JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Stråmannen og skjermen

Tida då ein kunne bruke middelklasseforeldra si frykt for å ikkje vere på lag med framtida til å drive fram digitalisering i skulen, ser ut til å vere over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5714
20230526
5714
20230526

Der meir enn tre middelklasseforeldre er samla på éin stad, kan du vere heilt sikker på at det snart oppstår ein diskusjon om vår digitale kvardag.

Det kan starte med utveksling av anekdotar. Veit du kva dei gjer på skulen til barna mine? Har du høyrt at… Og så får ein historia om poden som skulle gjere digital mattelekse, men som viste seg å sitte på YouTube. Om barna som speler i timen, og om læraren som tilsynelatande ikkje legg merke til det.

Om seksåringar som får utdelt nettbrett, som skuleverket insisterer på å omtale som læringsbrett. Eigentleg er det iPadar, der det ikkje er mogleg å installere filter for upassande innhald. Det er mange som sit med kjensla av at noko ikkje er som det burde vere i skulen.

Møtte ministeren

Facebook-gruppa «Opprop for mindre skjermbruk i barneskolen» har i skrivande stund 18.000 medlemer. Denne veka møtte initiativtakaren til gruppa, Siri Sjøgren Selmer, og skodespelaren Ane Dahl Torp, som i lang tid har vore engasjert i barn og skjermbruk, utdanningsminister Tonje Brenna. I førre veke demonstrerte gruppa framfor Stortinget. Dei fekk også plass i Debatten på NRK.

Spørsmålet er viktig. Og det er lett å spore av og gjere spørsmålet om skjermbruk i skulen til ein stråmannsdiskusjon. Nokre lærarar er lei av å bli gjorde til skyteskive for alt som ikkje fungerer blant barn og unge i dette landet. Dei svarar gjerne at vi brukar pedagogiske verktøy, ikkje TikTok.

Andre stemplar nettbrettkritikarane som kunnskapslause nostalgikarar, har dei ikkje fått med seg at digital kompetanse kom inn i læreplanane alt i 2006? Og så har ein dei som går rett i kulturkrigsmodus, slik som Morten Søby, mannen som leia det som var Senter for IKT i utdanninga fram til det vart lagt ned i 2015.

I eit intervju i Morgenbladet, der Søby vart presentert som cyberpunkaren som digitaliserte norsk skule, sa han at «middelklasseforeldrenes skjermangst» var det største problemet.

I forsvarsmodus

Lærarane som går i forsvarsmodus, er ofte dei dyktige. Dei fortel om god, relevant bruk av digitale plattformer. På nettsida til Utdanningsdirektoratet kan ein lese at digitale ferdigheiter er å kunne hente inn og behandle informasjon og å vere skapande og kreativ med digitale ressursar. Det å utvikle såkalla digital dømmekraft og ha gode strategiar for nettbruk er også del av dei digitale ferdigheitene skulen skal gi elevane. Og det er nok ikkje mange som ikkje trur at dette er nyttig kompetanse både i dag og i framtida.

Foreldrefrustrasjonen kjem i mange former. Djupast sett handlar det ikkje om at vi har fått ei ny rørsle av ludittar. Eg trur det er ein reaksjon på den reelt eksisterande skjermbruken slik han utspeler seg i norsk skule i dag.

Vi snakkar om høge ideal som møter røynda. Dette handlar om langt meir enn anekdotar og vandrehistorier. Det handlar om systematiske problem som har fått skure og gå. Det handlar om manglande bruk av filter mot potensielt skadeleg innhald. Om bruk av Google og YouTube, verksemder som samlar inn data og driv målretta marknadsføring – også mot barn, i undervisninga. Det handlar om barn som møter flimrande reklamebanner når dei skal gjere skulearbeid.

I fjor åtvara Personvernkommisjonen om at manglande nettvett i skulesektoren kunne føre til at barns personopplysningar kjem på avvegar eller blir ei handelsvare for internasjonale teknologiselskap. Dei bad om strakstiltak.

Dårleg koordinert

Grensene mellom skule og reinspikka tull blir lett viska ut med nettbrett. Å halde på konsentrasjonen i ei flimrande digital verd høyrer med til den digitale kompetansen barna treng. Diverre ser det ut til at mange skular har lagt seg på ei linje som er like formålstenleg som å legge undervisninga i faget mat og helse til ein smågodtbutikk.

GrunnDig, som vart laga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og publisert i fjor, slo fast at digitaliseringa i skulen har gått raskt, og at ho i liten grad har vore koordinert. Då rapporten vart lagd fram, sa ein av forskarane at «det i norsk skole mangler en grunnleggende innsikt om den pedagogiske praksis og bruk av digitale enheter». Det er nok dette som er rota til mange av systemproblema.

I GrunnDig-rapporten går det fram at mange lærarar slett ikkje er fornøgde med dagens situasjon. Eit fleirtal ønsker fleire papirbaserte læremiddel. Utdanningsforbundet har også åtvara om skular som vel skjerm framfor papir av økonomiske grunnar.

15 prosent av dagens ungdomar brukar så mykje som seks timar framfor skjermen. Kvar dag. Samstundes les norske tiåringar dårlegare enn før. Det går fram i den nyaste rapporten om den internasjonale leseundersøkinga PIRLS. I vinter slo akademikarar alarm om dei svake leseferdigheitene – og den manglande konsentrasjonsevna – hos dagens studentar.

Sist veke skreiv Dag og Tid om den nye digitaliseringsstrategien for skulen og barnehagen. Der står det at innføring av nye «digitale kunnskapsløsninger må være kunnskapsbaserte». Kunnskapsministeren skal opprette eit skjermbruksutval som blant anna skal finne ut kva skjermtida betyr for konsentrasjonsevna til barna, for søvnkvalitet, trivsel, psykisk helse og for læring. Statsministeren lova nyleg 120 millionar ekstra til kjøp av bøker til skulen. Målet var å få ned skjermbruken i skulen.

Ei ny digital tid ser altså ut til å vere i emning. Kanskje vi endeleg kan diskutere kva digital kompetanse norske barn faktisk treng å ha, og kva som må til for at dei skal lære det?

Astrid Sverres­­dotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis