Frå matfatet
Lokal ost
Tine har heilt rett i at Østavind er noko anna enn Norvegia og Jarlsberg. Dei burde gjerne rope det endå høgare.
Østavind er ein ost med terroir, ysta som han er på Sømna på Helgeland og berre der.
Foto: Tine
Kor lokal kan ein nasjonal ost vere? Det verkar kanskje som eit merkeleg spørsmål, men heng med meg litt, så skal vi sjå om vi kan gjere det forståeleg – og interessant.
Samvirkeverksemda Tine er vår største nasjonale osteprodusent. Så å seie alle bønder i Noreg leverer mjølk til Tine – det einaste unntaket er dei som ystar si eiga mjølk på garden, og dei som leverer til Q Meieriene, men sidan Q ikkje lagar ost, kan vi gløyme dei nett i dag. Synnøve Finden og Røros Meierier kjøper mjølk frå Tine – Røros tek den økologiske, Synnøve Finden tek det dei kan få.
Alt dette inneber at ganske mykje mjølk køyrer ganske mange kilometer – for ikkje å seie mil, for ikkje å seie ti- og hundretals mil – kringom i landet før ho vert omgjord til seljelege produkt. Kan norske ostar likevel kallast lokale?
Østerdalen er éin ting
Kva som er lokalt, kan alltids diskuterast, men eg vil likevel hevde at det finst minst to døme som kan kallast det. Det eine kjem frå Rørosmeieriet: Om dei får økologisk mjølk frå store delar av aust- og midtnoreg inn på meieriet sitt, klarer dei å skilje ut den mjølka som kjem frå Røros-traktene – og det er berre den som vert brukt til å yste skjørost: Den knirkete ferskosten vert også seld som Skjørost frå Røros-traktene, og meieriet har teke seg bryet med å sikre produktet som verna geografisk nemning.
Dette har dei gjort fordi dei meiner osten er laga på lokale tradisjonar – og at dei lokale tradisjonane vert best teken vare på med lokal mjølk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.