JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russland lærer sjeldan

Det som skjedde eitt minutt over midnatt fyrste nyttårsdag i Donbas, seier det meste om det russiske samfunnet og dei russiske militære.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein prest leier ein seremoni etter at russiske soldatar vart drepne i Makijivka 1. januar i år.

Foto: Albert Dzen / Reuters / NTB

6516
20230106
6516
20230106

I ein skulebygning i byen Makijivka i Aust-Ukraina hadde russiske offiserar installert fleire hundre ferske rekruttar, dei fleste frå Volga-distriktet. I den same bygningen ser det ut til å ha vore eit ammunisjonslager. Svært mange av mennene som var stuva saman, hadde med seg mobiltelefon. Nyttårsaftan sat dei og ringde heim til slekt og vener.

Dei ukrainske etterretningsfolka kan ikkje ha hatt noko problem med å lokalisera den store samlinga med militært personell. Då Himars-rakettane blei fyrte av frå ukrainskkontrollert område, blei skulebygningen i Makijivka ei dødsfelle. Skal ein tru ukrainske kjelder, blei 400 drepne, mens 300 vart såra. Russland hevdar på si side at 89 vart drepne.

Brotne reglar

Det heile såg ut som ei gjentaking av det som skjedde då den enorme russiske panserkolonnen i februar–mars i fjor var på veg mot Kyiv: Mens krigsherren sjølv, Vladimir Putin, stod fram som den suverene herskaren med total kontroll over alt og alle, braut russiske militære alle reglar for krigføring som ein kan lesa ut av kvar lærebok i militær taktikk. Om ein sender panservogner fram, må ein alltid senda med infanteri og oppklaringseiningar, står det å lesa. Fordi dei russiske generalane braut denne regelen, kunne ukrainske motstandsfolk øydeleggja den eine panservogna etter den andre.

Nesten utruleg var det at dette likna på ein av dei mest illgjetne militæroperasjonane som Russland har gjennomført, nemleg den i Tsjetsjenia nyttårshelga 1994–95. Store panserkolonnar gjekk då inn i byen Groznyj. Heller ikkje dei hadde med infanteri og oppklaringsfolk. Meir enn 200 stridsvogner og pansra køyretøy blei øydelagde, og 7000 russiske soldatar blei drepne, såra eller sakna. Skulda låg hos ei arrogant russisk militærleiing.

Tilsvarande veit alle at ein aldri må innkvartera altfor mange soldatar i same bygning, og ein må ikkje ha eit ammunisjonslager vegg i vegg. Framfor alt må ein ikkje la dei unge gutane sitja og ringja med mobiltelefon, slik at ein motstandar kan lesa kvar teletrafikken kjem frå.

Alle desse svært enkle reglane blei brotne av den russiske hæren i nyttårshelga. Resultatet blei at ukrainarane kan ha utsletta mest ein heil bataljon, i eitt einaste åtak. Mange overraskande ting har hendt til no etter at Putin sette i gang invasjonen av Ukraina 24. februar i fjor. Men dette er nok den mest spektakulære hendinga i krigen så langt.

Alt heilt perfekt

Korleis er det mogleg for dei russiske militære på dette viset å bryta alle grunnleggjande reglar, både dei som er nedskrivne i militære lærebøker, og dei som fylgjer av alminneleg sunn fornuft? For alle som har levd ei stund i Russland, er det ikkje så merkeleg. Noko av det som ein fyrst legg merke til, er at når ein russisk sjef står fram for undersåttane sine, då er alle ting på plass. Høgtalaranlegget verkar, talene kjem som perler på ei snor, orkesteret spelar og dei unge jentene og gutane som er henta inn for det spesielle høvet, dansar som om dei skulle ha vore profesjonelle frå Bolsjojteateret.

Den som berre ser på denne fasaden, kan tru at alt i det russiske samfunnet fungerer heilt perfekt. Men så syner det seg at dess lenger ut og ned ein kjem i ein organisasjon, dess større er kaoset. Korrupsjon og unnasluntring finn ein stort sett overalt. Endå meir overraskande er neglisjeringa av risiko og mangelen på tenking kring tryggleik og sikring.

For ein vesterlending er dette vanskeleg å forklara, men årsaka er mest sannsynleg at alt ansvaret ligg i toppen, hos den sjefen som alt tilsynelatande fungerer perfekt for. Dei folka som står under sjefen, har korkje ansvar eller makt. Dei handlar på ordre, og det er sjeldan det kjem ordre om å fylgja opp det me i Vesten kallar HMS – helse, miljø og tryggleik.

Fråskrive ansvar

Utanlandske gjestande kunne for fleire hundre år sidan konstatera korleis russiske tenestemenn fråskreiv seg ansvar. Så lenge den autoritære samfunnsstrukturen held seg, vil dei som er lengst nede i maktpyramiden, sitja og venta på instruks om kva dei skal gjera. Difor går det ofte gale, både på den sivile og den militære sida av det russiske samfunnet.

Ukraina har ei lang historie saman med Russland og har sjølvsagt vore plaga av det same. Gjennom dei siste åra, med demokratisering av sivilsamfunnet og meir ansvarleggjering av dei militære frå toppen og ned, har ukrainarane blitt mindre utsette for denne typen ulukker. Utan tvil er det noko av årsaka til at den ukrainske staten held fram med å eksistera under presset av det russiske militærapparatet.

Opprydding etter at den mellombelse bustaden til dei russiske soldatane i Makijivka vart bomba av ukrainske styrkar.

Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB

Kven har skulda?

Noko av det som blir mest interessant å fylgja med på i tida som kjem, er om den russiske militærleiinga syner seg i stand til å ta lærdom av det som skjedde i Makijivka. Sannsynlegvis er svaret nei. I staden har det – også på typisk russisk vis – i ulike russiske kanalar vore ein flaum av skuldingar mot ulike instansar. Fleire av dei såkalla militærbloggarane – folk som ofte sterkt støttar den russiske krigen i Ukraina – legg skulda på offiserane som braut heile rekkja med elementære reglar.

Det russiske forsvarsdepartementet meinte på si side at styresmaktene i den såkalla Folkerepublikken Donetsk, det vil seia dei russiske marionettane, har ansvaret. Andre, mellom dei det offisielle nyhendebyrået Tass, legg skulda på soldatane som sat og ringde heim på nyttårsaftan. Dei fleste av dei er jo som kjent døde, slik at dei ikkje kan stillast til ansvar.

Mest påfallande er det at ingen – absolutt ingen – i den russiske bloggsfæren legg skulda på krigsherren sjølv, nemleg Vladimir Putin. Det er også typisk: Samstundes som mannen på toppen er allmektig og styrer alle under seg, har han aldri noko ansvar når noko går gale. Då må ein leite etter skuldige lenger nede, og aller enklast er det å leggja skulda på dei som aldri har hatt noko å seia, og som no ikkje er i stand til å heva røysta.

Slik var det under tsarane, og slik var det under kommunistane. Diktatoren Josef Stalin tok avgjerder under den andre verdskrigen som kosta millionar av sovjetiske soldatar livet. Å kritisere Stalin var sjølvsagt forbode, og dei siste åra har Vladimir Putin innført lover som gjer det ulovleg sjølv i vår tid å blottleggja den ofte katastrofale krigsleiinga til Stalin. Det blir interessant å sjå om Putin blir like godt behandla i ettertid.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis