Samfunn

Det er ei skam

Det er ei skam korleis sårbare vitne og offer i Høiby-saka har blitt behandla. Vi har sett eit uverdig og absurd teater utspele seg. Det bør føre til endring av rettspraksisen, lova bør endrast.

Fotografar og journalistar i medias res under rettssaka mot Marius Borg Høiby i sal 250 i Oslo tingrett i vinter.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen har lyd:

I Noreg er det ein regel at bevis skal leggjast fram munnleg før ein person vert kjend skuldig eller uskuldig. Ein gong for lenge sidan, før skrivemaskiner var noko alle eigde, og før folk visste kva ein telefon var, bestemte nokon at dei som dømmer i retten, ikkje skal trenge å lese dokument.

Høiby-saka

Siste dag i rettssaka mot Marius Borg Høiby var 19. mars.

Oslo tingrett hadde akkreditert oppunder 200 journalistar frå 50 mediehus for å følgje saka.

Første veka i retten blei det publisert over 1500 saker.

Offer i saka seier at den detaljerte rapporteringa er ei urimeleg og stor belastning.

Alt som kan prove skuld eller uskuld, skal framførast live i rettssalen. Tanken er at ei open, munnleg og direkte framføring hindrar samansverjingar og hemmeleghald.

Alle som har kika inn på «live-dekninga» av straffesaka mot 29-åringen Marius Borg Høiby, forstår at det er ei ekstrem belasting å vere vitne, offer eller tiltalt i denne saka.

Det er ei skam, dette, og det trong ikkje vere slik. Mediedekninga er ein funksjon av måten sakshandsaminga i norsk rett er lagd opp på. Rotårsaka er ikkje å finne i redaksjonane. Ho finst i dynamikken som blir skapt av ein ureformert og avleggs rettstradisjon, mangel på innsyn og sjølvsagt villfaren journalistisk dekning, feil og tabbar.

Påstand: Hadde vitna kunna velje, så hadde dei valt det vekk. Altså ikkje rettferda, men følgjene av at rettferda skal «bli oppfylt» på denne måten som blottlegg dei fullstendig.

Las opp 800 sider

Det er måten bevisføringa skjer på, som skaper problema. Det er slik i Noreg at dommarane ikkje skal ha kunnskap om saka før ho kjem i retten. Samstundes skal alle vi andre lære noko om moral og om kva vi kan gjere og ikkje gjere. Ein rettsprosess og ein dom skal verke allment førebyggjande slik at når «Nils» sit i senga med ei sovande «Solveig» ved sida av, så held han fingrane unna både dama og kameraet på mobilen.

Generelt i retten: Vi som er meddommarar får alltid beskjed om at alt vi har høyrt om saka på førehand, skal gløymast. Det er berre open rett som gjeld. Der skal alle bevisa leggjast fram. Det er slik sanninga om saka skal oppstå, og det vert kalla «direkte bevisføring».

Det Marius Høiby skreiv til Nora Haukeland, er eit sentralt bevis, meiner politiet. Dei ynskjer å dokumentere overgrep i ein nær relasjon. Dette skreiv Marius til Nora:

«Jeg kommer til å sparke ned døra hos Sophie Elise hvis ikke du svarer med en fuckings gang. Du ringer meg nå.»

«Hører du hva jeg sier?»

«HVA FAEN ER GALT MED DEG?»

Absurd teater

Sitata er henta frå VGs «live-dekning». Det er politietterforskar Mina Bankerud som saman med kollega Fredrik Bolme les opp det politiet har valt ut. Totalt er over 800 sider med meldingar lesne opp i retten. Dette er den viktigaste bevisføringa frå påtalemakta, og den må vere direkte og derfor munnleg.

Påstand: Hadde vitna kunna velje, så hadde dei valt det vekk. Altså ikkje rettferda, men følgjene av at rettferda skal «bli oppfylt» på denne måten som blottlegg dei fullstendig.

Det er vanskeleg å forstå at ho faktisk er munnleg. Meldingane er alt skrivne ned. Betjentane les dei jo opp frå arka sine. Det retten skal vurdere, er tekst «filtrert» gjennom to politibetjentar og deira oppleving av innhaldet. Kva gjer det med sanninga?

For å poengtere det absurde endå tydelegare: Kvifor er det ikkje slik at Marius Høiby sjølv og Nora Haukeland les meldingar mot kvarandre? Ville det gagna sanninga betre?

La oss gå andre vegen og tenkje at eg, som dommar i saka, hadde fått tekstane til gjennomlesing. Eg kunne førebudd meg til rettsdagen. På kva vis hadde det gjort meg til ein dårlegare dommar?

Illusjonen om heilskap

Det skumle her, og no skriv eg både som meddommar og journalist, er at «nokon» har valt ut kva dei vil vise meg. Nokon, ofte aktor, men også forsvarar, har redigert informasjonen som vert lagd fram for å styrkje ein tiltale eller auke ein tvil.

Ein forsvarar skal ha rett til innsyn i etterforskinga, men ein dommar eller ein journalist har berre tilgang til det som skjer i rettssalen. Der kan det bli lese frå «dokumentutdrag», som det heiter.

Dommaren kan ha dokumentutdraget i hendene medan bevisføringa føregår, for så å måtte levere det frå seg att. Oftast er den såkalla «direkte bevisføringa» altså ei opplesing av skriftleg materiale. Gjerne støtta av eit vitneavhøyr. Eit dokumentutdrag i hendene på ein dommar kan vere ei lita lefse. Vi får aldri sjå heilskapen.

Altså eksisterer eigentleg alt som skjer i retten, på papir. Det er skriftleg. Vi berre læst som om det ikkje er det. Illusjonen om direkte bevisføring brest i møtet med eit vell av SMS-ar, meldingar, bilete og lydopptak.

Dialog blir monolog

Som meddommar, som ein vanleg person med empatien skrudd på og banneret med uskuldspresumsjonen rulla ut, følgjer eg godt med når eg er i retten.

Eg ser på ansiktsuttrykk, fakter, kjensletilstandar. Eg søker å få tak i innhaldet i bevisa, men meldingane er mange. Dei er skrivne i affekt, med ironi, sarkasme og sinne. Når dei vert lesne opp i dette rommet, lausrivne frå samtalen dei var ein del av, oppstår noko anna. Ein dialog mellom to menneske forsvinn. Teksten mistar konteksten sin.

Ideen er altså at dommarane ikkje skal lese bevisa. Dei skal høyre dei. Dei skal sjå vitna. Dei skal sjølv oppleve forklaringane. Eg trur faktisk at vi er ute etter sjølve katarsis: sanninga i ei plutseleg og overveldande erkjenning. Prinsippet har vore udiskutabelt.

Historisk forklaring

Det er ei historisk utvikling som ligg til grunn. Prinsippet om munnleg og direkte framlegging av døme oppstod ein annan stad i Europa på slutten av 1700-talet.

Før den tid dominerte dei såkalla «inkvisitoriske prosessane». Vitne vart gjerne høyrde av embetsmenn. Ei forklaring vart nedskriven i protokoll, og retten avgjorde på grunnlag av dokumenta.

Protokollane kunne manipulerast, og dommarane dømde på grunnlag av referat frå avhøyr dei sjølv ikkje hadde delteke i. Dødsstraff vart ofte brukt. Systemet vart avkledd, kritisert og endra i opplysingstida.

Å forstå sanninga

Den moderne rettsstaten voks fram med nye ideal. Den dag i dag framstår prinsippa som garantiar for rettstryggleik. Dei var gode og nødvendige, og dei styrkte rettstryggleiken då dei kom, men verda var utan digitale arkiv og utan millionar av tekstlege spor frå den daglege kommunikasjonen mellom menneska.

Ei etterforsking gjev enorme mengder dokumentasjon. Framleis ter vi oss som om sanninga oppstår i rettssalen. Det er som å freiste å stappe ein amerikansk president tilbake på flaska.

«Sanninga», eller forteljinga om kva som skjedde, oppstår i etterforskinga. Ho oppstår når politiet samlar, sorterer og tolkar materialet. Trua på sanninga vert ført vidare når aktor vel kva utdrag som skal leggjast fram i retten. Når meldingane til slutt vert lesne opp, er dei ein del av eit narrativ. Dei er altså alt redigerte i ei rekkjefølgje, inn i ei forteljing.

Retten møter ikkje røynda. Retten vert kjend med ein kuratert versjon av henne, og slik må det vere! I retten der sanninga skal fram, må nokon meine at dei kjenner røynda. Etterforskarane gjer berre det dei skal, men kvifor gje inntrykk av at sanninga kan skapast i rettssalen, når det sentrale er at ho skal forståast i rettssalen? Kvifor halde fram med det absurde teateret.

Eit læringspunkt

Baneheia-saka viser at rettssalen ikkje alltid er staden der sanninga vert oppdaga. Ho kan like gjerne oppstå langt seinare – i stille lesing av dokument.

Når store mengder tekst skal presenterast munnleg i retten, skjer fleire ting: Kompleks informasjon vert redusert, samanhengar går tapt, merksemda til dommarane vert broten ned over tid.

Ein rettsdag kan altså innehalde timar med opplesing. Etter kvart flyt meldingar og hendingar saman. Dommarane sit att med fragment. Dei har nokre eigne notat, men ingen dokument dei kan konferere med når tvil skal handsamast.

I rettssalen under Baneheia-saka, nyleg dokumentert av Rui-utvalet i ei offentleg utgreiing (NOU 2026: 3 Straffeforfølgelsen av Viggo Kristiansen), framstod bevisa i mange år som meisla i stein. Vitneforklaringar, politiets rekonstruksjon av hendingsgangen, mobilbeviset og DNA-spora gav inntrykk av samanheng og sikker kunnskap, men i gjenopptakinga endra forståinga av bevisa seg.

Det avgjerande er kvar denne innsikta oppstod. Ho oppstod ikkje i rettssalen. Ho oppstod då juristar og journalistar las dokumenta. Slike dokument, avhøyrsprotokollar, tekniske rapportar og etterforskingsmateriale bør frigjevast for offentleg innsyn i det ein tek ut tiltale i ei sak.

Då kan retten ta omsyn til sårbare offer i trygg forvissing om at dommarane likevel får djup kjennskap til innhaldet av det dei har lese sjølv. Bladfyk i redaktørstyrte medium likeins.

Ei utfordring

I Baneheia-saka var det mangel på notoritet (at bevisa kan etterprøvast), og det var ingen kritisk tilgang til dei påståtte og «kuraterte» bevisa. Kven kunne eigentleg utfordre narrativet til politiet når dei sjølv redigerte forteljinga om hendingsforløp, skuld og bevis? Slik var det også i Liland-saka, som førte til opprettinga av Gjenopptakingskommisjonen.

I dag er det vanskeleg å forstå kvifor dommarar ikkje skal kunne lese sentrale dokument før hovudforhandlinga. Ein skriftleg prosess vil styrkje rettsvernet. Det vil òg kunne spare vitne og offer for slike belastningar vi nett har vore vitne til.

Den redaktørstyrte pressa har vidareformidla dette live. Det var ikkje anna å vente. Dei seriøse kunne jo halde seg vekke, seier du kanskje, men kva då med det kritiske blikket og den allmennpreventive effekten?

Eit innsyn før rettssaka starta, ville lagt inn ei presseetisk handsaming av etterforskingsmaterialet i forkant. Det kunne ha beskytta vitne og offer i større grad enn det vi no har vore vitne til.

Ting som skjer live, er fagetisk noko av det mest kompliserte å handtere i media. Som journalist med nyhendeerfaring torer eg påstå at prosessane ville vore tryggare og meir skånsame om dokumenta med dette materialet hadde vore utdelte på førehand, gjennomgått og vurderte før publisering.

Eit nytt steg

Dette inneber sjølvsagt ikkje at munnleg bevisføring skal avskaffast. Kontradiksjon er framleis heilt sentralt, men den dokumentbaserte delen av saka må kunne behandlast som det han er – skriftleg.

Ein mogleg modell kunne vere:

  • Dommarar og publikum, gjennom redaktørstyrte medium, får tilgang til det sentrale dokumentmaterialet før hovudforhandlinga.
  • Partane leverer skriftlege utgreiingar.
  • Tida i retten vert brukt til å bore i forklaringar og avklare fakta. Bevisavklaringa og bevisforståinga vert betre, og det vert mogeleg å etterprøve saka, dermed aukar notoriteten.

Då vil rettssalen igjen bli staden der tvilen vert prøvd – ikkje staden der enorme tekstmengder vert framførte som høgtlesing.

Den munnlege straffeprosessen vart utvikla for å verne borgarane mot ei hemmeleg og skriftleg statsmakt. Det var ei nødvendig reform i inkvisisjonens tid. Strafferetten må utvikle seg saman med røynda han skal handtere.

Det kan vere på tide å stille spørsmål, ikkje om retten skal bli meir skriftleg, men om han alt er det.

Vi berre læst som om han ikkje er det.