JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

I spagaten

Eg gjorde eit forsøk på å få ChatGPT til å gi meg eit treningsprogram for å komme ned i spagat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
t.h. ChatGPT har mange treningstips, men det kan fort bli for mykje og for intrikat. (Skjermdump frå ChatGPT 4o). t.v Personleg trenar har noko for seg. Det blir rett og slett meir personleg. (Foto: Berit Roald / NTB)

1838
20240607
1838
20240607

Det er mogleg å bruke kunstig intelligens som treningspartnar, du må berre vere presis i det du matar maskinen med. Å skrive «eg vil ha betre kondis» er for vagt. Den kunstige trenaren må vite kva fysisk form du er i, kva du skal bruke kondisen til, og eventuelle skavankar du har – her er endeleg nokon som vil høyre om sjukdommane dine.

Eg gjorde eit forsøk på å få ChatGPT til å gi meg eit treningsprogram for å komme ned i spagat. Maskinen gjev meg konkrete øvingar, men det er vanskeleg å forstå dei berre ut frå teksten. Når eg spør om han har video av øvingane, viser han meg lenker til nettstader. Det blir for krevjande å klikke og styre. Viss ein har minimal treningsbakgrunn, har ein heller ikkje heilt peiling på om ein gjer øvingane rett, trass i videoen. 

Her kan ein trekke trådar til Debatten i NRK 4. januar 2024, som handla om kva som er den beste treninga, og kven ein bør søke treningsråd hos. Debatten sprikte til alle kantar, frå all trening er god trening, til påstandar om at bloggarar og kommersielle som gjev feilinformasjon om trening, er helsefarlege. Tydelegast var han frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet som meinte at det var éin treningstype som gjaldt for betre folkehelse, nemleg 4x4 minutt løpsintervall. Økta er forska på, og me veit at ho fungerer. Enkelt og greitt, i alle fall for dei som er mentalt i stand til denne type trening to gonger i veka.

Ved å bruke ChatGPT som trenar hamnar ein i essensen av denne debatten. Det blir for mykje ord og surriball for å komme seg ned i spagaten, og ein kan lett hamne på villspor. 

Då er det betre å ringe ein fagperson som faktisk kan vise øvingane. Bonusen er menneskeleg kontakt. 

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis