Flaggvaktaren

Nok ein gong skapar det norske flagget oppstyr. No er det dei nye landslagsdraktene. Kva er det med dette flagget?

Erling Braut Haaland med flaggdrakta til VM. Heilt feil proporsjonar, meiner flaggvaktaren Trond A. Svensson.
Publisert Sist oppdatert

Det ringer.

– Hallo?

– Har eg kome til flaggvaktaren?

– He-he. Ja, det kan du seie.

Denne veka presenterte Fotballforbundet dei nye landslagsdraktene til fotball-VM i USA, Mexico og Canada, og då blei det bråk og begeistring. Igjen. Nokre kritiserte pris, fargar og utsjånad, og så var det dei som kritiserte flaggbruken. Av dei siste er pensjonert forlagsredaktør i Universitetsforlaget, Trond A. Svensson. Han er også tidlegare gardist og speidar, så er det nemnt. Måndag kveld sat han heime på Nordberg i Oslo og såg Dagsrevyen. Då rykte det i han.

– Eg reagerte på to ting, eigentleg. Det eine er heimedrakta, som er i raudt, kvitt og blått og med eit emblem på venstre side av brystet. Det er nærast eit våpenskjold, og inni der er dei norske fargane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement