Essay

Ny religionskrig i gamalverda (1)

Spørsmålet er ikkje om det blir krig i Europa, det er krig. Drivkrafta bakanfor er no som før rivaliseringa mellom stormaktene, nasjonalistisk galenskap og politisert religion, hevdar Kaj Skagen i dette essayet.
 

President Vladimir Putin og Moskva-ordførar Sergej Sobjanin vitjar ei påskegudsteneste i Kristus Frelsarens katedral i den russiske hovudstaden 5. mai 2024.
Publisert Sist oppdatert

I Monsteret vaknar

I fjor vår varsla den tyske etterretninga om at ein russisk framgang på slagmarka i Ukraina kunne lokka Putin til nye militære eventyr, til dømes eit åtak på Suwalki-korridoren gjennom Litauen og Polen til den russiske enklaven Kaliningrad ved Austersjøen, Sovjet-basen bygd på dei utbomba leivningane av Kants by, det prøyssiske Königsberg, som no berre finst på gamle bilete.

Det ville ha vore eit åtak på to Nato-land, og det hadde utløyst ein ny storkrig i Europa. Det dreidde seg om eit «scenario», eit slags krigsspel der ein ser for seg eit mogeleg forløp av ein konflikt. Den tyske etterretninga lak spelet sitt til den tyske pressa, der det vart lagt vekt på tidspunktet: Sommaren 2024 kunne oppbygginga til krigen ta til, alt i 2025 – altså i sommar – kunne storkrigen vere i gang.

Den danske militære etterretninga laga i fjor ein liknande rapport der eit russisk åtak på Nato-landa vert rekna som meir sannsynleg for kvart år som går – det kan skje innan 2029. Britiske tryggingsekspertar meiner at Russland kan gå til åtak på oss alt i 2027.

«Om krisen eller kriget kommer» er tittelen på ein brosjyre den svenske regjeringa sende til alle husstandar i landet i 2024. På omslaget ser vi born med ulik etnisitet i ein paradisisk barnehage der ei vaksen dame les høgt for dei. I framgrunnen står ei anna vaksen dame, militært kledd og med automatgevær, vaktsamt blikk og fingeren på avtrekkjaren. Ho vaktar den svenske idyllen, truleg mot russiske atomrakettar.

Inne i brosjyren får svenskane vite at det er best dei gjer seg klare til «det värsta – ett väpnat angrepp». Med utheva skrift erklærer den svenske regjeringa at om nokon går til åtak på landet, «kommer vi aldrig att ge upp», og at alle opplysningar om at motstanden skal opphøyra, «är falska». Svenskane vert minte om at kvar borgar mellom 16 og 70 år er «totalförsvarspliktig» og må lyde ordre under krig. Landet kan også råkast av atomvåpen, men her er trøysta at «efter ett par dagar har strålningen minskat kraftigt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement