Mat
Blåskjel-tid
Dei audmjuke blåskjela er eit godt val no.
Foto: Dagfinn Nordbø
I ein låt av Van Morrison lyder det: «Gotta get through January, gotta get through February». Så Van The Man er nok på linje med meg, vi er begge eit strå lukkelegare når vi no har dei slemmaste vintermånadene bak oss.
Eg trur nok ikkje at Van heller er ein kløppar på verken hopp-, slalåm- eller langrennsski, så der har vi enda tre ting til felles. I det stykket held eg meg til Jens Bjørneboe, som sa: «Fordelen med å bli voksen er at man slipper å stå på ski.»
Eg er kisteglad for at Van held seg til det han verkeleg kan, altså synge soul på ein måte ingen andre kvite artistar gjer etter han. Det er høge toppar og djupe botnar i humøret hans, noko som lett kan høyrast i utgjevingane.
Det er òg beint fram utruleg at han har halde karrieren gåande heilt sidan eg høyrde han på plater då eg var ein gutekvalp i sekstiåra. («G-L-O-R-I-A, Gloria!») Den mannen har noko som må ut.
Våren som er i anmarsj no, har gitt oss nokolunde berre fortau her i oslobygda, om enn ispedd nokre innfule innsjøar vi stakkars fotgjengarar må forsere. Lukka for folk av mi støyping må framleis nytast innandørs, til dømes rundt bordet.
Då vil eg minne lesarane på at fisk og særleg skaldyr er på sitt desidert beste i månader med r i, så no er det berre å innfinne seg ved fiskedisken, sjølv om ein lett vert ruinert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.