JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kven eig KI-kunsten?

Kunstig intelligens er i rivande utvikling, og i rusen er det tydelegvis lett å gløyme dei lovene som regulerer opphavsrett.

I 2023 gjekk dette bildet til topps i ein høgthengande fotokonkurranse. Fotografen Boris Eldagsen sa frå seg prisen og avslørte at det var laga med kunstig intelligens. Han hadde sendt inn bildet for  å synleggjere kor lett det er å la seg lure.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2056
20240531
2056
20240531

Kommentar

I det siste året har det dukka opp mange alvorlege søksmål frå kunstnarar, aviser og bildebyrå mot firma som brukar KI-generatorar til å lage digitale bilde på basis av alt som ligg på nettet. Så langt har Getty Images fremma det desidert største søksmålet. Som den verdsleiande leverandøren av bilde hevdar Getty at millionar av bilda deira, trass i at alle er merkte med vassmerke, er misbrukte for å trene opp bildegeneratorane til firmaet Stability AI. I vederlag krev Getty den fantastiske summen 1,8 milliardar dollar. Verda følgjer med spenning med på denne saka. Om Getty når gjennom med krava sine, vil det få enorme konsekvensar for KI-firma.

Lovlandskapet kring KI-genererte bilde er enno svært uoversiktleg, og nye lover er i ferd med å verte utvikla. Dette er heilt nye problemstillingar. Det er berre tre år sidan tekst-til-bilde-generatorar som Dall-E vart tilgjengelege og gjorde at folk verda over kan lage realistiske bilde og kunstverk ved å skrive inn ein enkel tekst som skildrar det dei vil ha laga.

Såleis hastar det å få på plass lover, ikkje minst for å trygge åndsverka til kunstnarane. Samstundes gjer vi lurt i å følgje nøye med på korleis det nye lovverket vert formulert, for her er det lett å hive barnet ut med badevatnet. I alt hastverket med å få nye forordningar på plass kan det lagast lover som ikkje berre sikrar kunstnarar kontroll over arbeida – dei kan samstundes true måten frie, kreative prosessar har utfalda seg på gjennom heile kunsthistoria. Det å skape på basis av det andre har gjort, er sjølvsagt ikkje noko nytt. Det er berre ein myte at kunstnarlege geni syg det heile av eige bryst. Kunstnarar har til alle tider vore avhengige av å sanke inspirasjon frå mange kjelder for å skape noko nytt.

Det er viktig å ta vare på retten til å låne, tilpasse og sitere. Denne fridommen er heilt avgjerande for at kunsten kan utfalde og utvikle seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis