Kommentar

Trump overtek Cuba: Revolusjonen er slutt

Det store paradokset er at Donald Trump kan verta den presidenten som opphevar heile embargoen som Obama ikkje fekk Kongressen med på å avslutta.

Ein gut leier hestar mellom haugar av brennande søppel i Havanna 13. mars. Søppelet kan ikkje lenger samlast inn og køyrast vekk, etter at USA har blokkert tilførsla av olje til øya.
Publisert Sist oppdatert

For nøyaktig ti år sidan, i mars 2016, kom Barack Obama med heile familien sin til Havanna – den første USA-presidenten som hadde vitja øya sidan 1928.

Han kom som ein ven, og han vart teken imot som ein ven av president Raúl Castro. Familien vart møtt med heiarop på kvart stopp under byvandringa i gamlebyen i Havanna. Som Obama sjølv skreiv: «Cubanarar har stilt seg opp langs gatene for å ynskja oss velkomne, og det er rørande å vera den første amerikanske presidenten på nærare 90 år som vitjar eit folk berre 145 kilometer frå kysten vår.»

Han møtte optimistiske cuentapropistas, små sjølvstendig næringsdrivande som i ly av Raúl Castros reformer så smått hadde byrja å utfordra den tunge statsøkonomien i landet. Obama heldt den direktesende talen sin til det cubanske folket i det vakre og nyrestaurerte Gran Teatro, med Raúl Castro på fremste rad. Han avslutta med orda «Todos somos Americanos» – «vi er alle amerikanarar» – før han drog på baseballkamp for å sjå begge lands nasjonalsport saman med Raúl.

Veka etter publiserte storebror Fidel frå sjukesenga ein heilsides ironisk artikkel i partiavisa Granma med tittelen «Brother Obama», med spissformuleringa: «Vi treng ikkje imperiet til å gje oss noko som helst.»

Neste månad heldt kommunistpartiet sin 7. partikongress, som i røynda slo full retrett på det vi seinare ville kalla «Havanna-våren». Utanriksminister Bruno Rodríguez, som entusiastisk hadde teke imot Obama, kalla no vitjinga «eit åtak på grunnlaget for historia vår, kulturen vår og symbola våre». Såpass måtte han vel driva av sjølvkritikk for å halda på jobben.

Raúl gjentok ikkje lovprisinga frå førre kongress av blandingsøkonomien i Kina og Vietnam. Sjefen for dei gamle museumsvaktarane, Fidels nære fortrulege José Machado Ventura, vart vald til andresekretær og vaktmeister på vegner av den gamle og snart døyande Fidel. Miguel Díaz-Canel blei klargjord for opprykk til førstearving, både til parti og til stat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement