Frå matfatet
Grillsaus
Industrien har røyklagt oss i for mange år.
Kan du kjenne korleis dette biletet smakar? Godt, sant? Foto: Pxhere.com
Er du blant dei som meiner sommaren treng litt – eller kanskje endåtil mykje – salt, søt, klissete, tjukk og ikkje minst røykt grillsaus for å kome skikkeleg i gang? Då er du ikkje aleine, det er ein heil del av dykk der ute, trur eg, mange av dykk har skikkeleg dyre grillar og ei mengd kokebøker, og skal vi fylgje klisjeen heilt ut, er de ikkje blant dei som kjøper BBQ-saus – eller grillsaus på norsk – på Kiwi.
Men kva veit eg. Sidan dei har ikkje éin, ikkje to, men tre variantar av det som ut frå ingredienslista framstår som ganske lik grillsaus på min lokale Kiwi, må det vere ganske mange som kjøper desse produkta. Og no skal eg endeleg kome til poenget: De kjem alle saman til å oppdage at desse produkta endrar seg litt dei komande åra.
Årsak: BBQ Sauce frå Idun, frå Santa Maria og Sweet Baby Ray’s Award Winning Barbeque Sauce inneheld alle tre røykaroma. Og EU har forbode bruk av røykaroma i matvarer frå 2026, med ei overgangsordning for nokre produkt fram til 2029. Denne overgangsordninga gjeld ikkje for grillsausar.
Dette har dei gjort fordi EFSA i ein rutinegjennomgang i samband med fornying av salsløyve for åtte røykaromaer oppdaga det Mattilsynet kallar «genotoksiske bekymringer» kring alle dei åtte produkta.
Og kva er ei «genotoksisk bekymring»? Jau, kort fortalt er det uro for at noko kan føre til kreft. Genotoksisitet er når eit stoff er i stand til å skade DNA i celler – noko som kan vere det same som å legge til rette for spreiing av kreftceller.
Likevel ikkje godt nok
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.