Kommentar

Mette-Marit er ikkje problemet

Skråsikre mediekommentatorar kan også ta feil.

Kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og kong Harald i Spegelsalen på Slottet som vertskap for kong Philippe og dronning Mathilde av Belgia denne veka.
Publisert Sist oppdatert

«Det viktigaste for oss er å vere omsorgspersonar. Kronprinsessa er alvorleg sjuk og har vore sliten. Så det er berre naturleg og som forventa at det har tatt tid.»

Slik var det kontante svaret til kronprins Haakon Magnus under NRK-intervjuet nyleg, om kvifor det har tatt så lang tid før Mette-Marit har late seg intervjue om Epstein-filene. Og som forventa, sa han altså. Han kom slik – og eg meiner med rette – med ein korreks til dei som har klaga på at det har tatt for lang tid.

«Mindre truverdig»

I kommentatorkorpset var like fullt tonen og forventningane nådelause. Maja Sojtaric i Nordlys sa i ein videokommentar på Facebook 21. mars at intervjuet gjer Mette-Marit «endå mindre truverdig, om mogleg, enn før». Kjetil B. Alstadheim i Aftenposten impliserte at Mette-Marit og kongehuset var uærlege. Han meinte helsa ikkje kunne vere det som låg bak, og spurde: Kvifor var dei ikkje ærlege? (Aftenpodden 20. mars).

Eirin Eikefjord, politisk redaktør i Bergens Tidende, var også svært kritisk i sin kommentar (BT 2. mars). Det fascinerande var den totale naiviteten og den sjokkerande mangelen på rolleforståing, meinte ho. Hadde ikkje Haakon Magnus vore der, ville det blitt totalt havari, ifølgje Eikefjord.

Men kva om Mette-Marit faktisk snakkar sant?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement