JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ukrainsk haust – eple og maneter

Det er underleg, men krigens skrekk og gru har ikkje avskaffa «leike»-redslene knytte til halloween – eit importert kulturprodukt som slo rot i Ukraina seint i 1990-åra og er vorte populært blant dei unge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange Kyiv-buarar som ikkje hadde for vane å gå på museum før krigen, gjer no eit poeng av å sjekke kva museum som er opne i helgene.

Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB

10510
20221028
10510
20221028

Halloweendekor er no ettertrakta handelsvare som kan liknast med juletrepynt. Og samstundes med at alle medium i Ukraina er fulle av visuell krigsgru, har blodige plasthovud, gigantiske spindelvevar og anna halloweenutstyr dukka opp på hyllene i somme butikkar. Viktigast blant desse gjenstandane er eit nytt produkt: «Putins likkiste».

Desse kistene vert no selde i Kyiv ved Zjitnij-marknaden i Podil. Det dreier seg om ei vanleg likkiste i full storleik med namnet til Putin skrive på lokket og ein merkelapp der det står «suvenirlikkiste». Seljarane seier at kistene vert kjøpte av restaurantar som satsar på kundar som vil feire «skrekkhelga» med ein god middag. Eg ønskjer verkeleg at skrekk-halloween ikkje vert avløyst av verkeleg russisk skrekk – iranske kamikazedronar og missil.

Å arrangere utflukter og festar under ein krig er kontroversielt, men naudsynt. Det hjelper med å minske stress. Mange Kyiv-buarar som ikkje hadde for vane å gå på museum før krigen, gjer no eit poeng av å sjekke kva museum som er opne i helga. Khanenkov-museet – Kyivs største samling av europeisk målarkunst – laut stengje etter at alle vindauga i den historiske bygningen vart blåste ut av eit missil og erstatta med finerplater.

Museet for medisinsk historie, som ligg i ein annan del av byen, er i drift. Og, sjølvsagt, det finst eit museum for levande maneter på Sjølvstendeplassen. Det ligg under jorda og kunne godt ha tent som bomberom. Det er eit privat museum, og eigaren er openbert ein underleg skrue som elskar sjeldsynte, levande maneter. Museet husar den største, om ikkje den einaste, samlinga av sjeldsynte, levande maneter i Ukraina.

Eg har aldri besøkt dette museet, av noko som kan verke som ei absurd årsak. Lokaliseringa – eit stort underjordisk område midt i sentrum av byen – var tidlegare det største offentlege toalettet. Da det vart stengt, gjorde det meg rasande. Og da det vart erstatta av eit privat manetmuseum, tenkte eg det måtte vere ein slags spøk.

Seinare har det dukka opp to store offentlege toalett i nærleiken, i den svære underjordiske supermarknaden, så lufta har gått ut av indignasjonen min. Da Museet for levande maneter kunngjorde at det var gratis inngang for soldatar, forsvann alle negative kjensler eg måtte ha hatt for museet. Son min, Theo, var der i nesten to timar i halvmørket og såg på dei sjeldne manetene som var lyssette bakfrå og som sumde i store akvarium innbygde i veggene.

Eg ser for meg at folk i militæret kan like dette museet. Ei kort stund kan dei senke seg ned i ei verd millionar av kilometer vekk frå krigen.

Pussig nok assosierer eg maneter med hausten. Til liks med sopp og gule blad. Eg veit ikkje korleis slike assosiasjonar dukkar opp. Kan hende er det berre fordi det er haust no og blad – gule og raude – alt fell frå trea og dekkjer grunnen i hagar og på vegar i landsbyar og byar.

Denne hausten heng det mange uplukka eple i frukthagane. Også i hagane ved dei øydelagde husa i Donbas og i det sørlege Ukraina, og hagane til dei levande innbyggjarane i den delen av landet som er fri for okkupantane.

Og i landsbyen min, Lazarevka, heng vintereple framleis på trea. Det er òg mange av dei i hagen vår, og vekta av dei har brote greiner på epletrea. Vi har flust av eple og valnøtter i hagen i år. Den eldste sonen vår har sendt oss bilete av epletre og bøtter med nøtter. Hagen har grodd att under fråværet vårt, og det skal mykje arbeid til for å få skikk på han. Kona mi, Elizabeth, fyller flasker med eplemost til vinteren frå morgon til kveld. Vi har òg ein elektrisk frukttørkar som vi lagar epleskiver med, til den spesielle ukrainske drikken uzvar, som særleg høyrer jula til.

Førre veka byrja borna å gå på den lokale skulen igjen. Før det hadde dei hatt nettundervisning i to veker. Den seinaste iranske dronen flaug over taket på det landsens huset vårt for snart ti dagar sidan. Sidan har livet i landsbyen vendt attende til den vanlege tralten.

Alle dei fire butikkane i landsbyen er fulle av varer, og ferskt brød vert levert kvar dag.

Nyleg kunne ein høyre gravferdsmusikk i nabolandsbyane. I Kostsivtsi, Stavisje og Morozivka gravla dei soldatar som vart drepne medan dei forsvarte landet sitt.

Tjuefem menn frå vår landsby kjempar i krigen mot Russland, alle er i live. Landsbybuarane snakkar ofte om dette, og krossar seg straks. Dei ber stilt om at det må halde fram slik – at dei alle kjem levande heim att. Eg kjenner nokre av soldatane frå landsbyen vår, men eg veit ikkje kva frontparti dei kjempar i. Det er heller ikkje meininga at du skal spørje slektningar om dette – det er statsløyndom og ikkje eingong foreldra skal vite det.

Igjen er det fleire barnerøyster å høyre i landsbyen – unge familiar frå Kyiv har flytta inn hos slektningar i Lazarivka – slik dei gjorde under pandemien. Etter dei siste granatåtaka på Kyiv verkar livet i landsbyen tryggare. Born frå Kyiv får fjernundervisning, og det er få foreldre som tenkjer på å vende attende til storbyen i næraste framtid.

På underleg vis er provet på at livet i landsbyen og regionen er normalisert, at kriminaliteten er attende på det tidlegare nivået. Det ser ut til å skje over heile landet. Igjen er det bilkapring, auke av tjuveri og ran. Til og med i Lazarivka var det nyleg ein politirazzia, og nokre vart arresterte.

Tolv unge gutar frå området vart arresterte for å ha organisert eit falskt bemanningsbyrå. Dei gav seg ut for å kunne skaffe ukrainarar arbeid i utlandet. Dei bad om forskotsbetaling for å syte for papirarbeidet, og så forsvann dei.

Det som overraska mest, var at han som stod bak dette kriminelle opplegget, var son til venen vår, eigaren av ein av kolonialbutikkane i landsbyen, og altså ingen fattig mann. Eg hugsar sonen som ein gut som hjelpte foreldra sine. Det verka som han brukte all fritida si bak disken i butikken. Fleire av dei mistenkte er sleppte fri mot kausjon medan saka vert granska, men bakmennene – inkludert sonen til butikkeigaren – sit i varetekt medan dei ventar på resultatet av etterforskinga og på rettssaka. Dei kan få opptil tolv år i fengsel.

Dersom dette hadde skjedd i Russland, ville dei arresterte truleg fått valet mellom å slåst i Ukraina og å sitje i fengsel. Slik er det ikkje i Ukraina nett no, men det har vore diskutert om det skal vere mogleg for folk som er fengsla, å melde seg som frivillig til den ukrainske hæren.

Sonen til butikkeigaren i landsbyen vår fann kundane til svindelen sin på nettet. I ein krig vert nettenester viktigare – dei verkar tryggare og meir lettvinte. Folk stolar meir enn nokon gong på slike tenester. Når det er skremmande å gå ut, er det betre å bestille varer frå butikkar som leverer til heimen. Det finst alltid nokon som ikkje er redde for å bringe bestilte varer heim til folk.

Det er uråd å overvurdere den frykta og det stresset som plagar folk i Kyiv og andre byar no. Vår ven Svetlana som nyleg returnerte til Kyiv frå Bulgaria der ho hadde vore i seks månader, tenkjer igjen på å pakke bagen og ta buss attende til Bulgaria. Ho hadde falle mentalt til ro, men missil- og droneåtaka den andre veka i oktober fekk ho attende til det forferdelege marerittet ho opplevde i februar i år.

For kort tid sidan drap krigen ein kar eg kjende frå Kyiv – rektoren ved Hrinsjenka-universitetet, Viktor Ognevjuk. Han var 63 år gamal. Det var ikkje ein iransk drone eller eit russisk missil som tok livet av han. Han skaut seg med pistol. Han etterlét seg ein beskjed om at han ikkje kunne leve slik lenger.

Eg vil gjerne tru at ukrainarar ikkje er redde for døden, og heller ikkje for russisk aggresjon. Men dette stemmer ikkje alltid.

Musikaren Lesja Aleksandrov, min gamle ven og nabo, gjekk bortover ei av dei vakraste gatene i Kyiv, Jaroslavov val, sist tysdag, da luftvernsirena tok til å lyde igjen. Han såg folk i full fart forlate kafeane, som stengde. Berre i den lokale venleikssalongen gjekk alt som før, og den tilsette i venleikssalongen heldt fram med å gje kunden sin manikyr. Ein skulle tru at venleik er viktigare enn døden!

Trass i dei nye trugsmåla går livet i Kyiv vidare med avbrot for luftåtak og straumstans. McDonald’s-restaurantane opnar igjen, og reisebyrå tilbyr nye former for rekreasjon som ikkje gjer det naudsynt å forlate Kyiv eller Ukraina. Ved sida av ein heller kostbar ferie på Bali har reisebyrået Bodotravel eit tilbod til par om eit avansert kurs i smedarbeid ved senteret for etnografisk kultur, Mamajeva Sloboda.

Ein profesjonell smed vil lære par å smi ulike gjenstandar av metall. Paret kan ta med seg heim det dei lagar. Dette smedkurset har brått vorte populært, kan hende fordi det vert assosiert med forsvaret av Mariupol og særleg Azovstal – stålverket.

Sidan da har orda stål og metall blitt synonyme med den ukrainske viljen til å forsvare landet sitt mot russisk aggresjon. Det er mange som no kjøper armband av stål produsert ved det store Azovstal-verket, som no er øydelagt av den russiske hæren. Pengane for armbanda går til den ukrainske hæren. Alt går til hæren no. Og hæren merkar det.

Ukrainarar, også dei som lever som flyktningar i utlandet, har blitt ein del av den ukrainske hæren. Trass i stresset, frykta og problema som er skapte av krigen, tenkjer dei meir på Ukraina enn på seg sjølve, og følgjer heile tida nyhenda frå fronten, same kvar dei er. Kvar ukrainar har ein visjon om si eiga frontline og kor langt denne frontlina er frå han eller henne personleg. Kvar framgang den ukrainske hæren har mot grensa til Russland, gjer ukrainarar lukkelegare og gjev håp om ein snarleg slutt på krigen.

Berre TV-ekspertar freistar med jamne mellomrom å døyve dette håpet. Dei vil ikkje at folk skal tru på ein kjapp og lett siger. For dersom ein slik siger ikkje kjem, kan vonbrot og nytt stress drive folk inn i depresjon, og ikkje eingong tre timar i Museet for levande maneter kan hjelpe dei attende til ein normal sinnstilstand.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var ikkje ein iransk drone eller eit russisk missil som tok livet av han. Han skaut seg med pistol.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis