Kommentar

Ny religionskrig i gamalverda (2)

Det vestlege synet på Russland som det vonde, i trua på at vi sjølve er det gode, legg ikkje grunnen for fred, men for meir krig.

Publisert Sist oppdatert

IV

Sjakkbrettet

Nett slik ein bakanfor Vladimir Putin finn ideologar som Aleksandr Dugin, med eit utarbeidd verdsbilete som vil forklara Russlands plass i verda og lovprisa krig som middel til nasjonal atterreising, finn vi i baklandet til amerikanske presidentar historikaren og ideologen Zbigniew Brzezinski. Han spelar noko av den same rolla i amerikansk politikk som dei reaksjonære filosofane Ivan Iljin og Dugin i Russland, berre at dei to sistnemnde er meir idémessig enn fysisk til stades i maktkrinsane, medan Brzezinski har vore nær knytt til fleire amerikanske regjeringar.

Slåande vert denne parallellen ved at Brzezinski som Dugin er eurasianist og meiner at «den som rår over Eurasia, rår over verda». For Brzezinski vil dette seia at USA, for å kunna halda på plassen sin som verdas dominerande supermakt, lyt hindra framvoksteren av ei konkurrerande eurasisk makt. I fyrste rekkje er det då Russland som må haldast nede, men òg Kina.

Korkje russiske eller amerikanske ideologar av Dugins eller Brzezinskis slag har hendene sine rett på maktas spakar. Det er ikkje slik at tenkjarane og rådgjevarane dikterer politikken til stormaktene. Men dei tek del i forminga av det mentale klimaet som politiske og militære avgjerdstakarar lever og handlar i. Ikkje sjeldan finn ein tankane til ideologane att i den faktiske politikken til regjeringane både i Russland og USA.

Zbigniew Brzezinski (1928–2017) vert i dag rekna som den viktigaste strategen for amerikansk utanrikspolitikk i det førre hundreåret, ved sida av Henry Kissinger. 

Zbigniew Brzezinski møtte fredsprisvinneren frå 1973, Henry Kissinger, og direktør ved Nobelinstituttet Olav Njølstad til samtale i Universitets aula i Oslo i desember 2016.

Han var som nemnt knytt til amerikanske regjeringar, nemleg som rådgjevar i ulike posisjonar heilt frå Lyndon B. Johnson i 1960-åra til 2000-åra med Barack Obama, som i ein tale i 2007 kalla Brzezinski «ein av dei ypparlegaste tenkjarane våre».

Denne posisjonen hindra ikkje Brzezinski i å verta ein skarp kritikar av amerikanske presidentar etter Sovjetunionens oppløysing i 1991. I boka Second Chance (2007) hevda han at Bill Clinton og George W. Bush, trass i Nato-bombinga av Jugoslavia i 1999 og krigane i Afghanistan og Irak, hadde late vera å nytta sjansen til å etablera ein varig amerikansk geopolitisk leiarskap. I motsetnad til dei nykonservative i Bush-administrasjonen, som helst ville sikra USAs interesser i Midtausten, var Brzezinskis fokus på Russland.

Etter Brzezinskis meining stod Russland i 1990-åra overfor valet mellom «eit vonlaust prosjekt om å vinna att statusen sin som verdsmakt» og ei «modernisering» og «desentralisering» jamsides med økonomisk marknadsfridom. 

Han såg føre seg ei «laus føderalisering» av Russland i «eit europeisk Russland, ein sibirsk republikk og ein fjernaustleg republikk». Denne oppdelinga ville tena Russlands økonomiske og politiske utvikling – det vil seia at landet ville verta meir vestleg – samstundes som USA ville verta kvitt ein global konkurrent, ein vinn-vinn-situasjon for heile verda.

Det er lenge sidan begge partane i denne snart hundreårige konflikten snakka om «fredeleg sameksistens».

Ukraina står sentralt i Brzezinskis strategi for å vestleggjera Russland, nett som i Putins strategi, der kontrollen over Ukraina er vital for å sikra og utvida Russlands grenser. Såleis har russisk og amerikansk stormaktspolitikk ulike mål, men sams middel: nemleg å trekkja Ukraina inn i sin eigen militære, økonomiske og politiske sfære. Begge meiner sjølvsagt at dette er til det beste for alle partar.

Og som hos Dugin tek Brzezinski utgangspunktet sitt i tenkinga om Eurasia som sjølve det «sjakkbrettet der striden om verdshegemoniet vert spela». I boka The Grand Chessboard (1997) skriv han at «dominansen over det eurasiske kontinentet er ein føresetnad for å vera fremst i verda».

Brzezinski kallar Eurasia eit «sjakkbrett» og peikar på Ukraina som eit av dei aller viktigaste felta på brettet. I The Grand Chessboard skriv han: «Ukraina, eit nytt og spanande felt på det eurasiske sjakkbrettet, er ein avgjerande plass fordi berre eksistensen av Ukraina som sjølvstendig land bidreg til omforminga av Russland. Utan Ukraina opphøyrer Russland å vera ei eurasisk stormakt. (...) Men om Russland tek att kontrollen over Ukraina (...), vinn dei automatisk attende høvet til å verta ein mektig imperiestat som strekkjer seg over både Europa og Asia. (...) Det er verkeleg slik at Kievs rolle styrkjer argumentet for at Ukraina er den kritiske staten når det gjeld Russlands eiga utvikling.»

Slik er Ukraina – «grenselandet» – ikkje berre plassert mellom vest og aust, men ligg ulukkeleg til der amerikanske og russiske imperiale interesser overlappar kvarandre. For sterkt amerikansk nærvær i Ukraina, anten direkte gjennom Nato-medlemskap eller indirekte gjennom tilknyting til Vest-Europa, utløyser alarmane i Kreml.

Dette prekære i Ukrainas historie og geopolitiske plassering stod klårt for politikarar og diplomatar i førre generasjon. Ei lang rekkje politikarar, diplomatar og ideologar – mellom dei Brzezinski sjølv, Kissinger og Kåre Willoch – rekna med at Nato-utvidinga austover etter 1991, særleg lovnaden om å gje Ukraina medlemskap, kunne få den kalde krigen til å gå over til ein varm krig. Men oppløysinga av Sovjetunionen gjorde at den kalde krigen gjekk i gløymeboka før han var over.

Ukraina-krigen har historiske røter i den kalde krigen etter 1945 og oppløysinga av Sovjetunionen i 1991. Men denne kalde krigen var ikkje berre ein kamp mot eit totalitært styresett og for fridom og demokrati, men samstundes ein ideologisk, økonomisk og militær strid om verdshegemoniet, og dette hegemoniet omfattar kulturell innverknad. Denne striden tok ikkje slutt i 1990-åra, men heldt fram som ein strid mellom vestmaktene under leiing av USA, retta mot det nye Russland etter kommunismens fall.

Den såkalla sjokkterapien med innføring av marknadsøkonomi i Russland, og utvidinga av Nato austover, kan sjåast som ein lekk i denne striden. Russlands omslag frå den mislukka freistnaden på å verta vestleg i 1990-åra til å stå fram som eit slags moderne einevelde under Putin, lèt seg ikkje skjøna berre som maktutfaldinga til ein diktator. I tillegg dreier det seg om russisk motstand mot amerikaniseringa av samfunnsliv og kultur. Det vi ser under Putin etter konflikten om Nato-utvidinga, er eit nytt kapittel i den gamle russiske boka om kampen mot Vesten.

Russlands attendegang til kulturell tradisjonalisme og ortodoks kristendom vert av mange oppfatta som ein utvendig reiskap til å gje makta eit ideologisk grunnlag. 

Det kan vera, for makta spelar sjølvsagt alltid inn. Men for at makta skal kunna finna ein basis i folkesetnaden, lyt ho finna strenger som faktisk finst i den nasjonale kulturen og tradisjonane. Heller ikkje Putin kan knyta ein russisk nasjonalidentitet til russisk kristendom, om dette ikkje har ein eller annan klangbotn hos russarane.

Jamvel den sovjetiske kommunismen fann ein slik klangbotn i dei russiske tradisjonane om kollektive verdiar, medkjensle og livsalvor, slik ein ser dette eksistensielle og i botnen grunnkristne innslaget i den store russiske litteraturen frå Aleksandr Pusjkin over Fjodor Dostojevskij og Lev Tolstoj til Boris Pasternak og Aleksandr Solsjenitsyn.

Denne vekta på dei kristne tradisjonane plasserer no Russland i same posisjon til Vesten som i den kommunistiske epoken. Slik vestleg demokrati, marknadsfridom og individualisme under den kalde krigen stod rakt imot russisk kommunisme og kollektivisme, står dagens amerikaniserte, liberal-radikale popkultur, kjønnsideologi og konsumideal rakt imot den russiske freistnaden på kulturell konservatisme og sjølvstende frå individsentrerte og kommersialiserte ideologiar.

På same viset inntek den høgrepopulistiske opposisjonen i Vesten same posisjon som dei vestlege kommunistmiljøa under den kalde krigen. Slik som kommunistane hos oss kjende seg nær Sovjetsamveldet som ein annan moderstat, kjenner vestlege populistar sympati for det attendeskodande og illiberale Russland. Høgrepopulistiske rørsler som det franske Rassemblement national, det ungarske Fidesz og Donald Trumps Maga kjenner slektskapen med dei nye herrane i Kreml. Dermed representerer Putins Russland ikkje berre statsleiing tufta på mafiaprinsipp, men òg eit trugsmål mot universaliseringa av liberale samfunns- og livsverdiar med røter i USA.

At striden mellom vest og aust, mellom USA og Vest-Europa på den eine sida og Russland på den andre sida, også er ein «kulturkrig», ser ein av at Trump-sigeren i USA-valet i fjor mildna motsetnaden mellom USA og Russland, medan motsetnaden mellom Russland og det liberale Vest-Europa vart styrkt. Ein ny motsetnad i vesterlanda, no mellom det populistiske USA og det kulturradikale Europa, vart synlegare.

Under motsetnaden mellom USA og Sovjetsamveldet i den kalde krigen, og mellom det liberale Vesten og det illiberale Russland i dag, ligg ein djupare skilnad mellom austleg og vestleg kultur og sinnelag. 

Når denne skilnaden vert politisert, oppstår det eit slags teokrati, slik at kulturkrigen vert væpna og går over i regulær krig på slagmarka. Men krigen om landområde er overflata, under ligg ideologien som drivande kraft, og det vi ser, er yttersida av ein religionskrig. 

I Ukraina sender ikkje kulturkrigarane skjellsord til kvarandre, men rakettar, granatar og dronar.

Dei religiøst grunngjevne oppfatningane som dei krigførande partane har av kvarandre som «vonde» og «sataniske», legitimerer krigen, som jo er «dei godes krig» mot «dei vonde», slik begge partane ser det. Den vestlege oppfatninga av Sovjetunionen og seinare av Russland som «det vondes imperium» gjer det til ei moralsk plikt å omforma Russland til ein vestleg nasjon eller isolera og destabilisera landet.

I dette vestlege perspektivet er utvidinga av Nato austover og inn i Ukraina ikkje berre eit forsvar for vestlege land, men òg ein kamp for det gode i verda. For oss handlar det ikkje berre om folkeretten og nasjonalt sjølvstende, men om å stå imot vondskapen i verda. For amerikanarane handlar det om globalt hegemoni, men med eit sjølvbilete som «det gode» på jorda, slik at det amerikanske imperiet vert ein slags civitate dei, ein gudsstat.

Men snur vi perspektivet og ser på hendingane austanfrå, frå Kreml og Moskva, ser vi Nato-grensene som land for land kjem nærare Russland, som i eit sakte felttog. Sett frå europeiske land i vest, særleg dei baltiske statane og landa i det gamle Aust-Europa, dei som låg i den sovjetiske interessesfæren, bakanfor jarnteppet, kan det synast opplagt at Nato-tilslutninga er sjølvforsvar.

Men for Putin er det rimeleg å rekna utvidinga av vestleg makt innover i det gamle sovjetiske området som eit trugsmål mot Russlands sjølvstende. Om den russiske makteliten ikkje ser for seg eit direkte militært åtak vestanfrå, kan dei umogeleg sjå vekk frå at aukande økonomisk og kulturelt press kan føra til ei vestleggjering av Russland som i deira augo er noko av det same som underkasting.

Den vestlege retorikken kan styrkje denne oppfatninga, om han no er rett eller ikkje. I Forbundsdagen i juli i år sa den nye tyske kanslaren Friedrich Merz at Russland har «eit kriminelt regime som er på veg til å øydeleggja den politiske fridomsordninga i heile Europa». 

Den kjende historikaren og journalisten Robert Kagan jamførte nyleg Trumps freistnad på å få i stand ein fredsavtale i Ukraina med Chamberlains naivitet overfor Hitler i München i 1938. Dimed sette han Putin i Hitlers rolle, ei etisk legitimering av regimeskifte i Russland med militære middel. 

På ein konferanse i Tallinn i 2024, berre månader før ho tiltredde som ordførar for EUs utanrikspolitikk, gjekk Kaja Kallas, den tidlegare statsministeren i Estland, inn for å bryta opp Russland i ei rad småstatar.

Kaja Kallas, til høgre for Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, var i møte med president for Europarådet Antonio Costa og EU-kommisær Marta Kos i EU i Kyiv i Ukraina i december 2024.

Det er lenge sidan begge partane i denne snart hundreårige konflikten snakka om «fredeleg sameksistens». Jarnteppet er flytta lenger aust og har vorte frontline.

Men den aller største endringa er at motstandarane på kvar side av det nye jarnteppet har endra karakter. I Sovjetunionens stad har vi fått Putins Russland. 

Og der vi før hadde USA, vert det litt etter litt eit tomrom som dei demilitariserte europeiske Nato-landa skal fylla gjennom opprusting i stor skala. 

Utviklinga kan i verste fall gå mot krig mellom Russland og resten av Europa, med USA på sidelina som godt betalt våpenleverandør.

Den heilage Jørgen (Georg) og dragen på eit russisk ikon frå tidleg 1500-tal.

V

Kort­spelet

Krigen i Ukraina kunne ha vore unngått. Men då måtte Nato-landa for lenge sidan ha satsa på ein nøytral status for Ukraina og kulturelt sjølvstyre for russisk-språklege regionar i landet, og halde seg attende frå altfor sterke inngrep i ukrainsk politikk og militær oppbygging.

For Ukraina stod valet heile tida mellom ei «finlandisering» som kunne ha roa Russland ned, og ein krig som til no har kosta kring éin million drepne og lemlesta menneske, ei uoverskodeleg rekkje krigsbrotsverk, millionar på flukt frå Ukraina, millionar i livslang sorg over tapte eller skadde ektefellar eller born, varig øydelegging av tilhøvet mellom vest og aust i Europa, og ei opprusting og opptrapping som kan føra til ein større krig om få år. 

Prisen for ein ukrainsk utanrikspolitisk suverenitet i høve til Russland, med Nato-medlemskapen som målsetjing, kan i verste ulukkesfall verta den endelege øydelegginga av Europa gjennom ein ny storkrig.

Før vi kjem så langt, vil russarane truleg freista å ta heile Donbas-området og Svartehavskysten, slik at Ukraina vert til ein krigsherja rest av seg sjølv, utan tilgang til sjøen. Då vil Russland ha sikra seg posisjonar som ikkje vil kunna takast attende utan ein mykje større krig.

Den einaste som kanskje kunne ha stansa krigen, var den amerikanske presidenten Donald Trump, då han i den fyrste fasen av kranglinga si med Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj oppfatta krigsscena om lag på same vis som Robert Kennedy jr. og den amerikanske politologen John Mearsheimer: på eine sida gje russarane det dei alt hadde teke og litt til, og på hi sida halde all stønad til ukrainarane attende om dei ikkje gjekk med på ein slik audmjukande avtale.

Kan det verkeleg verta krig att? På alvor? For oss?

Då Trump i februar skjelte ut den ukrainske presidenten i Det kvite huset, rett for augo på ei forbløffa verd, lét han i alle fall subjektivt overtydd då han utbraut: Du leikar og spelar med tredje verdskrig, men du er utan kort!

Rett var dette då det vart sagt, for Trump sat med alle korta, han rådde over den militære etterretninga og våpenforsyningane som heldt den ukrainske hæren så vidt over vatnet. 

Utskjellinga av Zelenskyj skapte inntrykk av at den amerikanske presidenten såg på Ukraina-krigen som så farleg for verdsfreden at han ville tvinga Ukraina til å godta ei fredsløysing på russiske premissar.

Trump trudde Ukraina-krigen var ein marknadsplass der ein kunne handla seg fram til fred, medan alle dei andre aktørane var geopolitiske eller nasjonalistiske aktørar. 

Han undervurderte både Putins krigsvilje og Zelenskyjs vilje til å halda ut. Alle ville kjempa, også dei europeiske Nato-landa, berre dei slapp å stå i bomberegnet. Trump var korthandlar, dei andre sjakkspelarar på Brzezinskis brett.

Litteraturliste

Mark Sedgwick, «Occult Dissident Culture. The Case of Aleksandr Dugin», i The New Age of Russia: Occult and Esoteric Dimensions, München 2011.

Mark Sedgwick, Against the Modern World. Traditionalism and the Secret Intellectual History of the Twentieth Centurt, Oxford 2004.

Mark Sedgwick, «Alksandr Dugin's Traditionalist roots», Studies in East European Thought, 2025.

Michel Eltchaninoff, Inside the Mind of Vladimir Putin, Hurst & Company, London 1918.

Michel Eltchaninoff, «Putin som politisk filosof», Information 19. juli 2014.

Alexander Dugin, «Herman Wirth and the Sacred Proto-language of Humanity in Search of the Holy Grail of Meanings», i Dugins bok om tradisjonalismen, Moskva 2002.

Jafe Arnold, «Thinking in Continents: Hyperborea and Atlantis in René Guénon's Conception of Tradition», Academia.edu 23. juli 2018.

Zbigniew Brzezinski, The Grand Chessboard – American Primacy and its Geostrategic Imperatives, New York 2016 (1997).

Erik Krag, Kampen mot Vesten i russisk åndsliv, Oslo 1932.

Per-Arne Bodin, «Moskva – Tredje Rom», Vagant 13. januar 2022.

Vadislav Surkov, «Bastardens ensomhet», 14. juni 2018

Marlene Laruelle, «TheIuzhinskii Circle: «Far-Right Metaphysics in the Soviet Underground and Its Legacy Today», i The Russian Review 74/4, oktober 2015, s. 563–580.

Ulrich Schmied, «The New Third Rome: Readings of a Russian Nationalist Myth», Skando-Slavica, 2017.

«Massenformierung des Weltbewusstseins», intervju med Hauke Ritz (Paul Schreyer), i Multipolar 18. juli 2022.

Peter Normann Waage, «Det nye russlands ideolog», VG 30. august 2015.

Bjørn Ditlef Nistad, «Å løse Russlands gåte – Nikolaj Berdjajevs publistikk under første verdenskrig», Nordisk Østforum, 23(4) 2009, s. 373-389.

Etter månader med diplomati, tilmed møte med Zelenskyj i Peterskyrkja og med Putin på amerikansk jord, kasta Trump endeleg korta i ei sarkastisk melding på sosiale medium. Med ein ironi mange ikkje hadde tiltrudd Trump, spela han overtydd om at Ukraina med hjelp frå EU kan vinna attende alle tapte territorium, til og med Krym, og at eit russisk økonomisk og militært samanbrot er å venta i nær framtid. 

«Eg ønskjer båe landa lukke til», avslutta han i same parodiske stil, «vi vil halda fram med å forsyna Nato med våpen, og Nato kan gjera med dei kva dei vil. Hell og lukke til dykk alle!»

Sagt rett ut: Vi prøvde å handla med dykk, men de ville ikkje. Men vi amerikanarar vil ikkje ta del i nokon ny europeisk krig, og slett ikkje nokon krig med Russland. Vi har andre interesser. De får slåst vidare utan oss.

Russland krev ukrainske territorium, ukrainsk nedrusting, russisk som sidemål i Ukraina, deltaking i tryggingsgarantiane, alt i alt mest det same som under ein full ukrainsk kapitulasjon, og dei krev dette fordi dei trur det vil verta resultatet av ein krig som held fram i Ukraina. Dei europeiske Nato-landa krev full ukrainsk suverenitet og utanrikspolitisk handlefridom, Nato-styrkar i Ukraina som fredssikrande styrkar, og dei vil ikkje formelt overgje ukrainsk territorium til Russland. 

Dette kan dei gjera fordi dei trur at med ein krig som held fram, med europeisk opprusting og amerikanske våpen i Ukraina, så kan dei til slutt vinna krigen.

Det vil seia at det ikkje vert fred i Ukraina før den eine av dei to krigførande partane har sigra totalt.

Frontane i krigen flyttar seg sakte, men sikkert vestover. Med auka stønad frå Nato-landa kan det halda fram slik i årevis, om ikkje det ukrainske forsvaret brått bryt saman på grunn av mangel på mannskap.

Russland kan ikkje gje opp krigen om ikkje Ukraina bøyer seg for krav dei finn umogelege; Ukraina lèt seg ikkje tvinga av amerikanarane, sidan dei europeiske landa er viljuge til å ta plassen til amerikanarane. 

USA vil ikkje ha krig med Russland og trekkjer seg attende til rolla som nøytral våpenhandlar. I denne fastfrosne og blodige stillingskrigen skyt opprustinga til himmels både i USA, Russland og resten av Europa, og krigsstemninga legg seg over oss som ei brå og skremmande klimaendring.

Medan hundretusenvis av soldatar og sivile vert drepne, skal no amerikansk våpenindustri køyra det reimar og tøy kan halda. 

Alt det USA kan produsera av våpen, skal så fraktast til Europa, men ikkje som gåver. Nei, det massive våpenarsenalet skal seljast for marknadspris til dei europeiske Nato-landa. 

Vi skal betala dyrt, Noreg òg; du, kjære lesar, skal betala, for Noreg er alt om bord. 

Så skal dei europeiske Nato-landa gje dei dyrekjøpte våpena til Ukraina.

Fylgja av alt dette kan verta at europearane og russarane skal halda fram med å drepa kvarandre, kanskje i årevis. Ikkje ein einaste amerikansk soldat skal døy for oss, og ingen amerikansk president skal mekla mellom oss. Vi skal slåst mot Russland åleine. 

Det gamle og dekadente Europa har endeleg funne noko å tru på. We will die on this hill, men vonar å sleppe unna med skremsla.

Kan det verkeleg verta krig att? På alvor? For oss? 

Kan det vera at Gud, historia eller slumpen held si hand over oss? For i Europa har det vore heit eller kald krig sidan la belle époque, åra frå 1871 til 1914, mellom den fransk-tyske krigen og fyrste verdskrigen. Men sjølve dette omgrepet syner at slike lange periodar prega av fred, kulturell bløming og økonomisk velstand er så sjeldsynte unnatak at dei får eigne namn.

Og kor ven var denne epoken, dersom venleiken dekte over avgrunnen som opna seg i dei store verdskrigane? Var det teknikkens og økonomiens framgang, vunne gjennom system som lét einskildmennesket – dette individet som tilsynelatande vart sett høgast av alt – kverve til inkjes i kulturindustrien, masseproduksjonen, pengetenkinga og straumlineforminga av alt indre liv, slik Max Horkheimer og Theodor W. Adorno analyserte opplysingas forfall til krig og totalitarisme? 

Var det sjølve la belle époque som unnfanga og bar fram barbariet i storkrigane?

Tvillaust ligg storkrigen latent i konkurranseprinsippet som det moderne økonomiske livet er tufta på. Den franske filosofen og mystikaren Simone Weil (1909–1943) skriv i eit essay frå 1933 at kimen til krig ligg i det økonomiske systemet til det moderne samfunnet, der sjølve vareproduksjonen er ei kampform med sikte på herredøme i marknaden.

Ein annan filosof, russaren Nikolaj Berdjajev, seier i ei bok frå 1939 at «krigen har sin føresetnad i ein særleg mental atmosfære som ofte kan oppstå på umerkeleg vis, og sjølv redsla for krigen kan skape ein atmosfære som er gunstig for krigspolitikken». 

Også i fredstid og under fredsvenlege regime, skriv Berdjajev, bur våpenprodusentane seg på komande krig, og berre førebuinga fremjar krigen.

I den mon det er noko rett i tankar som dette, er det ikkje freden, men krigen som er det moderne samfunnets naturlege tilstand. Fred vert då noko som lyt kjempast fram, rakt imot dei ibuande tendensane til krig og atter krig. 

Det er difor den nye krigsstemninga og krigsviljen i Europa er så trugande.