Mat
Bacalhau!
Klippfiskboka over alle klippfiskbøker.
Eg har aldri før presentert bilete av ei kokebok i spalta. Men eg tenkte at i dette høvet har eg lov.
Eg reknar nemleg med at eg er den einaste i landet som eig denne boka, så det kan knappast reknast som tekstreklame.
Historia bak er som følgjer: For nokre år sidan reiste eg til Portugal for å skrive nokre radiotekstar for NRK i fred og ro. Eg leigde meg eit hus i Nazaré, ein tidlegare fiskarlandsby som seinare har blitt ein kokande hotspot for surfarar. Havet utanfor har spesielle botnforhold, noko som gjer at verdas høgaste bølgjer kan oppstå.
Ein Sebastian Steudtner surfa på ei bølgje som var over 26 meter høg, noko som blei registrert som verdsrekord hjå Guinness. Brått blei Nazaré berømt over heile verda, og hovudgata fylt av unge hipsterar med bandana, som gjekk med solbriller innandørs.
Ikkje at eg hadde tenkt meg ut på surfebrett, gud forby, det skulle tatt seg ut. Men byen elles er særs roleg om du drar dit utanfor sesongen. Tronge gater med kvitmåla hus, og absolutt alle har ståande ein liten kolgrill utanfor inngangsdøra. Til å grille fisk på, sjølvsagt.
Så ein dag fann eg ein bokhandel, og der – midt i vindauget – stod boka med dei 500 beste bacalhau-oppskriftene og lyste mot meg. Kokken Vítor Sobral er landskjend og veit kva han snakkar om, men altså – dei 500 beste?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.