JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kunstig intelligens og kognitivt muskelsvinn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Geoffrey Hinton.

Geoffrey Hinton.

Foto: Mark Blinch / Reuters / NTB

Geoffrey Hinton.

Geoffrey Hinton.

Foto: Mark Blinch / Reuters / NTB

4368
20230526
4368
20230526

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Teknologi

Dei nye språkmodellane me finn under det noko misvisande omgrepet «kunstig intelligens», kan ta over mange oppgåver. Det å imitera og nærma seg menneskeleg intelligens gjennom teknologi har alltid vore ein slags heilag gral for teknologiutviklinga. Det er dermed ikkje sagt at det er lurt å setja bort alt tenkjearbeid me kan, til prosessorhastigheit og big data.

Det som skremmer meg mest som lærar, er at dei nye språkmodellane er omkransa av tvil. Tvil om ektheit, tvil om sanning, tvil om pålitelegheit for alt me brukar dei til. Teknologien hadde allereie før desse språkmodellane gitt oss deep fake, forfalska bilete og filmar som det så å seia er umogleg å avsløra for meinigmann.

I skriftleg kommunikasjon direkte med språkmodellane får eg plausible og velartikulerte svar, men førebels er dei rigga sånn at der dei ikkje finn svar, går dei rundt grauten eller lyg. Det er òg lagt inn etiske sperrer med eit politisk korrekt verdisett i botnen, slik at ikkje alt blir svart på, med tilvising til at det kan vera støytande. Me kan etter kvart sjå for oss ei polarisering, der me får språkmodellar med polariserte verdisett, ein kunstig intelligens for høgresida og motsett.

På eit djupare nivå er eg bekymra for lagnaden til det genuint menneskelege, der både kropp og sjel er aktiviserte. I eit spesialisert samfunn skal du helst kunna dei spesialiserte oppgåvene dine, og betala andre spesialistar for å utføra dei spesialiserte oppgåvene sine. Me blir stadig meir framandgjorde frå heilt trivielle praktiske oppgåver.

Det å bruka heile kroppen har vorte ein luksusaktivitet på fritida og ei skam i arbeidstida. For å gjera det heile litt finare, blir mange manuelle jobbar utandørs kalla «grøne jobbar», det vil seia lågt betalte jobbar der ein ikkje kan gjera all verdsens skade på miljøet.

Arbeidsneven har vorte erstatta med silkepotar, og dei praktisk-estetiske faga i skulen har følgjeleg i altfor mange år ikkje vorte tekne alvorleg. «Kva skal eg med dette, eg skal jo bli (set inn høgt betalt jobb føre ein skjerm)?» Paradokset er at desse jobbane blir dei som vert minst råka av dei nye språkmodellane.

Med denne kunstige intelligensen er det likevel den menneskelege kognisjon som er mest trua. Først rauk handa, no ryk ånda. Språkmodellane kan allereie brukast til å utføra haugar av arbeidsoppgåver som sparer oss for tenking og rutinearbeid. Kanskje me treng rutinearbeidet og tenkinga, slik at me har reellt eigarskap til det me driv med? Me kan ikkje vera så dumme at me trur at om denne teknologien kan frigjere arbeidstid, vil me få behalde råderett over han på lengre sikt.

Me kan på E24 lesa om Geoffrey Hinton, som etter å ha arbeidd med kunstig intelligens i femti år, sluttar i industrien for å åtvara om farane: «Hinton er først og fremst bekymra for at kunstig intelligens vil fylla internett med falske bilete, videoar og falsk informasjon, slik at vanlege folk ikkje vil forstå kva som er sant eller ei.»

Som lærarar kjem den tida me sparer med ein språkmodell, til å gå med til å vurdera autentisitet på elevarbeid, me vil langt større grad enn før bruka tid til å sjekka pålitelegheit i elevprodukta. I verste fall må alt læringsarbeid flyttast inn i skulen, der arbeidet må overvakast for å vita at det er eleven sjølv som har gjort det. Me kan ikkje la fjusk bli den nye normalen, og enda opp med ein dørgande kjedeleg kvardag der me sit og utformar «prompts», eller spørsmål, til ein språkmodell som saumfer nettet etter eksisterande setningar som er plausible svar.

Me er allereie høgkonsumentar av tankar produserte utanfor oss sjølv, og set me vekk alt me kan av kunnskapsarbeid til handhalden elektronikk, trur eg det er fordummande og framandgjerande heller enn utviklande.

For meg som lærar er læringa til eleven det viktigaste, ikkje kontroll, men med kunstig intelligens i frislepp mistar me likevel ein kontroll som me treng å ha, nemleg kontroll på kvaliteten. Utan ei kollektiv og objektivisert kvalitetsforståing som individet kan vurderast etter, blir sanning relativisert ytterlegare i retning av personleg meining, og argumentasjon ytterlegare i retning av slagord og reklame. Då fell grunnlaget vekk mellom anna for ein opplyst offentleg samtale, som me alle er avhengig av. Den er vaklevoren nok som han er.

Roar Ulvestad er lektor i norsk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis