Frå matfatet

Meir enn burgar i ein app

Sjølvdisiplinen min treng ikkje fleire gode tilbod.

Eg klarte å fange annonsen før han forsvann. Kven vann på det, skal tru?
Publisert Sist oppdatert

Situasjon på heimekontoret: Eg skrollar nedover ei nettavis og prøver intenst å halde fokus på dei redaksjonelle sakene, men det er lettare sagt enn gjort, for på sidene brølar det: Algoritmane er òg på jobb, og dei veit veldig godt at eg har lyst på nye joggesko, at eg drøymer om rideferie i Kaukasus – og så, heilt ut av det blå, dukkar McDonald’s opp.

Eg trudde ikkje eg likte McDonald’s?

Men var ikkje det måltidet dei reklamerte for, skikkeleg billeg?

Med eitt er eg på jobb – på utsida. Eg skrollar raskt oppover att og klarer å fange tilbodet før det forsvinn i algoritmejungelen. Eg kjem ikkje til ein vidare presentasjon av måltidet eg hadde sett bilete av, men til ei side som ber meg laste ned ein app.

Det er McDonald’s eigen app eg må laste ned for å kunne nyte godt av det gode tilbodet, og eg lastar ned appen og lukkar auga medan eg gjev dei alle løyva dei ber om. No veit dei kor eg bur, og kor gamal eg er, men eg har iallfall tilgang. Eg er inne, no kan eg kjøpe Big Mac-meny til 99 kroner, eg òg.

Trudde eg. Eg finn ikkje dette tilbodet i min app. I staden finn eg noko endå billegare: ein cheeseburgarmeny med fire chicken nuggets – også til 99 kroner!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement