Illustrasjon generert av Dall-E
Samtale med ein robot
Denne samtalen med ChatGPT vart gjord 11. januar. Nokre av svara er korta ned, men er elles ikkje redigerte.
Illustrasjon generert av OpenAI-programmet Dall-E, ut frå desse stikkorda: Rembrandt oil painting robots writing text newspapers books journalists students office.
Dall-E
Framtida er sjølvskriven
I Roald Dahl-novella «Den store automatiske diktografen» frå 1953 møter vi Adolph Knipe, ein genial oppfinnar som ikkje er nøgd med å ha laga verdas beste reknemaskin. Knipe drøymer om å bli forfattar, men manglar skrivetalent. Så går eit lys opp for han: Sjølv om ei reknemaskin ikkje kan tenkje, kan ho ha eit nesten uavgrensa minne. Og grammatikalske reglar var «nesten matematiske i sin ufravikelighet». Knipe konstruerer ei maskin som kan lagre alle ord i ordbøkene og kan setje dei saman i korrekt rekkjefølgje. «Og så kunne man gi den en handling å arbeide med, og overlate det til maskinen å skrive setningene.»
I 2014 meinte Elon Musk at kunstig intelligens kunne vere like farleg som atomvåpen. Året etter var han med på å stifte selskapet OpenAI.
Foto: Andrew Kelly / Reuters / NTB
Dei som skulle redde verda
Kring midten av 2010-talet hadde datakjemper som Google og Facebook falle i vanry. Dei vart kritiserte for monopolisering, maktmisbruk og moglege skadeverknader av verksemda deira. I tillegg hadde redsla for farane ved kunstig intelligens, den vi kjenner frå dystopiske science fiction-historier som Terminator, blitt sterkare. I 2014 sa fysikaren Stephen Hawking til BBC at realiseringa av ein ekte kunstig intelligens «tydde slutten for menneskeætta». Same år åtvara Oxford-filosof Nick Bostrom om det same i bestseljaren Superintelligence, og Elon Musk hevda at kunstig intelligens kunne vere farlegare enn atomvåpen.