stadig sterkare solidaritet, både frå kollegaer i rettsvesenet og frå vanlege borgarar. Først då grunnlovsdomstolen godkjenner ei radikal innstramming av abortlova, skjønar massane kva dei er i ferd med å tape – og går ut i rekordstore demonstrasjonar. Men kanskje er kampen for rettsstaten alt tapt.
Filmen er på ingen måte balansert, men stundom treng vi slike ytringar.
I Noreg ser vi ei regjering som med alle middel motarbeider ein høgsterettsdom dei ikkje liker – mot vindmøllene på Fosenhalvøya. Stør(r)e er ikkje respekten for maktas tredeling her heller. Burde ikkje spora frå Polen skremme?
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jan H. Landro om Judges Under Pressure
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.