Frå matfatet
Grønsaker i veska
Verda kan godt få fleire reiseagurkar. Men dei treng ikkje vere så små.
Middagsplanlegging eller reisemathandling? Kva ser du her som du ville tatt med deg på eit fly?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Kva mat er det eigentleg lov å ha med inn på eit fly? Han stussa litt sjølv, tryggingskontrolløren, då han fiska fram ein agurk frå veska hennar. Ho stussa derimot ikkje: «Ja, det er reiseagurken min», sa ho, som den mest naturlege tingen i verda.
At han då trekte på smilebandet, må vere heilt innafor – i det minste så lenge det også er innafor å ha med seg ein heil agurk om bord i eit fly. Kva skade kan det gjere, liksom? At kontrolløren stussa i det heile, kjem vel fyrst og fremst av at heile grønsaker ikkje er vanleg å ha i veska her til lands, ikkje at det er ein dårleg idé.
Et vi nok?
Et vi mykje grønsaker i Noreg? Et vi nok? Det er vanskeleg å seie, sjølvsagt. Sjølv eit konkret spørsmål som om vi et meir eller mindre enn før, kan vere vanskeleg å svare på: Ifølgje rapporten Utviklingen i norsk kosthold 2025 frå Helsedirektoratet et vi monaleg meir enn vi gjorde på 1970-talet. Då var engrosforbruket kring 40 kilo per år, medan det i 2024 var over 77 kilo, men mindre enn i åra mellom 2014 og 2020, då vi konsumerte mellom 78 og 82 kilo grønsaker årleg.
Årsaka til at det er vanskeleg å seie om vi et nok, er at det er minst like vanskeleg å finne feil ved å ete grønsaker. Grønsaker er blant få råvarer så å seie alle er samde om er sunne og gode – ein kan mest ikkje ete for mykje grønsaker.
Og kva med grønsaker – i si reinaste form – som mellommåltid? Eg kjem på mange dårlegare alternativ. Ja, eg trur beint fram alle alternativa eg kjem på, er dårlegare. Om formålet med etinga er å stoppe litt svolt, men fyrst og fremst mykje keisemd, venting og uro, kan eg ikkje kome på noko sunnare du kan ete enn heil agurk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.